Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2023

Til dokument

Sammendrag

Den viktigaste faktoren for å lykkast med investering og ombygging til lausdrift er god planlegging. For små og mellomstore buskapar vil det vere viktig for bonden sjølv å «eige» sitt prosjekt i større grad enn ved nybygg. Rådgjevaren må da i større grad vere ein diskusjonspartnar for bonden. Målet vil vere å støtte bonden for slik å kunne finne den beste løysinga for garden og bonden sjølv, dette vil i stor grad gå på kva ressursar som er tilgjengeleg og bonden sin eigen interesse og kompetanse. Det vil vere viktig å gå nøye igjennom kva som kan bli valt frå eller kva som kan bli investert i på eit seinare tidspunkt, for slik å få ei lønnsam og god drift i heile driftsperioden til bonden. TINE har observert kyr i fôringsliggebåsfjøs. Det er ingen forskjell på dyrevelferd og helse frå desse fjøsa samanlikna med andre lausdriftsfjøs. Viktige føresetnader for dette er at kyrne har lik og jamn tilgang på fôr heile døgnet, det må måkes/gjerast reint i husdyrarealet fleire gonger for dag og det må vere minst like mange båsplassar som kyr.