Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2008

Sammendrag

Det blir sagt at før fans det to slag potet i Valdres. Det var svarteplo og (kvit)eplo. Kvar det har vorte av det kvite slaget veit me ikkje. Men den svarte blir fortsatt dyrka i Valdres, men mest som hobby. Skalet på poteten er nærast plommefarga med lyse spetter i. Formen er rundoval og noko ujamn med relativt djupe grohol. Når me skjer over poteten ser me at det omtrent 1 cm frå skalet er ein fiolett ring. Fargestoffet er anthocyanin, same stoffet som ein finn i blåbær. Svart Valdres gir god avling , men den lir av det same som dei fleste eldre sortar som til dømes Mandel: den er svak mot sjukdom og spesielt turrote. Dei siste åra har etterspørsel en etter fleire av dei gamle potetslaga auka. Mandelpotet er svak mot sjukdom og gir låge avlingar, men på grunn av den store etterspørselen og omdømmet som gourmetpotet, kan produsentane få ein brukbar pris. Gullauge frå Nord-Norge og Ringerikspotet er andre gamle lokale spesialsortar. Med rett marknadsføring skulle det ikkje vere noko i vegen for å lansere Svart Valdres som Valdres sin eigen gourmetpotet. Så får me håpe nokon har tid og interesse for å dyrke denne poteten.