Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2007

Sammendrag

Forbrukarane ynskjer frukt dyrka på ein miljøvenleg måte, og dyrkarane ser etter alternative metodar som kan redusera trongen for kjemiske plantevernmiddel. Frukt med høgt kalsiuminnhald er kjend for å vera fastare og mindre utsett for sjukdomar og fysiologiske skader enn frukter med lite kalsium. Norske forsøk viste at kalsiumtilførsel i søtkirsebær heva fruktkvaliteten og reduserte tap under omsetning på grunn av sprekking og utvikling av frakturar i fruktskinnet. Innhaldet av fenolar var høgare i kalsiumhandsama frukt.

Sammendrag

Samanhengen mellom avling, klima og fruktkvalitetsfaktorar vart undersøkt i 11 plommesortar. Registreringar frå 1985 til 2003 viste i 8 av 11 sortar ein negativ samanheng mellom avling og oppløyst turrstoff.  Syreinnhaldet var ikkje påverka av avlingsnivå. Inntil 44% av variasjonen i innhaldet av oppløyst turrstoff skuldast avlingsvariasjon. Ved å inkludera klimafaktorar i regresjonsanalysene kunne ein forklara frå 60 til 94% av variasjonen i oppløyst turrstoff med variasjon i avling og gjennomsnitts månadstemperatur og månadsnedbør. Innhaldet av oppløyst turrstoff var positivt påverka av høge temperaturar i april og juni, og kjølig og fuktig ver i mai. I år med mykje nedbør i august var innhaldet av titrerbar syre i plommene høgt.

Sammendrag

Ein studerte om bladgjødsling med kalsium påverka fruktkvaliteten hjå plommer og kor haldbare fruktene var etter hausting. Bladgjødsling med kalsium hadde ingen signifikante verknader på fruktkvaliteten. Men kalsiumtilførsel syntest å utsetja mogninga noko (4 av 5 målte faktorar).  Kalsiumhandsaming reduserte rotning under lagring av plommer. Men det var ingen sikre skilnader mellom dei ulike strategiane  som var nytta. I eitt forsøksår var bladgjødsling tidleg i sesongen betre enn handsaming seint med omsyn til rotning etter hausting. I alle forsøka var det  ein tendens til at frukter sprøyta med soppmiddel var mindre utsette for rotning enn kalsiumsprøyta frukter. Men skilnaden var berre signifikant i eitt forsøk.

Sammendrag

Innhaldet av antocyanar og total fenolar vart målt i 9 søtkirsebærsortar. Antocyanininnhaldet i mørke frukter var høgare enn i frukter med ljos gul saft. Mellom dei mørke sortane var det nær 10 gonger så mykje antocyanar i sorten med høgast innhald i høve til sorten med lågast. Samla fenolinnhald varierte frå 23 til 168 mg/100g FW, og den antioksiderande kapasiteten var frå 0,44 til 2,67 mmol/100g FW. Det var god korrelasjon mellom den antioksiderande kapasiteten og både antocyanin og totalt fenolinnhald. Søtkirsebærsorten "Agila" hadde høgast innhald av antocyaninar, total fenolar og antioksiderande kapasitet. Hjå plommer fann ein mest antocyaninar i dei mørk blå plommene "Edda", "Souffriau" og "Jubileum". "Victoria hadde minst antocyaninar, men likevel høgast innhald av total fenolar og antioksiderande kapasitet. FRAP-verdiane varierte frå 0,61 til 1,28 mmol/100g FW. Den antioksiderande kapasiteten var nært korrelert med totalt fenolinnhald.

Sammendrag

Det vart gjennomført forbrukartestar med fire nye plommesortar. Forbrukarane syntest "Reeves" og "Jubileum" hadde finaste utsjånaden. Men smakspoenga for "Reeves" var låge. "Excalibur" fekk høge smakspoeng, sjølv om forbrukarane ikkje syntest plommene såge fine ut. Basert på kjemiske analysar av viktige kvalitetsfaktorar var det ikkje uventa at "Excalibur" fekk høge smakspoeng, og smakspoenga for "Jubileum" og "Victoria" var middels. "Avalon" fekk derimot høgare og "Reeves" lågare smakspoeng enn ein hadde venta. "Excalibur", Jubileum" og "Avalon" er minst like gode eller betre enn standardsorten "Victoria". Fruktkvaliteten hjå "Reeves" er dårlegare enn hjå "Victoria".

Sammendrag

Hundekjeks er en art som i stadig økende grad sprer seg i kulturlandskapet. I flere vesteuropeiske land har den blitt et problematisk ugras, og det er vanskelig å finne enkle metoder for å bekjempe den. Hundekjeks har svært effektive måter å overleve og spre seg på, og forynger seg både ved frøsetting og vegetativ spredning. Produksjonen av frø og sideskudd kan påvirkes av de skjøtselstiltakene som settes inn. Trolig er slått mellom blomstring og frøsetting mest optimalt som tiltak for å bekjempe hundekjeks. Graset bør samtidig fjernes og gjødselstilførselen må reduseres.

Sammendrag

In August 2004, Glomerella acutata Guerber & Correll was detected on fruits from highbush blueberry (Vaccinium corymbosum L.) for the first time in Norway. Both the conidial (Colletotrichum acutatum J. H. Simmonds) and the ascigerous (G. acutata) stage developed on naturally infected blueberry fruits. Perithecia also readily formed on blueberries and strawberries inoculated with a culture from highbush blueberry, and on artificial, solid medium (both on strawberry leaf agar and potato dextrose agar). To our knowledge this is the first report worldwide of the teleomorph of Glomerella acutata on a naturally infected host.

Sammendrag

Melampsora euphorbiae (Schub.) Cast. is reported from all continents but Antarctica. The rust fungus is living on a great number of Euphorbia species. In Norway it is found on five Euphorbia species (wild growing or cultivated outdoors), including the common weed sun spurge. To our knowledge M. euphorbiae on poinsettia has previously been reported only three times, namely in India, Tanzania, and Mauritius.

Sammendrag

Vortemjølkrust, Melampsora euphorbiae, vart hausten 2006 for første gong funnen i norsk julestjerneproduksjon. Soppen gir nekrotiske flekkar på oversida av blada og typiske gul-oransje rustflekkar på undersida. Vi har sett skade på opp til 13 blad på enkeltplanter, og også braktéane får angrep. Skadeomfanget er stort i enkelte gartneri. I julestjerne er sjukdomen frå før berre rapportert frå India, Tanzania og Mauritius. Soppen er difor ikkje tidlegare registrert i julestjerner verken i Europa eller Amerika.

Sammendrag

Vi har i årevis hatt angrep av mjøldogg på spisslønn og platanlønn i Noreg, men i 2006 påviste vi også angrep på naverlønn og sibirlønn på Ås. Særleg var sibirlønn hardt angrepen. Vi har ikkje påvist mjøldogg på naverlønn og sibirlønn tidlegare her i landet.