Agronomi i fjellandbruket

Fjellbygdene i Innlandet, Trøndelag og Viken skil seg frå andre landsdelar med eit kontinentalt klima med langvarig snødekke og mykje landbruksareal som ligg høgt over havet. Vidare er det godt om fjellbeite i området, og stølsdrifta har overlevd i mange fjellbygder sjølv om talet på aktive stølar har gått mykje ned. Fjellbygdene har mange små bruk i forhold til flatbygdene, men dette varierer over området ved at ein i dag har auka produksjonen på mange bruk med grunnlag i leigejord og med nydyrking i nokre område. Fjellbygdene i Sør-Noreg har om lag 20 % av grasarealet i Noreg og ca. 15 % av mjølkekyrne og 20 % av sauen i landet. 

frostvatning_potet_alvdal
Frostvatning av potet i Alvdal. Foto: Ola Flaten
Markvandring_Løken_Håkon_J_Skarstad.jpg
Markvandring på Løken. Foto: Håkon J. Skarstad

 Grovfôrdyrking er bærebjelken

Grovfôrbasert husdyrproduksjon er basis for fjellandbruket og over 90 prosent av jordbruksarealet er eng og beite. Av andre vekstar er det litt korn i lågareliggjande bygder og litt mandelpotetdyrking i Oppdal, Nord-Gudbrandsdal og Nord-Østerdal. Mykje einsidig eng- og beitedyrking fører til at det er mykje gammal eng i området. Her er det likevel stor variasjon, med 10-15 % gammal eng i Oppdal og Nord-Østerdal og rundt 50 % gammal eng i fjellbygdene i Telemark og Setesdal (SSB). I perioden 1960-1990 vart det dyrka mykje jord i fjellet (mest 800-1000 m o.h.) i fjellbygdene. Fjelljorda er viktig for fôrgrunnlaget på mange bruk, men i dag blir jorda mange plassar drive meir ekstensivt med beiting og mykje gammal eng, medan jorda i bygda blir drive meir intensivt med sterkare gjødsling og hyppigare fornying.  

Løken - forskingsstasjon for fjellregionen

Løken forskingsstasjon vart oppretta i 1918 og har vore viktig for å auke agronomisk kunnskap i fjellandbruket. Forskingshistoria er godt beskrive i jubileumsskrivet for Løken forskingsstasjon 1918-2018 (Eltun et al. 2018). I tillegg til feltforsøk på stasjonen har det gjennom heile perioden vore utført mange lokale forsøk i området som har vore viktige for å formidle kunnskapen ut til brukarane. Den første tida vart det utført forsking på mange slag vekstar, medan fokuset etter kvart har vorte stadig sterkare mot eng- og beitevekstar og fjellbeite. Engvekstforedling var ein stor del av drifta på Løken fram til at Graminor vart oppretta i 2004. Av viktige forskingsområde i nyare tid kan nemnast: 

  • Gjødsling og kalking av eng og beite 

  • Fôrkvalitet og haustesystem 

  • Kvalitet av utmarksbeite 

  • Beiting i inn- og utmark med småfe 

  • Frøblandingar, artar og sortar 

  • Jordpakking og køyreskade 

  • Fornying og vedlikehald av eng 

  • Økologisk engdyrking 

  • Avling og botanisk samansetjing i eng av ulik alder 

  • Overvintring av engvekstar 

Frå og med 2021 er ikkje Løken lenger ein forskingsstasjon i NIBIO-regi.  Feltverksemda på Løken vil likevel halde fram i regi av Norsk Landbruksrådgjeving Innlandet. Verdiprøving av engvekstar for fjell- og dalbygdene vil fortsetje på Løken, og det blir høve til å leige feltareal for agronomisk forsking vidare.  

 

Publikasjoner