Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2008

Sammendrag

Langs kysten av Vestlandet er tal bruk, jordbruksareal i drift og tal dyr på beite redusert dei siste åra. For om mogeleg å oppretthalde ein større del av dagens opne kulturlandskap startar Samarbeidsrådet for Landbruksorganisasjonane saman med NILF og Bioforsk Vest Fureneset eit prosjekt for å utrede arealekstensive driftssystem tilpassa sauehald og kjøttproduksjon på storfe.

Sammendrag

Engrapp etablerar seg seinare i eng og beite enn artar som engsvingel og timotei. Men forsøk utført av Bioforsk Midt-Norge og fleire forsøksringar synte at allereie i andre året var det små skilnader i avlingsmengd og del sådd sort mellom sortar av engrapp og engsvingel.

Sammendrag

Akkumulert varmesum kan berre delvis brukast som rettesnor for kvalitetsutvikling i gjenvekst. Ein må også ta omsyn til utviklingstrinnet hos graset slåtten før, artar og sortar i enga og om tørke eller næringstilgang kan ha begrensa veksten. Energiinnhaldet i andreslåttane på tjue undersøkte bruk i 2007 var høgt ut frå at dei fleste vart hausta lenge etter at førsteslåtten vart tatt.

Sammendrag

I intensive engdyrkingssystem utgjer gjenvekst etter første slått ein stor del av den samla avlinga. Kvaliteten i gjenveksten er påverka av mellom anna botanisk samansetjing i enga, gjødsling, vêrforhold, sjukdomsangrep og morfologisk utvikling hos engplantane. Feltdata frå prosjektet ’Mer og bedre grovfôr’ viser at varmesum er ein brukbar forklaringsvariabel for kvalitet i gjenvekst.

Sammendrag

Det vert gjort greie for oppnådde avlingar og avlingskvalitet gjennom fire år i eit økologisk vekstskifte. Resultata er lagde til grunn for ein diskusjon om høveleg avdråttsnivå og dyretal på eit mjølkeproduksjonsbruk der målsetjinga er å vere sjølvfôrsynt med fôr. På det gitte naturgrunnlaget såg det ut til å vere muleg å produsere 500-600 kg mjølk/daa/år.