Jørn-Frode Nordbakken

Forsker

(+47) 917 25 836
jorn-frode.nordbakken@nibio.no

Sted
Ås - Bygg O43

Besøksadresse
Oluf Thesens vei 43, 1433 Ås (Varelevering: Elizabeth Stephansens vei 21)

Sammendrag

I juli 2025 vart vegetasjonen reanalysert i 13 makroflater (5 × 10 m) i Kloppemyrane og Sørværet naturreservat i Vestland. Oppmerkinga frå 2009 mangla i stor grad, og flatene vart derfor merkte opp på nytt før registreringane. Vegetasjonen vart undersøkt i fem 0,5 × 0,5 m vegetasjonsruter i kvar flate. Målet var å kartleggje tilstand og endringar over 16 år i truga oseaniske naturtypar – atlantisk høgmyr og kystlynghei/nedbørsmyr – og vurdere påverknad frå N-deposisjon, tidlegare inngrep og skjøtsel. Resultata viser generell stabilitet, utan systematiske endringar. Observerte forskjellar skuldast i hovudsak truleg posisjonsavvik grunna ny oppmerking. I Kloppemyrane er artsmangfaldet stabilt, med forskjellar for nokre artar. Flyfoto viser aukande furutettleik sidan 1967, særleg i aust, truleg driven av tidlegare inngrep, klimaendringar og N-deposisjon. Fjerning av grusfylling har gjeve positiv hydrologisk effekt, men hogst og mogleg støv-/næringssig kan utgjere risiko for myrkanten i aust. I Sørværet er var artsmangfaldet høgare i 3 av 6 makroflatar i 2025. Lyngbrenning i vestleg del av reservatet har skapt god suksesjonsmosaikk og beitekvalitet, medan områder i austleg del utan skjøtsel har degenererande, vedaktig røsslyng og lågare beitebruk.