Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
1999
Abstract
Kostnadene i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane her i Noreg er store samanlikna med dei fleste andre land. Dersom inntektene i norsk jordbruk vert reduserte, anten på grunn av større konkurranse frå utlandet, eller ved reduksjon i prisar og overføringar innanlands, vert det ennå viktigare enn før å ha låge kostnader. Store skilnader i kostnader per produsert eining mellom mjølkeproduksjonsbruk med om lag samme produksjonsvilkår og produksjonsomfang, er teikn på at det er mogeleg å redusera kostnadene på mange bruk. For å kunna vurdera endringar, krevst ofte mykje informasjon, og det kan vera komplisert å ha oversikt over alle verknadene. Derfor er det ynskjeleg å ha verkty som kan vera til hjelp ved analyse og planlegging. Formålet med dette prosjektet har vore å utvikla betre verkty for analyse og planlegging av produksjon og bruk av fôr. Planen var å utvikla system for analyse av kostnader og økonomi ved dyrking og bruk av grovfôr, og for taktisk og strategisk planlegging av drifta med vekt på kostnadene i produksjonen av heimeavla fôr, økonomien ved bruk av fôret i husdyrproduksjon, og miljøverknader. Som grunnlag for val av system for økonomistyringsverkty har vi studert nærare norske og utanlandske system, granskingar og utviklingsarbeid på området. Eit forholdsvis grundig oversyn over dette er gjeve i kapittel 2. Ein finn der at der finst ein heil del ulike system og program som er tilgjengelege, meir eller mindre høvelege for vårt formål. Fleire av desse er svært omfattande, og derfor også dyre både ved utvikling og bruk. Ei ulempe er også at ein del ser ut til å vera vanskelege å få i praktisk bruk. [...]
Abstract
Det er ikke registrert sammendrag
Abstract
Nattmålshaugen beiteområde (32 km²) i Lenvik kommune i Troms fylke, er vegetasjonskartlagt. Kartlegginga er ein del av eit forskningsprosjekt kring utvikling av opplegg for bedre bruk av utmarksbeite. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beite. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med omsyn til beiteforhold for sau og storfe.
Authors
Yngve RekdalAbstract
Norsk Institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har vegetasjonskartlagt eit område på 234 km² i Sør-Fron kommune i Oppland. Kartlegginga omfattar grunneigarlaga Ryssland - Skurdal, Nordre Lia og Søre Lia, og er utført på oppdrag frå Fron idèforum. Målet med kartlegginga er å skaffe grunnlag for fleirbruksplanlegging i eit område med fleire sterke arealinteresser som beite, reiseliv/friluftsliv og hytteutbygging. Det meste av arealet ligg i bjørkeskogbeltet, noko går ned i barskogen og mindre areal er snaufjell. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 5 avleia temakart. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med spesiell vekt på beiteforhold for husdyr.
Abstract
Det er ikke registrert sammendrag
Abstract
Det er ikke registrert sammendrag
Abstract
I 1998 fikk Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) i oppdrag av Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet å igangsette og gjennomføre et program for tilstandsovervåkning og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap (kalt 3Q) ved hjelp av utvalgskartlegging. I avtalen lagt til grunn for oppdraget heter det at 3Q skal framskaffe oversikter over utviklingstendenser i jordbrukets kulturlandskap og gi grunnlag for resultatrapportering til Stortinget og forvaltningen. Uavhengig av 3Q programmet fikk Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) i oppdrag av Landbruksdepartementet å utarbeide en rapport til bruk ved internasjonal rapportering om det multifunksjonelle jordbrukets betydning for det norske kulturlandskapet. I den anledning valgte NILF å bruke NIJOS sin inndeling av Norge i 10 hoved jordbruksregioner. På oppdrag fra NILF og LD ble NIJOS engasjert i dette prosjektet for å beskrive hver enkelt jordbruksregion. Resultatet er presentert i rapporten ”The importance of Norwegian agriculture for the cultural landscape. A sub-project under the Ministry of Agriculture’s evaluation programme on multifunctional agriculture” (Nersten m.fl. 1999). Fordi også 3Q-programmet har bestemt at man som et forsøk i 1999 vil bruke de 10 jordbruksregionene som grunnlag for rapportering, har NIJOS valgt å gi ut beskrivelsene av jordbruksregionene på norsk. Rapporten gir en kort presentasjon av hver enkelt jordbruksregion, og beskrivelsene inneholder bl.a. enkelte sentrale data om ulike driftsforhold hentet fra Produksjonstillegsregisteret (Statens kornforretning 1996). Målet med beskrivelsene av jordbruksregionene er å gi en kort innføring i de enkelte regionenes driftsstrukturer, tilstand og problemområder innenfor kultur-landskapsforvaltningen.
Abstract
This report focuses on agriculture and its impacts in rural areas. Agriculture is an important activity in the Norwegian periphery, directly and indirectly. A deregulation of agriculture will most probably have negative impacts on agricultural production and employment. This, in turn, will have negative impacts on other sectors. Since agriculture is overrepresented in the periphery, and there are few alternative sources of employment, reduced activity in agricultural can lead to increased centralisation. This can be a problem since the relatively low population densities already imply a danger of depopulation in the periphery. Some motivations for regulating agriculture are based on the sector's importance in the periphery. Regulations are also motivated by other facts. It is very difficult to distinguish precisely between rurality and other motivations. However, part of the motivation is agricultural production itself, or aims that can be deducted from production. Distribution of income is an example of this. From a theoretical point of view, subsidies should, in order to be as efficient as possible, be directed directly towards the problems they are meant to cure. If the aim for granting agricultural support is rural development and not agricultural production, then it is better to grant subsidies that do not depend upon production. Rural development (RD) can be thought of as complementary to agricultural production (AP): (*) RD = f(AP), f'(AP) > 0 This means that you get more RD if AP increases, and less RD if AP decreases. By subsidising AP, you will automatically get more RD. The function (*) does not, however, say anything about the efficiency of subsiding AP for gaining RD, compared to using the same amount of subsidies directly at gaining RD. The function does not describe whether subsidies that are production dependent are preferable to non-production subsidies from a rural development point of view. Using the function (*) and the fact that the secondary effects of reducing agricultural subsidies may be substantial in the peripheries, one may argue, however, that agriculture is important and that agricultural production is an essential industry for rural development. We would also like to underline the fact that agricultural has several non-food impacts and that multifunctionality is much more than rural development. It is especially difficult to distinguish between «rural development» and «cultural landscape». The relationship between them should probably be discussed further.
1998
Abstract
Gjennom dette prosjektet som starta opp i 1995, har vi vurdert dei økonomiske tilhøva ved produksjon av søtkirsebær. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Planteforsk Ullensvang forskingssenter, Indre Hardanger forsøksring og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning. Dei siste åra har det skjedd store endringar i dyrking av søtkirsebær. Ein har fått nye sortar, nye svaktveksande grunnstammer har gjort det mogleg å ta i bruk nye dyrkingssystem, og dekking av trea mot regnskade har blitt svært vanleg. Varehandsaminga er også endra. Både i Hardanger og i Telemark er det teke i bruk maskinar for sortering og pakking av søtkirsebær. Marknadstilhøva har endra seg, opnare grenser har gjeve større import av søtkirsebær og opna for tollfri eksport. Gjennom arbeidsnoteringar, haustenoteringar og rekneskapstal frå seks bruk i Hardanger, har ein fått gode data for å vurdere arbeidsforbruk, haustekapasitet, avlingar, prisar, utgifter og investeringar. I tillegg har ein henta inn ein del opplysningar frå andre kjelder. [...]
Abstract
Innleiingsvis vert det i kapittel 1 gjort greie for kvifor ein har sett nærmare på landbruket og landbrukspolitikken i Sveits. Det vert peika på at Sveits er det einaste større landet i Vest-Europa utanom Norge som ikkje er medlem av Den europeiske union (EU), og som dermed har ein eigen nasjonal landbrukspolitikk. Elles vert det påpeika at Sveits, på same måte som Norge, har hatt ein ambisiøs landbrukspolitikk i heile etterkrigstida med stor vekt på omfattande skjerming av eige landbruk og store budsjettoverføringar. Frå norsk side vil det kunna vera av stor interesse å få auka kunnskap om korleis Sveits planlegg å innretta sin landbrukspolitikk med tanke på framtida. Dette mellom anna for å finna ut kvar landa kan ha felles interesser i dei komande forhandlingane innan World Trade Organization (WTO) om ytterlegare liberaliseringar på landbruksområdet. [...]