Sammendrag

Produksjon, omsetning og forbruk av eple har endra seg mykje over tid. Forbruk av eple har vore fallande, medan produksjonen av norske eple har auka. I denne rapporten er det sett på utvikling i produksjon og marknad for norske eple og kva strategiar som er nytta for å auke norsk produksjon av eple. Det er også tatt med resultat frå ulike forskingstema i Greenroad-prosjektet som omfattar eple for å nå det overordna målet om auka produksjon og forbruk av norske eple.

Sammendrag

Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i jordbruket dei siste åra i Rogaland og Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk i heile landet. I 2024 var det totalt 932 bruk, der 105 var frå Rogaland og 52 var frå Agder. I driftsgranskingane er jordbruket i Rogaland og Agder delt inn i to regionar, «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder».