Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2024

To document

Abstract

«KAMPEN OM utmarka» var tittelen på den nasjonale temakonferansen som Norsk Bonde- og Småbrukarlag inviterte til på Gardermoen seinhausten 2022. Nett den tittelen var sjølvsagt ikkje tilfeldig, tvert om speglar den kjensla jamt fleire beitebrukarar i utmarka opplever om dagen, dei opplever at det går føre seg ein kamp om kva utmarka er og kva den skal vere. Denne artikkelen handlar nettopp om kva utmarka er. Den handlar om kva me grunnleggande sett snakkar om når me snakkar om utmark. Sagt på ein annan og litt meir filosofisk måte så handlar artikkelen om utmarkas sosiale ontologi og om korleis nett denne ontologien spelar seg ut i den daglege praksisen og forvaltinga av utmarka. Forfattarane argumenterer for at etter fleire tusen år med agrar dominans der jordbrukets interesser og behov har vore mesta einerådande, er det no forskjellige og konkurrerande ontologiar om kva utmarksområda eigentleg er. Med dette melder også spørsmålet seg om me i det heile teke kan og bør snakka om utmark lenger i forvaltning, forsking og politikk. For det kan skjula og tåkelegga, meir enn det klargjer for dei mange konfliktane som finn stad.