Hopp til hovedinnholdet

Planteforedling for fjellregionen

Planteforedling 1

Stor grasavling på Løken forsøksgard. Bildet er sannsynligvis fra 20-talet. Foto: Nibio 

Engvekstene for fjellbygdene skal tåle lange vintrar og fleire haustingar samtidig som dei skal gi stor avling med god kvalitet og vere gode frøprodusentar. Planteforedling er eit langsiktig arbeid, og i Valdres starta dei opp då Statens forsøksgard for fjellbygdene vart oppretta i 1918.

Testing av lokale stammer

I starten vart det samla inn frø av gardsstammer som vart frøformert og testa i forsøk, og fleire viste seg å vere betre enn importerte sortar. Mest kjent frå denne tida er ‘Løken engsvingel’ som vart godkjent i 1927. Innsamlingane vart gjort både på forsøksgarden, i støls- og fjellområda i Valdres og også i andre fjellbygder. Artane som vart samla inn var timotei, engsvingel, raudsvingel, engkvein, hundegras, engrapp, engrevehale og også fjelltimotei, fjellrapp, gulaks og sølvbunke. Ei lang rekke engbelgvekster vart også samla inn og testa, som rundbelg, luserne, lupin, steinkløver, gjerdevikke og musevikke. Raudkløver, alsikekløver og kvitkløver vart ikkje samla inn, men gardsstammer både frå Norge og utlandet vart testa. 

Foredling av lokale varianter 

På midten av 1950-talet vart det oppretta ei NLVF-stilling på Løken som hadde i oppdrag å drive forsøk og foredling i engvekster. Det vart gjort nye innsamlingar, men det nye var at det også vart gjort utval i materialet og anlagt kryssingsfelt, med påfølgande avkomsttesting og til slutt samansetting til ny sort. Tradisjonell frøhausting av gardsstammer var meir som ein naturleg seleksjon ved at ein sette att eit lite stykke av enga til frø. Med eit bevisst utval av foreldreplanter med ønska egenskapar, og kryssing under kontrollerte forhold, gjorde ein eit stort steg framover i foredlingsarbeidet. 

Foredling for seterregionen 

Nydyrkinga i fjellet gjorde det aktuelt også å foredle for seterregionen. Viktige artar her var timotei og engsvingel. Det vart starta opp med seleksjonsarbeid i timotei ved Kjølastølen (1050 m.o.h.). Arbeidet med timotei for fjellet gav gode resultat og det vart laga fleire syntetiske sortar. Sortane vart testa i den offisielle verdiprøvinga, men sidan prøvinga her ikkje ligg i fjellet, fekk ikkje sortane vist seg fram. Marknaden for slike sortar var også for liten til at frøfirma såg det som interessant, og foredlingsarbeidet vart avslutta. Men materialet er tatt vare på om det skulle bli aktuelt igjen.  

Samarbeid med dansk foredlingsfirma 

I 1997 inngjekk Planteforsk både ein foredlings- og marknadsføringsavtale med det danske foredlingsfirmaet DLF-Trifolium. Det vart auka arbeidsomfang og storskala foredling. Kreative ansatte på Løken tilpassa arbeidsmetode og utstyr til lokale forhold. Blant anna vart den første Haldrup haustemaskina bygd om med drift på alle hjula for å komme opp bakkane, og eit system med strekkoder og scanning vart innført for å effektivisere handteringa av alle data. 

Graminor overtok ansvaret for planteforedling

Etter opprettinga av Graminor i 2001 vart planteforedlinga på Løken historie, men Løken blir fortsatt brukt som lokalitet for avkomstesting og interntesting. Sidan planteforedling er eit langsiktig arbeid er det mange engvekstsortar i bruk med namn som startar på L.  Hos Felleskjøpet kan du i dag (februar 2021) få kjøpt timoteisortane  ‘Lidar’ og ‘Liljeros’, ‘Lara’ strandrør, ‘Laban’ hundegras, ‘Leif’ bladfaks, ‘Live’ luserne og ‘Lea’ raudkløver. Og er du heldig er det både ‘Leik’ raudsvingel’, ‘Leirin’ engkvein og ‘Lillian’ sauesvingel i naturfrøblandinga. 

Publikasjoner

To document

Abstract

Denne rapporten presenterer forskingshistoria for Løken forskingsstasjon 1918-2018 med fokus på forskingsoppgåver i desse 100 åra. Viktige arbeidsområde har vore sortsutvikling og dyrkingsteknikk for aktuelle vekstar i fjellbygdene med vekt på engvekstar, kartlegging av produksjonsgrunnlaget i fjelltraktene, beitebruk på inn- og utmark, miljøutfordringar og biologisk mangfald i stølsområda. This report presents the research history for Løken Research Station 1918 – 2018 focusing on research tasks during this 100 year period. Important fields of work has been plant breeding and cropping methods for actual crops in the mountainous areas with most attention on meadow crops, mapping of the production potential, in- and outfield grazing, environmental challenges and management of the cultural landscape.

Abstract

Det er om lag 200 år sidan ein starta å dyrke timotei i Norge. For 50 år sidan hadde me fortsatt fleire lokalsortar eller gardsstammer av timotei både i Sør-Norge og i Nord-Norge. På dagens sortsliste har me 4 norske timoteisortar, Grindstad, Engmo, Vega og Noreng. Grindstad er ein lokalsort frå Rakkestad, og den som gir størst avling i Sør-Norge. Engmo skal bli erstatta av Noreng, som er meint for Nord-Norge og høgareliggande strøk i Sør-Norge. Vega er også nordleg men ikkje så ekstrem som Engmo og Noreng, og er også interessant der ein er ute etter ein stor første slått. Det er i dag mange nye potensielle sortar i offisiell verdiprøving og interntest, som kan passe både for Nord-Norge og Sør-Norge og i utlandet med.