Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2011

Abstract

Skade av soppen Sclerophoma sp. er eit relativt stort problem i juletreproduksjonen i Rogaland. Dette heng truleg saman med at det fuktige og milde klimaet der er gunstig for soppen. I smitteforsøk har vi oppnådd tilsvarande symptom som i felt. Vidare indikerar forsøk i laboratorium at fleire soppmiddel kan vera aktuelle å prøva ut i felt mot denne sjukdomen.

Abstract

I 2009 vart det oppdaga at Phytophthora ramorum er årsak til massedød av japanlerk (Larix kaempferi) i sørvest England.  Også andre treartar som veks under eller nær infisert japanlerk vert ramma. Epidemien spreier seg til stadig nye område, og infisert lerk vert no funnen nordover langs heile vestkysten av England og inn i Skottland. Også øya Man og Nord-Irland er ramma. Ein reknar med at epidemien har sitt utspring frå undervegetasjon av sjuk rododendron, som i si tid har vorte smitta frå grøntanlegg. Denne artikkelen rapporterar frå ein rundtur i sørvestre England i byrjinga av april 2011.