Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2019

Sammendrag

Lokal verdiskaping basert på utmarka i verdsarvområda Vestlandsk fjordlandskap kan ikkje sjåast isolert, men er tett knytt til heile samfunnsutviklinga på desse stadene. Det tradisjonelle landbruket i desse områda har skapt verdfulle naturgode som biologisk mangfald, opne turområde med høg rekreasjonsverdi, turstiar og anna. Fleire av desse naturgoda er viktige for reiselivsnæringa. Kulturlandskapet er også viktig for verdsarvstatusen i seg sjølv, ettersom dette er ein viktig del av kjerneverdiane til området (OUV). Utviklinga i landbruket gjer at tungdrivne areal også i verdsarvområda går ut av bruk. Opphøyr eller låg bruksintensitet går spesielt ut over utmarksressursane og dei seminaturlege naturtypane. Utmarka i Geirangerfjordområdet er særleg trua, da tradisjonell bruk med beiting, slått og hausting no i stor grad har teke slutt, og naturtypane gror att med buskar og kratt. Gjengroing fører til tap avvariasjon, artar og økologiske funksjonar. Intensivering av landbruket vil også forringe naturverdiane og landskapskvalitetane. For at landbruket ikkje berre skal vere eit «kulisselandbruk», men vere del av eit berekraftig driftssystem, må tilgjengelege arealressursar på innmark og utmark nyttast til matproduksjon og andre livsviktige økosystemtenester. Gjeldande landbrukspolitikk, med mål om stordrift og effektivisering av matproduksjonen, er ei sterkare drivkraft enn dei tiltaka som er sett inn for å bremse og motverke at tungdrivne areal går ut av bruk i verdsarvområda. Den lokale turist- og reiselivsnæringa kan også hamne i noko av same marginaliserte situasjonen som landbruksnæringa fordi dei ikkje lenger er dei mest sentrale aktørane. Eksterne aktørar representert ved cruiseindustri, turbussar og storskala reisearrangørar er ofte i enda større grad premissleverandørar. Det trengs ei heilskapleg tilnærming for å løyse utfordringane. Ein prosess som forskyv maktbalansen frå eksterne aktørar innan masseturisme og i retning lokalt næringsliv og verdiskaping og som inkluderer innbyggjarane, krev nytenking, utvikling av nye forretningsmodellar og evne til gjennomføring gjennom demokratiske planprosessar. Av ulike konkrete verkemiddel som kan prøvast ut, men da helst som element i ein større endringsprosess, vil vi peike på særskilde landbrukspolitiske verkemiddel i retning sveitsisk modell, turistskatt, anna betaling for fellesgode og bygdeutviklingsprosjekt som kan gi auka tilflytting og ny næringsaktivitet. Dialog og partnarskapsbygging kan fremme ansvarleg medverknad.Forskingsbehova for verdsarvområda og tilsvarande område med store og unytta ressursar i utmarka er mange, og arbeidsgruppa si vurdering er summert og konkretisert i denne rapporten

Sammendrag

I denne rapporten undersøker vi grunnlaget for å restaurere artsmangfoldet i to kalkenger i Bjerkås naturreservat, Asker kommune, der intensiv engdrift med bl.a. gjødsling og innsåing av gras- og kløverblandinger har endret artssammensetningen. Både jordanalysene og egetasjonsanalysene viste god næringstilgang og dominans av storvokst rotugras og engvekster som kan utnytte god næringstilgang på begge engene. Begge engene var baserike og den øvre enga hadde vesentlig høyere nivåer med plantetilgjengelig fosfor, noe som tydet på mer omfattende gjødsling. En restaurering av artssammensetning bør starte med utarming av vegetasjonen med hyppig slått med fjerning av plantematerialet i minst to år før. Denne utarminga kan så følges av innsåing av konkurransesterke arter typiske for semi-naturlig eng, samt overgang til et regelmessig skjøtselsregime med slått og fjerning av høy i første halvdel av august og evnetuelt en sein håslått.