Hopp til hovedinnholdet

Snart slutt for askeskogen i Noreg?

Døende trær

Daude og døyande store asketre på overvakingsflata i Norderås. Foto: Volkmar Timmermann

Det har vore ei dramatisk utvikling for askeskogen i Noreg dei siste 14 åra. På svært kort tid har den øydeleggande askeskotsjuka spreidd seg frå sør til nord i landet. Skadeomfanget aukar frå år til år og det er no få friske tre igjen.

I norrøn mytologi var verdstreet Yggdrasil ei ask med greiner over heile verda. Ask er eit av dei treslaga som sist blir grøne om våren. No er det mange asketre som ikkje lenger får blader. Grunnen er askeskotsjuka som truer arten over heile Europa.

Sjukdomen skuldast askeskotbeger – ein invaderande asiatisk sopp som har spreidd seg rekordraskt. Sjukdomen har valda store skadar og høg dødelegheit på den europeiske aska, men soppen forårsakar ingen alvorlege skader på dei stadeigne artane av ask i deira naturlege utbreiingsområde i Aust-Asia.

I Europa har spreiinga blitt godt hjelpe av import og handel med infiserte askeplantar, sjølv om soppsporane kan spreie seg naturleg over store avstandar. I dag er det berre nokre få europeiske regionar igjen som enda ikkje er råka av denne sjukdomen.

Sidan askeskotsjuka blei påvist i Noreg for fyrste gong i 2008, har den herja seg gjennom norske skogar frå Sørlandet, til Aust- og Vestlandet. No har den og råka den nordlegaste askeskogen i Trøndelag. Den årlege Skoghelserapporten frå NIBIO, Skogens helsetilstand i Noreg. Resultat frå skogskadeovervakinga i 2020, viser store skadar og mykje daude tre på overvakingsflater i alle delar av landet.

_dsc0425_askeskuddbeger_fruktlegemer_isabella børja_cropped.jpg.jpeg
Fruktlekamar av askeskuddbeger kan sjåast i skogbotnen på gamle bladstilker ved infiserte tre. Foto: Isabella Børja

Svært skremmande

På dei fem overvakingsflatane på Sør- og Austlandet var 55% av asketrea (230 asketre i alt) friske i 2009 då overvakinga starta. I 2020 var denne delen redusert til berre 11%.

Etter rundt 14 år med askeskotsjuka til stade var 74 % av trea på overvakingsflatene daude, og ytterlegare 7 % var sterkt skadde eller døyande i 2020.

På Vestlandet var delen friske tre på overvakingsflatane låg allereie i 2012 (28 %), og i 2020 var det også her berre 11 % som ble klassifisert som friske.

Delen daude tre nådde 47 % i 2020, i tillegg var 22 % av trea sterkt skadde eller døyande.

– Det er skremmande å sjå spreiinga av askeskotsjuka. Trea døyr sakte men sikkert, seier NIBIO-forskar Volkmar Timmermann, ein av forfattarane bak Skoghelserapporten.

 

Honningsopp er og eit problem

Særleg dei minste trea er utsett, men også dei mellomstore «framtidstrea» er trua. Store tre kan leve lenge med sjukdommen og setter ofte vassris for å motverke tapt lauv, men vil til slutt også døy.

Askeskotsjuka drep ofte toppskota på små og mellomstore tre. Det som skjer er at soppen gjeng inn og stoppar vasstransporten som fører til daude vevsparti i treet. Ein annan joker som også spelar inn er ifølgje Timmermann ein sekundær råtesopp som heiter honningsopp og som går på svekka tre.

– Det er utruleg mange tre som har honningsoppråte i tillegg. Dei ser delvis friske ut i krona, men dett over ende når det blæs fordi honningsoppen har ete røtene. Vanlegvis spreiar sporane askeskotsjuka frå lufta til blada og soppen veks vidare inn i greiner og stammen. Det tek langt tid før eit stort tre døyr. Men vi ser no at sporane også kan angripe stammen direkte gjennom borken utan at det synes i krona. Treet blir svekka i vitale deler i rotsystemet og så kjem honningsoppen inn og då knekk treet når det blæs, seier han. 

Sterk vind hadde i 2018 og 2019 velta fleire store asketre på overvakingsflatane i Fjugstad, Fevang og Urfjell. Det viste seg at dei fleste av desse hadde råte med typiske symptom etter mellom anna honningsopp, men at dei var lite prega av synlege kroneskader, viser rapporten.

Kart1.jpg
Området merka med blått er utbreiinga til ask (Fraxinus excelsior) i Europa (Kilde: EUFORGEN). Årstal indikerer når askeskotsjuke kom til dei ulike landa (Solheim & Hietala 2017a, b).

Kom med import

Ifølgje Timmermann kom askeskotsjuka med importert mandsjuria-ask frå Austen. Der gjer den lite skade anna enn en del bladflekkskadar.

– Den blei med som blindpassasjer på importerte planter til Polen på 1990-talet. Då den blei innført til Europa fann den ein heilt ny vert i europeisk ask og gjekk fullstendig «bananas». Den raske spreiinga skyldast delvis menneskeleg aktivitet, seier skoghelseforskaren.

Han forklarar at sporane i tillegg til å bli spreidd med vinden, også har spreidd seg med import og eksport av planter frå planteskular over landegrenser.

Sidan årsaka til sjukdomen var ukjend i byrjinga, blei det ikkje umiddelbart sett i gong kontrolltiltak som til dømes avgrensing av handel med askeplanter for å forhindre spreiing over landegrense. Fyrst i 2006 ble årsaka funne, ein sopp, og den kom den inn på forskjellige land sine karantenelister over soppar det er forbode å innføre, fortel Timmermann.

– Til Noreg trur vi den kom i 2006, sannsynlegvis med askeplanter importert frå Sverige, men vi veit ikkje nøyaktig. Allereie i 2008 ble askeskotsjuka observert over store delar av Aust- og Sørlandet.

Sidan då har askeskotsjuka spreidd seg jamt og trutt nordover på Vestlandet til Trøndelag. I perioden frå 2008 til 2018 har den registrerte spreiinga variert frå 25 km til 78 km per år. I gjennomsnitt har den spreidd seg 51 km per år.

– I 2018 blei askeskotsjuka påvist i verdas nordlegaste askeskog, Hindrum naturreservat i Trøndelag. Det finst spreidde førekomstar av ask også lenger nord som kan forventast å bli infiserte innan få år dersom spreiinga fortsette med same fart, seier NIBIO-forskaren.

 

Var eit viktig tre

Timmermann fortel at ask i tidlegare tider var eit verdifullt treslag fordi det var fint, fleksibelt og slitesterkt. Langs kysten av Sørlandet og Vestlandet har treslaget blitt mykje brukt til skipsbygging, men også til ski, hjul og reiskapar. Det har også vore populært i parkett.

– Det var nokre skogbrukarar i Vestfold som ynskja å starte med ask i staden for gran, for det var ein del problem med granborkbiller. Men med askeskotsjuka er dette sjølvsagt uaktuelt no, seier han.

 

Samlar frø

Nokre individ taklar likevel sjukdomen. Arveleg motstandskraft mot askeskotsjuke er mogelegvis til stade hos ein liten del av asketrea, og det er difor viktig å bevare ask som er frisk og ikkje minst avkom frå friske tre.

– I Noreg har NIBIO etablert avkomforsøk frå friske tre. Målet er å identifisere motstandsdyktige tre og etablere ei frøplantasje som gjev friske avkom. I tillegg testar vi også ut avkom etter danske, svenske og litauiske tre som har vist ei viss motstandsdyktigheit mot sjukdomen, fortel Timmermann.

15.jpg
Treslag i Norge: Ask
Tre Ask Blom A 25.06.2008_FinnMåge_NIBIO.jpg
Ask har vorte rekna som det mest verdifulle av alle europeiske treslag. Foto: Finn Måge
Fakta om ask

Ask (Fraxinus excelsior) høyrer til i oljetrefamilien. I slekta ask er det på verdsbasis omtrent 43 artar, dei fleste på den nordlege halvkula.

Ask kan bli opptil 200 år, og er eit viktig treslag i edellauvskogen. Den finst langt kysten nord til Sogn og Fjordane og med spreidde førekomstar opp til Nord-Trøndelag. På Austlandet går ask innover i landet opp til Mjøsa og Randsfjorden.

20210824_TIV_0045.jpg
Bilete frå overvakingsflata i Urfjell. Frisk ask ved sidan av døyande tre. Foto: Volkmar Timmermann
Kart2.jpg
Lokalisering av overvakingsflater for askeskotsjuke (grøne punkt) og verifiserte funn av askeskotsjuke pr. 2020 (grå punkt). Spreiinga på Vestlandet og i Trøndelag er markert med raude punkt og årstal.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Skogens helsetilstand påvirkes i stor grad av klima og værforhold, enten direkte ved tørke, frost og vind, eller indirekte ved at klimaet påvirker omfanget av soppsykdommer og insektangrep. Klimaendringene og den forventede økningen i klimarelaterte skogskader gir store utfordringer for forvaltningen av framtidas skogressurser. Det samme gjør invaderende skadegjørere, både allerede etablerte arter og nye som kan komme til Norge i nær framtid. I denne rapporten presenteres resultater fra skogskadeovervåkingen i Norge i 2020 og trender over tid. I den landsrepresentative skogovervåkingen har kronetettheten hos gran og furu holdt seg stabil i 2020 sammenlignet med tidligere år. Det ble registrert lite misfarging hos bartrærne. Skadenivået hos både bartrær, bjørk og andre løvtrær var lavere enn i 2019. Abiotiske faktorer med snø, vind og tørke som de viktigste årsakene dominerte skadebildet hos alle treslag. Kjemiske analyser av luft og nedbør i den intensive skogovervåkingen viser at det fortsatt er høyest verdier av antropogene svovel- og nitrogenforbindelser på den sørligste overvåkingsflata i Birkenes grunnet langtransportert forurensing. Den høyeste konsentrasjonen av nitrogendioksid i luft ble målt på stasjonen i Hurdal i 2020, noe som skyldes utslipp fra veitrafikken i regionen. Det var lave nivåer av bakkenært ozon i Norge i 2020 og ingen overskridelser av UNECEs grenseverdi på 5000 ppb-timer for skog. Vegetasjonsanalysene fra Hurdal har påvist en endring i bunn-vegetasjonens artssammensetning grunnet økt lystilgang og mye barnålstrø. Både hogst utenfor overvåkingsflata og flere skrantende, råteangrepne og døde grantrær i flata har bidratt til økt lystilgang og til større strømengde på bakken. Mange grantrær på flata i Hurdal er sterkt preget av råte med lav kronetetthet og mye misfarging. Flere trær på flata har dødd de seinere årene som følge av råteskader, ofte i kombinasjon med andre faktorer som vindfelling og skader etter tørken i 2018 med påfølgende barkbilleangrep. Overvåking av bjørkemålere har vist at fjellbjørkeskogen både i Nord-Norge og fjellregionene i sørlige halvdel av landet har vært utsatt for betydelige utbrudd av bjørkemålere i løpet av perioden 2012–2018. Overvåkingsdata fra 2019 og 2020 tyder imidlertid på at målerbestandene nå er lave eller i sterk tilbakegang i det meste av landet. I Troms har målerbestandene allerede nådd et bunnpunkt, og bestandene er nedadgående også i fjellet i Sør-Norge. Vi forventer derfor at skogen i mesteparten av Norge vil bli mindre utsatt for angrep av bjørkemålere de neste par årene. De fleste fylkene hadde en økning i fangstverdiene i barkbilleovervåkingen i 2020-sesongen. Alle fangstverdiene var imidlertid under 10 000 biller per felle, mens de høyeste verdiene ved slutten av utbruddet på 1970-tallet var rundt 25 000 biller per felle. Fylkene rundt Oslofjorden hadde noen lokale tilfeller av tørke- og barkbilleskader. Det ble ikke funnet noen tydelig økning av fellefangstene i tiden for en annen generasjon, men modellberegninger viser at stor granbarkbille har nok døgngrader til å gjennomføre to generasjoner før overvintring. I august 2020 ble soppen Diplodia sapinea funnet på sterkt skadet vrifuru i Ås kommune. Tidligere har det blitt gjort noen få funn av soppen på andre bartrearter i det samme området. D. sapinea er vanlig i varmere strøk på flere kontinenter, spesielt på furuarter. De pågående klima-endringene har trolig bidratt til at soppen har kunnet spre og etablere seg mot nord, men vi kan heller ikke utelukke innførsel av soppen via plantemateriale til bruk i grøntanlegg eller skog. D. sapinea er trolig bare i etableringsfasen i Norge, og har til dags dato gjort liten skade på våre stedegne bartrær.....

Abstract

Askeskuddsjuke forårsakes av en liten sopp, Hymenoscyphus fraxineus, på norsk kalt askeskuddbeger. Sjukdommen har i løpet av kort tid spredd seg over store deler av Europas askeskoger. Soppen er en fremmed art som trolig stammer fra Asia hvor den er assosiert med asketrær som er nær beslektet med europeisk ask. Det er særlig unge trær som er utsatt, men også eldre trær kan drepes over tid. Mye er uklart angående hvordan soppen infiserer, men sporene spres med vind til bladene på asketrær. Dersom soppen klarer å vokse forbi bladfestet før bladfall vil den i løpet av vinteren angripe greinene. Typiske symptomer er sår i barken og døde skudd.