Hopp til hovedinnholdet

Det skjulte livet i askekrona

RVP49423_cropped4
Foto: Siri Elise Dybdal.

Askeskotsjuka trugar norske askeskogar. Dette kan ha følgjer for artsmangfaldet mellom anna for insekt som er avhengige av ask. Men vi veit lite om insekta som har tilhald i ask. Gjennom å gasse asketre slik at insekta dett ned, skal forskarane studere artsrikdommen nærare.

- Då set vi i gong, ropar biolog og insektekspert Karl Thunes frå NIBIO og drar på seg vernemaska. Han er klar til å gasse eit asketre slik at insekta i trekrona skal svime av og dette ned. Forskaren startar opp tåkesprøyta og ei stor kvit sky skyt ut og følgjer stammen opp før ho legg seg rundt trekrona. Spesiallaga nett heng klare til å ta imot fangsten. Og det tar ikkje lang tid før det byrjar å drype småkryp. 


Brukt i Sør-Amerika

Mangfaldet av insektartar i tre er samansett og varierer frå treslag til treslag. Nokre insekt finst berre på eit spesifikt treslag. I tillegg lever det sopp og bakteriar som er assosierte med desse insekta på trea, forklarer Thunes.  

Gassing av tre er ein metode som er mykje nytta for å studere insekt i regnskogen i tropane, men er relativt ny i Noreg. 

- Dette er ein metode vi har tatt frå tropane og tilpassa norske forhold. Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det er slik at mange insekt oppheld seg i trekrona og ved å sende opp eit mildt insektmedel får vi ein «knock-down»-effekt som gjer at insekta dett ned. Metoden gjev eit godt tidsbilete på kva slags artar som er i treet på dette tidspunktet, opplyser NIBIO-forskaren, men legg til at ver og vindforhold vil spele inn på kva ein finn.

 

Nye artar for vitskapen

Tidlegare har forskarane brukt metoden til å undersøke furu og eik på ulike lokalitetar i Noreg.

- På furu fann vi meir enn 100 artar som var nye i Noreg og ni som var nye for vitskapen. På eik var det noko færre artar, men 21 var nye arter som ikkje var omskrivne. Vi kan vere ganske sikre på at ein del av dei vi no har samla frå ask også er artar som ikkje er skildra. Det vi ynskjer å gjere er å kartleggje artsmangfaldet - det skjulte livet. Det store målet er å finne ut kva vi faktisk har av insekt på tre her i Noreg, seier han.

 

Veit lite om ask

Ifølge Thunes er ask eit av trea vi veit minst om når det gjeld insekt:

- Ask har nok ikkje vore sett på som like viktig som ein del andre treslag fordi det ikkje er eit økonomisk viktig tre så som gran, og heller ikkje så artsrikt som eik.

Men ask har kome i fokus dei siste åra fordi den står i fare for å gå sterkt tilbake. Askeskotsjuke, ein asiatisk sopp, har spreidd seg med høg hastigheit i store delar av Europa. No har sjukdomen også fått godt fotfeste i Noreg, og ask er ført inn på den nasjonale raudlista som sårbar.

- Askeskogen er i tilbakegang i Noreg på grunn av askeskotsjuka. Det gjer det endå meir viktig å finne ut kav slags artar som lever i og på ask – og kva slags artar som står i fare for å forsvinne, seier Thunes.
 

Kan finne ressursar for framtida

NIBIO-forskaren meiner vi har ei moralsk plikt til å ta vare på naturen og kartleggje den for å finne ressursar som kan bli nyttige i framtida.

- Trekronene er som djuphavsområda. Mykje er ukjent og vi har berre skrapa overflaten når det gjeld artsmangfaldet i skogen vår her i nord. Alle artane har ein funksjon og er ein del av balansen, påpeikar han.
 
RVP49411.JPG
Insektekspert Karl Thunes frå NIBIO demonstrerer korleis forskarane gassar trekrone for å få eit tidsbilete på kva slags artar som er i treet på dette tidspunktet. Vanlegvis blir studien utført om natta for best resultat. Foto: Siri Elise Dybdal.
RVP49442.JPG
Ein gass-sky med mildt insektmedel som legg seg rundt trekrona gjev ein «knock-down»-effekt som gjer at insekta dett ned. Foto: Siri Elise Dybdal.
ef-20170912-121610.jpg
Karl Thunes, forskar ved NIBIO, heng opp spesiallaga nett klare til å ta imot insekt frå askekrona. Foto: Erling Fløistad.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.