Dyrking av eng- og beitevekstar i fjellbygdene
Eng og beite utgjer det aller meste av jordbruksarealet i fjellbygdene og var hovedfokuset for forskinga til Nibio i fjell- og dalbygdene på Austlandet. Følgande tekst er ein lett revidert versjon av det Tor Lunnan skreiv til rapporten «Forskingshistoria til Løken Forskingsstasjon 1918-2018».
Frøblandingar, artar og sortar
Prøving av ulike artar, sortar og frøblandingar til eng har til alle tider vore ein stor aktivitet på Løken. Dei siste åra har testing av foredlingsmateriale for Graminor stått for størstedelen av forsøksarbeidet med eit omfang mellom 2000 og 3000 forsøksruter årleg. Dei viktigaste artane i prøvinga er timotei, engsvingel og raudkløver, men foredlingsmateriale av andre artar blir også testa for vinterherdigheit. Løken er også fast teststasjon for den offisielle verdiprøvinga av engvekstar som den einaste testplassen i dal- og fjellbygdene på Austlandet. Årleg blir det lagt ut tre til seks felt i ulike artar. Resultata frå Løken dannar eit viktig grunnlag for godkjenning av nye sortar tilpassa veksevilkåra i dal- og fjellbygdene på Austlandet.
Frøblandingar for fjellbygdene er stort sett sette saman som for andre område av Noreg, med unntak av blandingar langs kysten der fleirårig raigras går inn. Timotei er hovudarten, og engsvingel går til vanleg inn i blandingane. Kløver er også tilsett dei fleste blandingane, raudkløver i slåtteblandingar og kvitkløver i beiteblandingar.
Til beitefrøblandingar går i tillegg engrapp inn, og andre beitegras som engkvein og raudsvingel kan også vera med. Skilnaden mellom ulike landsdelar i samansetjinga av frøblandingar går meir på kva sortar innanfor kvar art som blir brukt. Spesielt for fjellbygdene er at det blir sådd ein del bladfaks, særleg i tørre delar av Gudbrandsdalen. Det er gjort mange forsøk med frøblandingar gjennom tida på Løken. Av meir grunnleggjande forsking har stasjonen delteke i eit stort europeisk COST-prosjekt i perioden 2004-2006, der ulike forhold mellom artane timotei, engrapp, raudkløver og kvitkløver vart prøvde ut. Eit viktig funn var positive samdyrkingseffektar ved blanding av grasartar. Samdyrkingseffekt av blandingar mellom gras og kløver er vel kjent, men desse forsøka viste også tydeleg at det kan vera gunstig å bruke fleire grasartar i frøblandingane. Forsøket viste også at samansetjinga av frøblandinga kan variere ein god del utan at avlinga blir mykje påverka så lenge dei viktigaste artane er med i blandinga.
KONTAKTPERSON
Timotei
Timotei er hovudarten i frøblandingar forfjellbygdene, og arten har jamt over stått godt i forsøk på Løken. Timoteirutene etablerer seg raskt og greier overvintringa betre enn mange andre artar, slik at timoteifelta oftast har lite ugras og gir høge avlingar. Timotei er godt tilpassa eit system med to slåttar. I intensive haustesystem som til dømes vart prøvde ut i prosjektet ‘Meir og betre grovfôr’ i perioden 2004-2007, med tre haustingar i året, vart timoteien tynna ut slik at det var lite timotei alt i tredjeårsenga og andre artar tok over vekseplassen.
Det same er funne i ulike forsøk med simulerte beitesystem til sau, der timoteien veks dårleg frå våren etter simulert haustbeite året før og gjev mindre vårbeite enn rapp- og svingelartar. Ei gransking over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene i perioden 2013-2016 viste at timotei ikkje er særleg varig i praktisk drift. I unge enger dominerte timotei, men i enger frå fire til seks år var det i gjennomsnitt berre 22 % timotei, og i enger eldre enn seks år 5 % timotei.
Sortsvalet i timotei har endra seg gjennom tida, men sorten ‘Grindstad’ har halde bra stand og er framleis ein stor sort i fjell- og dalbygdene på Austlandet. Tidlegare vart det brukt ein del nordnorske sortar, særleg i dei høgastliggjande områda, medan det i dag stort sett blir brukt berre sørnorske sortar.
Nordnorske sortar som ‘Noreng’ blir rekna til å gje for låg gjenvekst i toslåttssystem, men høver framleis godt ved einslåttssystem i fjellet. Sorten ‘Lidar’ blir i dag mykje brukt for fjellbygdene, gjerne i blanding med ‘Grindstad’. Den nye sorten ‘Liljeros’ ser ut til å gje ‘Grindstad’ konkurranse framover, og det kjem stadig nytt lovande foredlingsmateriale.
Engsvingel
Nest etter timotei, er engsvingel den mest brukte arten i frøblandingane. Engsvingel i reinbestand har stått godt i felta på Løken, men avlingsnivået ligg under timotei i toslåttssystem. Engsvingelfelta får gjerne inn litt meir ugras enn timotei i tredjeårsenga. Engsvingel blir generelt rekna til å vera litt tidlegare i skyting enn timotei, men på Løken er det liten forskjell mellom artane. Dette kjem truleg av at engsvingel kjem seinare i gang frå våren, og i blandingseng får ofte timotei eit forsprang.
Fôrkvaliteten hos engsvingel er om lag på nivå med timotei i førsteslåtten når artane blir dyrka i reinbestand. I andreslåtten har oftast engsvingel litt høgare fôrverdi på grunn av at gjenveksten berre består av blad, medan timotei også har mykje strå. I ei gransking i blandingsenger i fjellbygdene 2015-2016 var fôrkvaliteten hos utsorterte engsvingelplantar høgare enn hos timoteiplantar. Dette kan kome av at timotei har dominert engene frå våren, og at engsvingel i blanding har vore seinare utvikla enn timotei.
Sortsvalet i engsvingel har endra seg opp gjennom tida. ‘Løken’ engsvingel var lenge ein god sort for fjellbygdene, men vart erstatta av andre sortar. I dag blir ‘Norild’ mest brukt, men denne sorten ser no ut til å bli erstatta av ‘Vinjar’.
Engsvingel toler vanlegvis beiting og intensiv drift betre enn timotei, men ikkje alltid. I eit beiteforsøk på 1960-talet tok engsvingel over plassen for timotei, og i eit forsøk med simulert beiting (sauesystem) i 2013-2014 var andelen av engsvingel i blanding med timotei mykje høgare i sauesystemet enn i eit toslåttssystem. I forsøka under prosjektet ‘Meir og betre grovfôr’ med tre haustingar, tok derimot engsvingel i liten grad over plassen når timotei gjekk ut. Her var det raudkløver og ugras som løvetann som kom inn i staden.
I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger 2013-2016 gjekk innhaldet av engsvingel ned i takt med timotei, slik at det var i middel 16 % engsvingel i 1-3 år gamal eng, 12 % i 4-6 årig eng og 3 % i eng eldre enn seks år. Andre grasartar, særleg engrapp og kveke, tok over plassen i eldre enger. Dette viser at engsvingel i fjellbygdene i liten grad tek over etter kvart som timotei går tilbake i enga med aukande alder, og at frøblandingar for eng som skal vare meir enn tre-fire år bør ha med meir varige grasartar i tillegg til timotei og engsvingel.
Engrapp
Engrapp er ein viktig art i fjellbygdene. Arten er med i alle frøblandingar til beite og også i mange frøblandingar til surfôr for fjellbygdene. Engrapp har stor evne til å danne tett grasbotn og ta over plassen når timotei og engsvingel blir tynna ut i enga. I ei prøving åra 2003-2006 for sauesystem med simulert beiting vår og haust var tilsetjing av engrapp i frøblandinga viktigare for avling og dekning av sådde artar tredje engåret enn bruk av meir eller mindre hardføre sortar av timotei, engsvingel og kløver.
I prosjektet ‘Meir og betre grovfôr’ frå 2003-2006 vart blandingar av engrapp og kvitkløver prøvde ved ulike haustesystem. Engrapp tolte intensive haustesystem godt og det var lite ugras i felta. Avlingane heldt seg godt oppe også i tredje- og fjerde års eng. I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene 2013-2016 viste engrapp god varigheit og var den viktigaste av sådde artar i enger over tre års alder. I middel var det 4 % engrapp i den yngste enga, 20 % i enger frå 4-6 år og 24 % i eldre eng. Engrapp er bladrik og har god fôrkvalitet, men kan bli angripen av mjøldogg. Den fenologiske utviklinga er rask frå våren hos engrapp, men samtidig er størstedelen av skotta reine bladskott slik at bladandelen i hausta avling er høg. Dei fleste engrappsortane på marknaden viser god hardførheit, også utanlandske sortar. I dag er sortane ‘Knut’, ‘Monopoly’ og ‘Oxford’ mest brukte.
Bladfaks
Bladfaks har stått godt i forsøk på Løken og har jamt over gjeve større avlingar enn timotei i toslåttssystem. Fôrkvaliteten har derimot vore ein god del lågare enn hos timotei når artane blir hausta til same tid. Det var også lågare energiverdi, men høgare proteininnhald, i utsorterte bladfaksplantar enn i timoteiplantar ved gransking av blandingsenger i fjellbygdene i 2015-2016. I ein forsøksserie der timotei og bladfakssortar vart samanlikna ved to haustetider for førsteslåtten sist på 1990-talet, vart det funne at ein måtte ha hausta bladfaks om lag ei veke før timotei for å få lik energiverdi.
Bladfaks har eit effektivt næringsopptak og har høgare innhald av protein og mineral enn timotei på same utviklingstrinn. Arten har underjordiske utlauparar og er varig i enga dersom han ikkje blir hausta for hyppig eller beita for hardt. Bladfaks høver best på tørkesvak jord der ein vil ha langvarig eng, og er mest brukt i tørre delar av Gudbrandsdalen. Sorten ‘Leif’ er einerådande i frømarknaden.
Andre grasartar
Hundegras toler intensiv hausting betre enn timotei, men er no lite brukt i fjellbygdene. Hundegras er ikkje så vintersterk som timotei, og er spesielt svakare i vintrar med isdekke og barfrost. Virussjukdom har òg sett hundegras tilbake i delar av Gudbrandsdalen der arten har vore mykje dyrka. Hundegras kan vera varig i engene, spesielt der det er vintrar med stabilt snødekke. Dei gamle sortane ‘Apelsvoll’ og ‘Hattfjelldal’ er no erstatta av sorten ‘Laban’.
Raisvingel og strandsvingel har vore ein del prøvd i forsøksfelt, men har til no vore lite brukt i praksis. Av raisvingel har strandsvingeltypar som ‘Hykor’ greidd seg godt på Løken, medan det meste av annan raisvingel har vore for lite hardført. Strandsvingelsortar har konkurrert godt med engsvingel i verdiprøvingsforsøk på Løken, og dei har vore like vintersterke. Strandsvingel har spesielt gjeve større gjenvekst enn engsvingel. Strandsvingel ‘Kora’ og raisvingel ‘Hykor’ greidde seg godt i eit sauesystem-forsøk med simulert beiting vår og haust i blandingar med timotei, og gav større avling enn timotei/engsvingelblanding både på Løken og i Nord-Østerdal.
Andre grasartar er meir sporadisk prøvde og blir lite brukt i praktisk eng. Strandrøyr kan gje store avlingar i fjellbygdene, men fôrkvaliteten er dårleg og arten blir helst brukt på beresvak myrjord. Engkvein og raudsvingel blir litt brukt i beitefrøblandingar saman med engrapp.
Fleirårig raigras er også prøvd sporadisk på Løken, også i foredlingsfelt for å teste vinterherdigheit, men oftast har dette gått dårleg. Arten kan overvintre godt i nokre vintrar, til dømes gav den diploide sorten ‘Fagerlin’ svært gode resultat første engåret i blanding med timotei på Løken i forsøk med simulert beiting i 2013-2014. Andre engåret var blandingar med raigras svært tynne frå våren og underlegne i avling. Tilsvarande forsøk i Nord-Østerdal gav små avlingar i begge engåra til tross for eit visst innslag av raigras i avlinga. Kraftig tilslag i såingsåret som konkurrerer sterkt med blandingsvekstar gir lett tynn eng og mindre avling seinare.
Engbelgvekstar
Raudkløver blir mykje brukt i frøblandingar, spesielt i blandingar til surfôr og høy. Raudkløver greier seg godt i fjellbygdene, men overvintringa er meir usikker enn for grasartane. Raudkløver er ømtolug for berrfrost og isdekke, og arten er også utsett for ulike soppsjukdommar. Ved testing i reinbestand på Løken har tetraploide sortar gjeve større avling enn diploide sortar. I dag er ‘Reipo’ og ‘Lars’ aktuelle tetraploide sortar. Diploide sortar har vore mest brukte i frøblandingane, og ‘Bjursele’ var lenge ein mykje brukt sort i fjell- og dalbygdene. No er ‘Lea’ mest brukt, men er i ferd med å bli erstatta av ‘Gandalf’.
I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene var det i middel lite kløver i engene, sjølv om det fanst unntak i dei yngste engene. Truleg er sterk nitrogengjødsling og bruk av mykje husdyrgjødsel ved attlegg utan dekkvekst hovudårsak. I forsøk har raudkløver også vorte meir sett tilbake av køyring og jordpakking enn mange andre engvekstar.
Kvitkløver blir også ein del brukt, spesielt i blandingar til beite. Kvitkløver har ikkje vist seg like hardfør som raudkløver i fjellbygdene, men arten har stor evne til vegetativ formeiring og er langt meir varig enn raudkløver i grasmarka. Kvitkløver toler også driftspress som jordpakking og køyrebelastning betre enn raudkløver. I slåtteng gjer kvitkløver mindre av seg enn raudkløver. Norske, nordlege sortar er mest hardføre, men dei gir mindre gjenvekst og totalavling enn sørlegare sortar. Aktuelle sortar tilpassa dyrking i fjellbygdene er ‘Norstar’, som er småblada og best til beite, og ‘Litago’ som gjev større avling og som høver betre i surfôrblandingar. I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene var det i middel lite kvitkløver i engene, sjølv om det var meir av kvit- enn av raudkløver i enger over tre års alder.
Luserne er prøvd ein del på Løken og fleire av dei nye norske sortane er resultat av overlevande plantar i felt på Løken. Likevel må ein seie at luserne er heilt i yttergrensa av potensielt dyrkingsområde for arten når det gjeld overvintring. Luserne gir rask og god gjenvekst etter slått, spesielt under varme og tørre forhold. Arten bør ikkje haustast tre gonger i fjellbygdene dersom enga skal vare.
Andre engbelgvekstar som tiriltunge og strekbelg (Galega orientalis) er også prøvde på Løken, men har ikkje konkurrert med kløver når det gjeld tilslag og avling.
Ikkje-sådde artar
Ikkje-sådde artar finst det også ein god del av i engene i fjellbygdene. I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene var det spesielt mykje av kveke, som i enger over tre år var den mest utbreidde grasarten ved sida av engrapp. Kveke trivst godt med dagens dyrkingspraksis med relativt sterk gjødsling og stor køyrebelastning på engene. Kveke overvintrar godt ved hjelp av underjordiske utlauparar, og arten har stor konkurranseevne om lys og næring. Kveke opptrer oftast flekkvis i engene. Kveke kjem for fullt inn i timoteibaserte frøblandingar etter tre-fire år når timotei og engsvingel tynnast ut. På bakgrunn av denne granskinga er det tilrådd å ha med engrapp i frøblandingane også til surfôrslått i fjellbygdene for å demme nok opp for kveka i enger med liggjetid over tre år.
Ei gransking i blandingsenger i fjellbygdene 2015-2016 viste at energiverdien hos utsorterte timotei- og kvekeplantar var lik i førsteslåtten. I andreslåtten var energiverdien lik i tørre område, men elles lågare hos kveke enn hos timotei. Kveke har dårleg stråstyrke, spesielt i gjenveksten, og mykje legde og soppangrep kan setje ned kvaliteten mykje. Kveke hadde høgare innhald av protein og mineral enn timotei. Moderate mengder av kveke i enga synes derfor ikkje å vera eit problem for fôrkvaliteten.
Av andre grasartar er det ein god del tunrapp i engene, og i eldre enger kjem også andre artar som engkvein, engreverumpe og andre varige grasartar ofte inn.
Av tofrøblada ugras er særleg høymole problemart i fjellbygdene og står for ein stor del av ugrassprøytinga. Høymole utgjer sjeldan ein stor andel av avlinga, men har stort potensiale til å auke utbreiinga gjennom spreiing både med rotbitar og frø, og arten verkar også negativt inn på fôrkvaliteten. Løken har delteke i eit forskingsprosjekt om høymole leia frå Plantehelse, og forsøk her viste at djup pløying og bruk av skumskjær reduserte spreiing av høymole frå rotbitar på infisert jord. Høymoleproblemet vart likevel ikkje løyst, for i tillegg kom det ein god del nye høymoleplantar frå frø. I granskinga over botanisk samansetjing i vanlege enger i fjellbygdene vart det registrert mest krypsoleie av tofrøblada ugras, men det var også mykje av andre artar som løvetann, høymole, marikåpe, engsyre, nesle, engsoleie og ryllik. Mengda av tofrøblada artar auka mykje med aukande engalder. I forsøk i kortvarige engomlaup på Løken har det vore mest av løvetann, til dømes i forsøka i ‘Meir og betre grovfôr’-prosjektet der det kom inn mykje løvetann i treslåttssystema.