Hopp til hovedinnholdet

Stadig nye funn av bakteriesjukdomar på tre i Noreg

bilde3

Vi har lenge vore urolege med tanke på kva slags konsekvensar den store importen av prydplanter, frukttre og til dels skogplanter vil få framover, seier Juliana Perminow, som forskar på plantepatogene bakteriar ved NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal.

Bakteriesjukdomar ser ut til å vere eit aukande problem på tre i Noreg. Det kjem fram i ein ny rapport om skoghelsetilstanden i landet.

I følgje ein ny rapport frå NIBIO er det mykje som tyder på at bakteriesjukdomar på tre er eit aukande problem i Noreg. Plantepatogene bakteriar  spreiar seg hovudsakeleg med plantemateriale, og difor er den store importen av prydplanter, frukttre og skogplanter svært urovekkjande.

Mellom anna vart den frykta plantesjukdomen pærebrann for fyrste gong påvist i profesjonell fruktdyrking her til lands i sommar. 

Fig. 1.jpg
Pærebrann i eple i Rogaland. Foto: Venche Talgø, NIBIO

Pseudomonas syringae er ein annan bakterieart som gjer skade på frukttre, men denne bakterien angrip også fleire treartar i grøntanlegg, skog og naturområde. Til dømes er selje utsett for bakterien, og forskarar frå NIBIO har isolert bakterien i fleire område med sjuke og daude seljetre i Noreg, frå Trøndelag til Ås. 

I februar fall det også dødsdom over det spesielt utvalde eiketreet ved det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta i Oslo. Eika kom til Noreg som spesialimport frå ein tysk planteskule. Då NIBIO sine forskarar tok ut prøvar frå det sjuke treet, viste det seg at eika var infisert med bakterien Lonsdalea quercina. Dette er ein bakterie som har gitt alvorleg sjukdom på ulike artar av eik, både i USA og Spania. 

 

Urolege over utviklinga

- Det er ei kjent sak at import av plantemateriale er ein potensiell smitteveg for plantesjukdomar, og det kan vere eit springbrett for vidare spreiing til skog. Vi har lenge vore urolege med tanke på kva slags konsekvensar den store importen av prydplanter, frukttre og til dels skogplanter vil få framover, seier Juliana Perminow, som forskar på plantepatogene bakteriar ved NIBIO.

Bakteriar som infiserer planter kan gå på alt frå blomar til tjukke trestammer. Dette gjeld spesielt i varmare strøk med høg luftfukt, men også på våre breiddegrader ser ein at angrep av bakteriar gjer stor skade. Bakteriar ser ut til å spreie seg med plantemateriale over lengre avstandar og med regnsprut og/eller vinddriven nedbør lokalt.

- I Norge har vi registrert mange førekomstar av bakteriesjukdomar på treaktige vekstar. Det har vore mest fokus på bakterieinfeksjonar på frukttre, men også skogstre er ramma, særleg lauvtre, opplyser Perminow.

- Vi har hatt eit sterkt importvern i Noreg og veldig god plantehelse. Men næringa har ønskt seg utanlandsk materiale på grunn av sortar med eigenskapar som aukar produktiviteten. Plantehelse har ikkje hatt hovudfokus og styresmaktene har imøtekome næringa og oppheva importforbod av til dømes ungplanter av kjernefrukt og jordbær, seier NIBIO-forskaren.

Fig. 3.jpg
Eika ved Nasjonalmuseet. Blødande flekkar er ringa inn. Foto: Venche Talgø, NIBIO.

Tilfeldige funn

Perminow fortel at NIBIO så langt har hatt få prosjekt innan kartlegging av bakteriesjukdomar på tre, og at mange av funna har vorte gjort tilfeldig av interesserte forskarar.

- Fleire gongar har min forskarkollega Venche Talgø funne symptom på tre som har likna på angrep av bakteriar når ho har vore ute for å sjekke for andre sjukdomsorganismar, til dømes Phytophthora. Både Phytophthora og bakteriar kan gje flekkar i barken med mykje utflod av plantesaft. Ho har tatt med slike prøvar tilbake til laboratoriet, der prøvane har vorte analyserte for både Phytophthora og bakteriesjukdom, seier Perminow.

Etter ein slik tur der Talgø tok prøvar frå eit stort område med døydande selje på Fjellværsøya i Trøndelag, vart det, etter påvising av bakterieinfeksjon, oppretta eit seks-månader langt prosjekt som tok føre seg bakteriesmitte på selje. Forskarane isolerte bakterien frå selje-prøvar frå fleire stadar i Sør-Noreg, og sette i gong smitteforsøk.

- Smitteforsøk kan vere tidkrevjande fordi vi først alar opp småplanter for å vere sikker på at utgangsmaterialet er friskt. Selje veks heldigvis raskt, så det er ein relativt enkel art å gjere smitteforsøk med, forklarar ho.

I slike forsøk må ein ha med ulike isolat som såkalla kontrollar, og forskarane brukte difor nokre bakterieisolat av same arten frå morell- og plommetre, som var importerte frå utlandet.

- Desse synte seg å vere mykje meir aggressive i smitteforsøk enn seljeisolata vi hadde frå Noreg. Dette er noko vi må vere merksame på – kva skjer når desse kjem ut i naturen? Slike bakteriar kan lett spreie seg frå fruktproduksjonen og vidare til tre som selje, alm, ask og lind, åtvarar Perminow.

 

Andre funn

Hestekastanje er svært utsett for angrep av bakteriekreft (P. syringae pv. aesculi).

- Etter den første norske påvisinga i juli 2010 på Bryne i Rogaland, har vi registrert tilsvarande symptom på ei rad hestekastanjar i fleire byar i Sør-Noreg; Trondheim, Ålesund, Bergen, Haugesund, Kopervik, Stavanger, Moss, Oslo og Lillestrøm, men det er ikkje gjennomført noko systematisk kartlegging, seier Perminow.

Fig. 4.jpg
Bakteriekreft på hestekastanje i Bryne. Foto: Venche Talgø, NIBIO.

Kva er symptoma?

Symptoma på bakterieangrep varierer i følgje Perminow både med bakterieart og vertsplante. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å skilje angrep av bakteriar frå andre skadegjerarar.

- Generelt er bladflekkar eit svært vanleg symptom ved bakterieangrep, men også daude skot, generelt klorotisk/nekrotisk bladverk, sprekker i barken, kreftsår og nokre gongar daude tre. Bladflekkar som er årsaka av bakteriar, er ofte omgitt av ein typisk gul sone (halo). Frå bark, barksprekker og kreftsår vil det i nokre tilfelle tyte ut bakterieslim, men ein ser oftare mørke, til dels rustfarga flekkar i barken og nokre gonger sterk utflod, fortel ho.

Fig. 5.jpg
Symptom på bakterieinfeksjon. Bladflekkar (A), hengande skot (B), kreftsår (C), bakterieslim (D) og gummiflod (E). FOTO: Venche Talgø, NIBIO (ABCE) og Brita Toppe Mattilsynet (D)

For å fastslå ein mistanke om bakterieinfeksjon må bakterien isolerast frå det sjuke plantevevet. Det gjer ein ved å ta ut små vevsbitar i overgangen mellom sjukt og friskt vev, der bakteriane er mest aktive. Gjennom vellukka isolering får ein fram ein rein kultur av bakterien som må identifiserast med laboratorieanalysar.

 

Må få meir fokus

Bakteriesjukdomar ser ut til å vere eit aukande problem på tre i Noreg, og bør derfor få meir fokus meiner NIBIO-forskaren. Ho seier at planteprøvar til Planteklinikken kan vera ein viktig kanal for å fanga opp tidlege signal om utbrot, men ofte skal det omfattande skadar til før det vert rapportert.

- Til dømes er selje ein svært viktig treart, om ikkje økonomisk, så økologisk som habitat for bier og andre pollinerande insekt. At ei selje dør her og der vert likevel knapt lagt merke til dersom dei ikkje står i privathagar eller grøntanlegg, men den omfattande nedgangen av selje som vart observert på Fjellværsøya, vart vi varsla om, fortel Perminow.

Ho gjentek at forskarane lenge har vore urolege med tanke på konsekvensane den store importen av planter vil få framover.

- Døme med eika ved det nye Nasjonalmuseet syner tydeleg problemet med import. Forhåpentlegvis rakk ikkje bakterien i det tilfellet å spreia seg til omkringliggjande eiketre før treet vart sanert. 

- Eit anna døme som kan nemnast er bakterien Xylella fastidiosa. Den gjer i dag stor skade i sørlege deler av Europa og er ein frykta art som NIBIO på oppdrag frå Mattilsynet har testa for gjennom eit overvakings- og kartleggingsprogram. I Norge vil X. fastidiosa ved sida av Prunus-artar kunne angripe ask, alm, eik, lønn og fleire andre tresortar, seier ho.

Aukinga i bakteriesjukdomar bør vere eit stort varsku, meiner NIBIO-forskaren.

- Eg håpar styresmaktene byrjar å sjå at den store importen av planter kan ha drastiske følgjer. Men det er litt seint å oppdage dette no, påpeikar ho.

Plantehelseaaret2020-logo-V-wb.gif
Fig. 2.JPG
Bakteriekreft på selje på Fjellværsøya. Foto: Venche Talgø, NIBIO.
Rapporten Skogens Helsetilstand

Skogens helsetilstand er i stor grad påverka av klima og vêrforhold, enten direkte ved tørke, frost og vind, eller indirekte ved at klimaet påverkar omfanget av soppsjukdomar og insektangrep. Klimaendringane og den forventa aukinga i klimarelaterte skogskadar gjev store utfordringar for forvaltninga av framtidas skogressursar. Det same gjer invaderande skadegjerarar, både allereie etablerte artar og nye som kan kome til Noreg i nær framtid. I denne rapporten vert det presentert resultat frå skogskadeovervakinga i Noreg i 2019 og trendar over tid.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Skogens helsetilstand påvirkes i stor grad av klima og værforhold, enten direkte ved tørke, frost og vind, eller indirekte ved at klimaet påvirker omfanget av soppsykdommer og insektangrep. Klimaendringene og den forventede økningen i klimarelaterte skogskader gir store utfordringer for forvaltningen av framtidas skogressurser. Det samme gjør invaderende skadegjørere, både allerede etablerte arter og nye som kan komme til Norge i nær framtid. I denne rapporten presenteres resultater fra skogskadeovervåkingen i Norge i 2019 og trender over tid.....