Hopp til hovedinnholdet

Almesjuka spreier seg til nye område

Almesyke1 I. Børja_liggende

I Noreg var det større angrep av almesjuka på 1980- og 90-talet, særleg rundt Oslofjorden og i Drammens-området. Foto: Isabella Børja 

På 1980- og 90-talet blei mange almeskogar på Austlandet øydelagde av almesjuka. No trur forskarane at ei ny spreiingsrunde kan vere på gang på Sørlandet.

I mange område i Europa og Nord-Amerika har almebestanden blitt nesten utradert på grunn av almesjuka, ein soppsjukdom som spreiast av små barkbiller.

Almesjuka kom til Noreg på 1960-talet. Men det var først på 1980-talet det blei fart i spreiinga då ein meir aggressiv almesjukesoppart dukka opp.

I Noreg var det større angrep av almesjuka på 1980- og 90-talet, særleg i Oslofjord- og Drammensområdet. Dette førte til etablering av eit overvakingsprogram som kartla sjukdomsutbreiinga og organiserte fjerning av sjuke tre. Desse måtte fellast og brennast slik at soppen ikkje gjekk i rotsystemet og spreidde seg vidare til andre tre. På 2000-talet var det mindre registreringar av skadar og det kunne sjå ut som at sjukdomen hadde stoppa litt opp.

Status i 2008 var at almesjuka var spreidd rundt Oslofjorden frå Fredrikstad på austsida til Grenland på vestsida. Sidan 2008 har det ikkje vore gjort nokon systematisk undersøking av almesjukespreiing i Noreg, og det har ikkje vore rapportert om funn utanfor denne sona. Inntil nyleg.

kart.png
Kart over område med almesjukespreiing i Noreg. I 2008 var almesjuka spreidd rundt Oslofjorden frå Fredrikstad i aust til Grenland i vest. Nord for Oslo var ho etablert på Romerike og Ringerike (merka grønt). Stadar som blei nærare undersøkt i 2006–2008 (Lier, Larvik og Grenland) er merka med grønt. Stadar med ny spreiing oppdaga i 2020 er merka med raudt (Arendal og Søndeled). Kart modifisert frå Google maps.

Funn i Arendal

– Det var ei oppblomstring av almesjuka på 1990-talet. Landbruks- og matdepartementet løyva då midlar til å sanere alt av almesjuke. Men så såg det ut som om det ikkje hjelpte, og ein gav vel eigentleg opp. Etter det har sjukdomen levd sitt eige liv. Enkeltpersonar og kommunar har sanert utan at vi har hatt oversikt sentralt, seier seniorforskar Halvor Solheim ved NIBIO.

I 2006 ville ein igjen sjå på korleis det sto til med almesjuka i Noreg.

– Vi undersøkte då i Lier, der dei verste angrepa hadde vore, og i Larvik og Grenland. Det vi fann var ikkje så skremmande. Det var ikkje så mange sjuke tre, og det var mykje gjenvekst og tilvekst. Statusen var difor ganske lik det den hadde vore. Vi meinte at det fekk gå sin gang og at det viktigaste var at almesjuka ikkje spreidde seg vidare til Sør- og Vestlandet, seier forskaren.

Han fortel at almesjuka i den påfølgjande ti-års perioden har spreidd seg sakte vidare mot svenskegrensa og ho er funne fleire stadar i Indre Østfold. Det er no også meir almesjuke på Romerike, Ringerike, i Eiker og innover i Vestfold. Sør for Grenland trudde likevel forskarane at ei spreiing kunne bli vanskeleg, ettersom det er lite alm der og han veks spreidd.

– Men i 2020 fekk vi tilsendt prøver frå eit gamalt almetre i Langsæparken i Arendal med mistanke om almesjuke. Det var fleire sjuke tre i området. Sjukdomen hadde altså klart å spreie seg sakte, men sikkert frå Grenland til Arendal. Vi fann også fleire angripne almetre på ein eigedom i Søndeled i Risør kommune, ikkje langt frå grensa mot Telemark, seier Solheim.

Almesyke Arendal.jpg
I 2020 fekk NIBIO tilsendt prøvar frå eit gamalt almetre i Langsæparken i Arendal med mistanke om almesjuke. Soppen forskarane isolerte var den aggressive O. novo-ulmi. Då dei seinare gjorde ei befaring i Arendal, fann dei almetre med typiske symptom på almesjuke i Langsæparken og nærliggande område. I løpet av hausten 2020 har kommunen registrert fleire almetre med almesjuke og sendt inn 8 prøver. Alle unntatt ein prøve var positive, og NIBIO påviste den aggressive arten av almesjuke, O. novo-ulmi. Foto: Isabella Børja

Berre ei billeart i Noreg

For 20-30 år sidan var det ifølgje seniorforskaren store angrep av almesjuke i mange land lenger sør i Europa, og svært mange tre måtte fellast.

– Då vi snakka med kollegaer frå lenger sør sa dei at dei berre venta på at alt skulle døy, hugsar Solheim. I Noreg har sjukdomen ikkje opptredd like aggressivt som i andre land, utan at det er heilt klart kva årsaka er.

– Men det er ei lita bille, almesplintborar, som spreier sjukdomen ved å gjere næringsgnag i greinvinklar på tre – friske eller sjuke. I Noreg har vi berre ein art av almesplintborar, og han er sannsynlegvis ikkje like effektiv til å spreie almesjuka som dei artane ein finn lenger sør. I Sverige til dømes har dei også to andre nærståande artar. Desse hjelpte til å gjere ende på Örup almeskog - ein freda almeskog i Skåne på 1980-talet. No er desse almesplintborarane på veg nordover i Sverige, seier han.

Seniorforskaren påpeikar at det er sannsynleg at desse to artane også kjem til Noreg etterkvart.

– Klimaendringane gjer at det er mildare og det kan fremme at dei spreier seg nordover i Sverige og vidare til Noreg. Då vil det etter vår teori kunne bli verre for almeskogen i Noreg, hevdar Solheim, og legg til at NIBIO følgjer med på utviklinga som ein del av den årlege skoghelseovervakinga i Noreg.

Han trur det vil vere vesentleg med overvaking og kartlegging av sjukdomen framover:

– Større fokus på almesjuka vil vere viktig framover, slik at ein kan vere føre var, gjere registreringar og følgje med på utviklinga, no først og fremst i Agder-området, avsluttar NIBIO-forskaren.

15.jpg
Skoghelse
Fakta om alm

Vanleg alm (Ulmus glabra Huds.) er spreidd i låglandet i Sør-Noreg og veks langs kysten heilt opp til Beiarn i Nordland – like nord for Polarsirkelen.

Alm har stor betyding i Noreg, ikkje berre biologisk, estetisk og kulturelt, men han har også stor nytteverdi og lange tradisjonar i norske bygdesamfunn. Mange stadar på Vestlandet, som til dømes i Eikesdalen, har alm vore brukt til dyrefôr i uminnelege tider. Unge greiner blei regelmessig styva med fleire års mellomrom og brukt som fôr til dyra. Trea fekk deretter ein karakteristisk utsjånad.

Almesyke ring I. Børja.jpg
Tynn grein med typisk mørk ring under barken, som indikerer almesjuke. Den mørke ringen er eit synleg teikn på treet sitt forsvar, overvunne av almesjukesoppen. Foto: Isabella Børja
Almesjuka

I nyare tid har alm blitt trua av ein sjukdom, almesjuke, og almebestanden blei nesten utradert i mange område, særleg i Europa og Nord-Amerika. På engelsk heiter sjukdomen «Dutch elm disease» då det i hovudsak var nederlandske forskarar som arbeidde med å finne årsaka til almesjuka i den tidlege fasen for vel hundre år sidan.
 

Symptom:

Almesjuka er ein typisk visnesjuke og er i ekstreme tilfelle i stand til å drepe vaksne almetre i løpet av nokre veke. Dei første symptoma på angripne tre er temmeleg iaugefallande sidan sjukdomen startar med at einskilde greiner plutseleg får gule blad som raskt blir brune og samankrølla midt i ei elles grøn krone.

Spreiing av infeksjon:

Sjølv om det er soppen som forårsakar almesjuke, er det barkbiller i slekta Scolytus som spelar ei nøkkelrolle i infeksjon og spreiing av almesjuke. I Noreg er det truleg liten almesplintborar som spreier sjukdomen.

Når nye biller flyr ut frå tre som allereie er infiserte, fraktar dei med seg soppsporar i holrom på dekkvengar og andre stadar på kroppen. Billene flyr på forsommaren og oppsøkjer almetre, gjerne heilt friske tre, for å gjere eit næringsgnag i greinvinklar til greiner som er rundt 2-3 cm tjukke. Medan billene gjer næringsgnaget gnir dei av seg soppsporane som spirer og spreier seg oppover og nedover frå det ferske gnaget. Sporane spreier seg raskt og effektivt med vasstraumen oppover i treet, og med næringstransporten nedover.

Scolytus laevis 1_liggende.jpg
Det er ei lita bille, almesplintborar (Scolytus laevis), som spreier almesjuka ved å gjere næringsgnag i tre. Foto: NIBIO

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Skogens helsetilstand påvirkes i stor grad av klima og værforhold, enten direkte ved tørke, frost og vind, eller indirekte ved at klimaet påvirker omfanget av soppsykdommer og insektangrep. Klimaendringene og den forventede økningen i klimarelaterte skogskader gir store utfordringer for forvaltningen av framtidas skogressurser. Det samme gjør invaderende skadegjørere, både allerede etablerte arter og nye som kan komme til Norge i nær framtid. I denne rapporten presenteres resultater fra skogskadeovervåkingen i Norge i 2020 og trender over tid. I den landsrepresentative skogovervåkingen har kronetettheten hos gran og furu holdt seg stabil i 2020 sammenlignet med tidligere år. Det ble registrert lite misfarging hos bartrærne. Skadenivået hos både bartrær, bjørk og andre løvtrær var lavere enn i 2019. Abiotiske faktorer med snø, vind og tørke som de viktigste årsakene dominerte skadebildet hos alle treslag. Kjemiske analyser av luft og nedbør i den intensive skogovervåkingen viser at det fortsatt er høyest verdier av antropogene svovel- og nitrogenforbindelser på den sørligste overvåkingsflata i Birkenes grunnet langtransportert forurensing. Den høyeste konsentrasjonen av nitrogendioksid i luft ble målt på stasjonen i Hurdal i 2020, noe som skyldes utslipp fra veitrafikken i regionen. Det var lave nivåer av bakkenært ozon i Norge i 2020 og ingen overskridelser av UNECEs grenseverdi på 5000 ppb-timer for skog. Vegetasjonsanalysene fra Hurdal har påvist en endring i bunn-vegetasjonens artssammensetning grunnet økt lystilgang og mye barnålstrø. Både hogst utenfor overvåkingsflata og flere skrantende, råteangrepne og døde grantrær i flata har bidratt til økt lystilgang og til større strømengde på bakken. Mange grantrær på flata i Hurdal er sterkt preget av råte med lav kronetetthet og mye misfarging. Flere trær på flata har dødd de seinere årene som følge av råteskader, ofte i kombinasjon med andre faktorer som vindfelling og skader etter tørken i 2018 med påfølgende barkbilleangrep. Overvåking av bjørkemålere har vist at fjellbjørkeskogen både i Nord-Norge og fjellregionene i sørlige halvdel av landet har vært utsatt for betydelige utbrudd av bjørkemålere i løpet av perioden 2012–2018. Overvåkingsdata fra 2019 og 2020 tyder imidlertid på at målerbestandene nå er lave eller i sterk tilbakegang i det meste av landet. I Troms har målerbestandene allerede nådd et bunnpunkt, og bestandene er nedadgående også i fjellet i Sør-Norge. Vi forventer derfor at skogen i mesteparten av Norge vil bli mindre utsatt for angrep av bjørkemålere de neste par årene. De fleste fylkene hadde en økning i fangstverdiene i barkbilleovervåkingen i 2020-sesongen. Alle fangstverdiene var imidlertid under 10 000 biller per felle, mens de høyeste verdiene ved slutten av utbruddet på 1970-tallet var rundt 25 000 biller per felle. Fylkene rundt Oslofjorden hadde noen lokale tilfeller av tørke- og barkbilleskader. Det ble ikke funnet noen tydelig økning av fellefangstene i tiden for en annen generasjon, men modellberegninger viser at stor granbarkbille har nok døgngrader til å gjennomføre to generasjoner før overvintring. I august 2020 ble soppen Diplodia sapinea funnet på sterkt skadet vrifuru i Ås kommune. Tidligere har det blitt gjort noen få funn av soppen på andre bartrearter i det samme området. D. sapinea er vanlig i varmere strøk på flere kontinenter, spesielt på furuarter. De pågående klima-endringene har trolig bidratt til at soppen har kunnet spre og etablere seg mot nord, men vi kan heller ikke utelukke innførsel av soppen via plantemateriale til bruk i grøntanlegg eller skog. D. sapinea er trolig bare i etableringsfasen i Norge, og har til dags dato gjort liten skade på våre stedegne bartrær.....