Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Sammendrag

Forsøk med ulik toppehøgd og ulikt plantetal i radene ved dyrking av bringebærsorten ’Glen Ample’ synte at når skota vart toppa til 160 cm i staden for 140 cm, auka avlinga pr dekar i middel av to år berre med om lag 8 prosent og avling pr skot med 6 prosent. Når tal skot pr meter planterad vart auka frå 6 til 8 eller 8 til 10, auka avlinga pr dekar i same perioden med 10 prosent og 22 prosent. Avlinga pr dekar auka i middel for åra med 34 prosent når tal skot auka frå 6 til 10 pr meter rad. Avlinga pr skot vart samstundes redusert med 18 prosent. Korkje bærstorleiken, åtak av stengelsjukdomar eller fordelinga av knopptypane var påverka av behandlingane.

Sammendrag

Sortsforsøka som er i gang i Danmark og Norge syner at sortsvalet kan vera relativt likt begge stader. Med auka vekt på kjemiske innhaldsstoff er det fleire nye sortar som er av stor interesse. Sortar for ferskvare krev andre eigenskapar, men nokre av dei beste sortane kan også vera verdfulle for den marknaden.