Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Abstract

Epleavlingane varierer frå år til år på grunn av vekselbering der avlinga i bereåret er mykje større og ofte med redusert fruktstorleik og kvalitet enn i kvileåret. Avlinga kan regulerast med kjemiske middel eller med hand under blomstringa eller på kartstadiet. I det 3-årige prosjektet” Vekselbering i eple - årsaker og tiltak” vart det gjennomført mange feltforsøk med å etablera optimale avlingar med hand eller kjemisk. Indre Hardanger Forsøksring var prosjekteigar og med Planteforsk Ullensvang som fagleg prosjektleiar. Fire ulike avlingsnivå vart etablerte med hand under både blomstringa og ein månad seinare i tre samanhengande år på dei same trea på eplesortane Summered og Aroma. Dei trea der avlingspotensialet vart fjerna heilt anten ved å ta bort alle blomane eller karten, gav flest blomeklasar pr tre året etter jamført med tre som hadde avling. Blometalet pr. tre vart sterkast redusert året etter di høgare avlingsnivået var og di seinare avlingsreguleringa vart utført. Fruktene var størst ved tynning under blomstringa. Fruktvekta og mengda av oppløyst tørrstoff i fruktene vart redusert med aukande avlingsnivå på trea. Høveleg avlingsnivå med god fruktkvalitet for eplesortane Aroma og Summered poda på grunnstamma M9 er om lag 6 frukter pr. cm2 stammetverrmål. Dette svarar til eit frukttal pr. tre som er om lag lik planteavstanden mellom trea i cm. Tynningsmidlane Cerone (ethephon), ATS (ammoniumthiosulfat), soyaolje og MaxCel (plantehormonet 6-benzyladenin) vart prøvde til fleire eplesortar. Cerone regulerte avlinga ved sprøyting både under blomstringa og på karten. Kvaliteten vart heva og mengda med blomsterknoppar vart auka på trea året etter. Middelet er krevjande i bruk med krav til rett dosering og temperatur og eplesortane har ulike doseringskrav. ATS gav variabelt tynningsresultat med i tillegg noko skade (sviding) av bladkantar. Både soyaolje og MaxCel gav for svak tynningseffekt.

Abstract

Teger er viktige skadedyr i både eple og pære i Norge. I økologisk pæredyrking kan opp mot 40 % av avlinga gå ut grunna tegeskade. Mange av tegeartane som gjer skade i frukt har fleire vertsplanter, og fleire vert rekna som både skade- og nyttedyr. Sprøyting med redusert dose av Lebaycid (fention) har vore tilrådd mot teger i norsk kjernefruktproduksjon. Frå 2005 er dette plantevernmiddelet ikkje lenger lov å nytte i fruktproduksjon i Norge. I dette arbeidet har vi undersøkt effekten av slått av undervegetasjon som eit førebyggjande tiltak mot skade av teger. I tillegg har vi undersøkt ulike kjemiske og biologiske sprøytemiddel sin effekt på teger og skade av desse.a

Abstract

Observasjonar om blomstringstid, blomstermengd og fruktsetting vart innsamla frå sortsprøvefelta i søtkirsebær ved Bioforsk Ullensvang forskingssenter i perioden 1993 – 2005. Sortane var poda på grunnstammene Colt, Prunus avium L. frøstamme og Gisela 5. Det var tydelege skilnader i blomstringstid og - mengd mellom dei ulike sortane, mellom tre på ulike grunnstammer og åra. Blomstringstida har starta tidlegare i dei siste åra. Dei mest avlingssikre sort/grunnstamme-kombinasjonane har både høg blomstermengd og fruktsettingsgrad. Ei oppdatert liste over kva sterilitetsgruppe sortane høyrer heime i er presentert.

Abstract

I feltforsk ved Bioforsk Ullensvang har det vorte gjennomført utprøving av grunnstammene Marianna GF 8-1, Pixy , Wangenheim og St. Julien A poda på plommesortane Avalon, Edda, Excalibur, Jubileum, Reeves og Victoria. Tre vart planta som grønpisker sommaren 1999 med 2 x 4,5 m planteavstand og forma som spindeltre. Trea vart stelte som ei tradisjonell handelsplanting. Trea kom i bering i 2002. Årleg har det vorte registert stammetverrmål, avling og fruktkvalitet. Grunnstammene regulerte tilveksten til dei ulike sortane. Størst tilvekst på trea gav grunnstammene St. Julien A og Marianna GF 8-1 i middel for dei seks sortane. Wangenheim var den mest svaktveksande grunnstamma. Samla for dei fire første avlingsåra gav grunnstammene St. Julien A og Pixy størst avling bortsett for til sorten Excalibur. Til sorten Reeves gav Pixy størst avling. Sortane Victoria og Avalon gav høgaste avling og Edda lågast i middel av desse fire grunnstammene. Fruktstorleiken var ikkje påverka av dei ulike grunnstammene. Sortane Avalon, Excalibur, Reeves og Jubileum hadde størst frukter. Innhaldet av oppløyst tørrstoff var generelt høgt for alle sortane og var ikkje påverka av dei ulike grunnstammene. Sortane Edda og Avalon hadde høgast innhald av oppløyst tørrstoff.

Abstract

Bioforsk Øst Kise leder prosjektet ”Studier av remonterende jordbærsorter for utvidet sesong og økte avlinger”. Prosjektet startet i 2004 og skal avsluttes i 2007. Planteforsk er ansvarlig for prosjektet, med Universitetet for miljø- og biovitenskap som samarbeidspartner. Hensikten er å frembringe ny og grunnleggende kunnskap om bruk av flergangsbærende (remonterende) jordbærsorter i Norge, og å utvikle dyrkingsteknikker som forventes å gi grunnlag for en økt og mer forutsigbar produksjon av kvalitetsbær fra mai til september. Flergangsblomstrende jordbærsorter beskrives ofte i litteraturen som dagnøytrale planter, som blomstrer uavhengig av daglengden, men blomstringsforholdet er uklart. Våre foreløpige resultater med sortene ’Rita’ og ’Elan’ viser at disse sortene er kvantitative langdagsplanter, dvs. blomstringen framskyndes av lang dag, men plantene vil også blomstre under kortdagsforhold, men noe forsinket. Dette vil i så fall bety at sortene bør dyrkes på en noe annen måte enn om de var dagnøytrale, både for å øke avlingene og for å produsere utløpere. I prosjektets første fase er det gjennomført forsøk i veksthus og klimakammer, og det er etablert et sortsforsøk med sju flergangsblomstrende- og tre kortdagssorter i plasttunnel i bakken ved Bioforsk Øst Kise.

Abstract

Nye jordbærsortar og ein del lovande seleksjonar vert kontinuerleg prøvde i dyrkingsforsøk ved Planteforsk Kise. Etter eitt eller to år vert nokre av dei mest interessante i tillegg prøvde i litt større omfang hjå aktive dyrkarar. Sortane vert ved første prøving vurderte for viktige eigenskapar for dyrking, resistens mot viktige skadegjerarar, avlingsevne og kvalitet. Dei siste åra har ’Florence’ og ’Frida’ vorte tilrådd for vidare prøving i praktisk dyrking. ’Florence’ er om lag 10 dagar seinare enn ’Korona’ og har vore godt motteken i marknaden for friske bær. Sorten har store bær som held seg godt i omsetnaden, og dei næraste åra vil syna om sorten vert viktig for næringa. ’Frida’ er tidleg med stor avling og svært store bær, men det er diverre funne at også den sorten får åtak av jordbærmjøldogg (Sphaerotheca macularis) når plantene vert dyrka utan sprøyting. Smakskvaliteten er til no vurdert frå svært fin til middels. På grunn av fargen, er ingen av sortane aktuelle for industrien. ’Yamaska’ er ein sein, canadisk sort som bør prøvast i praktisk dyrking. ’Kimberley’ er svært svak for jordbærsvartflekk (Colletotrichum aucutatum) og bør difor ikkje dyrkast. ’Symphony’ har liten verdi fordi bæra er lite faste og kvaliteten for svak. Stabburet AS har prøvd fleire nye og eldre sortar som råstoff for kokt og rørt syltetøy. Seleksjonen PK97.48.1 frå Planteforsk sitt foredlingsprogram var den beste for begge produkta og bær av sorten vart sist sommar prøvd for nye og eldre produkt i større omfang. Forsøka synte at sortane ’Frida’, ’Korona’ og ’Florence’ var svake som råstoff for industrien.

Abstract

Et NFR-prosjekt (2002-2005) har blant annet hatt som mål å forbedre eksisterende sprøyteutstyr i jordbær. Væskefordeling, avsatt mengde og dråpedekkevne er estimert visuelt ved bruk av et overflatefluoriserende stoff, Lumogen. I tillegg er det brukt et fluorescerende stoff, Fluorescein, for måling av væskekonsentrasjon og mengdeanalyse ved hjelp av et fluorometer. Væskemengden økte i løpet av sesongen tilnærmet proporsjonalt med bladmassen. Det ble brukt tre dyser per rad ved første og andre sprøytetidspunkt og fem dyser per rad ved siste tidspunkt. Dyser med en toppvinkel på 65 og 80º ved 0,5 MPa viste gjennomgående gode resultater, spesielt med tanke på analysert avsatt mengde. En avstand lik 100 mm til de nærmeste bladene gav best resultat ved første sprøyting, mens en avstand lik 200 mm var best for senere sprøytinger, spesielt med tanke på variasjoner i plantestørrelse i feltet. Bruk av AI (Air Injection)- og DG (Drift Guard) dyser gav et gjennomsnittlig resultat ved tidlig sprøyting, selv om visuell dekkevne grunnet de større dråpene var noe redusert. Da avdriften er størst ved tidlig sprøyting, vil slike dyser være et godt alternativ for å redusere avdriften. DG-dysene gav et gjennomsnittlig resultat også for store planter.