Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Edelgranrust er sjeldan eit stort problem i juletrefelt, men det er registrert ein del skade på nordmannsedelgran. Angrepne nåler vert brune, krøllar seg og fell av, og toppskota kan verta skeive. Denne rustsoppen har mjølke og geitrams som hovudvertar.

Sammendrag

Resultat frå forsøk med ulike dekkesystem for søtkirsebær sin effekt på mikroklima og fruktkvalitet er skildra i ein vitskapleg artikkel på engelsk. Resultata er delvis publisert på norsk i følgjande artikkel: Børve, J., A. Stensvand & M. Meland, 1997. Verknad av plastdekking på rotning hjå søtkirsebær. Informasjonsmøte i plantevern 1997 Grønn forskning 2/97. 252-255.

Sammendrag

I dette innlegget er det vist foreløpige resultat av rettleiingsprøving av sortar av raisvingel og strandsvingel. Det ligg føre resultat frå 18 felt i første engår og åtte felt i andre engår. Utprøvinga vert gjennomført i samarbeid med fleire forsøksringar. Trass i svært vanskelige overvintringstilhøve den første vinteren, var dekkinga om våren svært god for tre av dei prøvde sortane. Vinteren etter var tilhøva meir normale, og overvintringa var tilfredsstillande for alle sortane. Resultata så langt verkar lovande. Planteforsk deltek i eit EU-prosjekt med føremål å undersøkje verknader av å nytte sortar av raigras med høgt innhald av sukker i fôrproduksjonen. Slike sortar er foredla i Wales. Vår rolle i prosjektet er gransking av agronomiske eigenskapar til "sukkergrasa", med vekt på samanhengar mellom klima, dyrkingsteknikk og variasjon i sukkerinnhald. Innhaldet av vassløyselege karbohydrat varierte mykje mellom år, stader og slåttar. Som venta var innhaldet stort sett lågare hjå engsvingel enn hjå raigras og raisvingel. Skilnadene i karbohydratinnhald mellom sortane med forventa høgt og lågt nivå var ikkje store, og tilsvarande resultat er funne i dei andre landa som er med i EU-prosjektet.

Sammendrag

Jord- og vannovervåking i landbruket (JOVA)" er et nasjonalt overvåkingsprogram for landbruksdominerte nedbørfelt. JOVA er en videreføring av "Program for jordsmonnsovervåking (JOVÅ)" som ble startet i 1992. Denne rapporten gir en rammeplan for programmet i fireårsperioden 2003 - 2006.

Sammendrag

Raudkløver og kvitkløver er sentrale vekstar for å få til ein vellukka grovforproduksjon i nord. Det er gjennomført forsøk med desse vekstane i prosjekta "Kunnskapsoppbygging innen økologisk landbruk i Troms og Finnmark" i regi av forsøksringane i nemde fylke og "Artar, næringsforsyning og varigheit av kløver i økologisk engdyrking i ulike landsdelar" i regi av Planteforsk. Jamtover har kløver fiksert 3-4 kg N/daa, men mengden kan vera vesentleg høgare i varme somrar i eng med mykje kløver. Energiverdien i raudkløvereng går mykje ned frå begynnande skyting til full skyting av timotei. Eng med kvitkløver viser høgt energiinnhald og lågt innhald av fiber, noko osm kan gje auka fôropptak og auka produksjon.