Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2024

Sammendrag

Det blei gjennomførd litteraturstudie og feltforsøk for å undersøkja miljøvenleg bruk av husdyrgjødsel. Litteraturstudien syner at eng gjødsla med husdyrgjødsel vil ha større risiko for utvasking av biotilgjengeleg fosfat enn andre driftssystem. Risikoen aukar ved aukande P-AL i jorda, og varierer etter kva eigenskapar jorda har. Husdyrgjødsel-spreiing i periodar med planteopptak, og spreiemetodar som sikrar kontakt mellom jord og gjødsel reduserer risikoen for tap både av fosfor og nitrogen. Nedlegging, nedfelling, tilsetting av vatn og syre reduserer tapet av ammoniakk (NH4) ved spreiing av husdyrgjødsel. Lystgassutsleppet frå gjødsling med husdyrgjødsel til eng er ofte lågt, men avhengig av klima, jord, spreiemetode, og gjødseltype. Både gasstapa og tap til avrenning er oftast lågare ved spreiing tidleg i sesongen, når det er relativt kaldt og tørt. Feltforsøk på Fureneset (Vestland), Særheim (Rogaland) og Tuv (Trøndelag) over to år samanlikna ni gjødselbehandlingar på tørrstoffavling, P-balanse og N-utnytting. Det var tre ulike fordelingar av 9 tonn husdyrgjødsel/daa til eng med tre slåttar: 2/3 om våren og resten etter fyrsteslått, ½ til dei to fyrste slåttane og 1/3 til kvar slått. Desse fordelingane blei gjevne både med og utan ekstra mineralgjødsel. Den totale gjødsel-effekten for husdyrgjødsel med mineralgjødsel-nitrogen skulle tilsvara 30 kg mineralgjødsel-N/daa. Det var òg med mineralgjødsla ledd med og utan P-gjødsling. Det var ikkje sikker effekt av fordelinga av husdyrgjødsel. Med P-AL frå 6,6 – 16,5 mg/100 g var det ikkje utslag på P-gjødsling. Sterkare nitrogen-gjødsling gav større avling, og difor òg større nitrogen- og fosforavling. På to av lokalitetane tillot dei store avlingane netto uttak av fosfor også der enga blei tilførd 3 kg P/daa. Nitrogenutnyttinga var forskjellig mellom stadene, men me såg ikkje på verknad av nitrogen-mengd. Ein strategi med sterk nitrogengjødsling for netto uttak av fosfor kan føra til auka nitrogen-forureining, slik at ein risikerer å byta ut eit problem med eit anna, eller enda opp med båe problema om agronomien ikkje er god nok til å sikra netto-uttaket av fosfor.