Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

Fôrforsyninga til eit simulert mjølkeproduksjonsbruk frå eit seksårig vekstskifte under omlegging til økologisk drift er evaluert. Vekstskiftet som bestod av bygg i attlegg av eng, treårig eng, kålrot og havre, vart tilført husdyrgjødsel i mengder tilsvarande 0,1 ku per dekar. Energi- (FEm) og proteinforsyning (AAT og PBV) vart evaluert på bakgrunn av gjeldande regelverk frå DEBIO med krav om at minimum 70% av energiforsyninga skal være basert på grovfôr. I fem av seks år vart det produsert nok gras/kløver og kålrot i vekstskiftet til å dekke grovfôrbehovet, gitt eit ytingsnivå à 5000 kg mjølk per ku per år. Avlingane av korn var alle år for små til å dekke det resterande energibehovet, men noko høgare avlingar mot slutten av perioden reduserte energiunderskottet frå 10-15% til 5% siste året. Eit lågt proteininnhald, både i grovfôr og korn gjorde at proteinunderskottet var større enn energiunderskottet. For å auke bærekrafta til det økologiske mjølkeproduksjonsbruket må ein redusere dyretalet (kyr per dekar) og/eller ytingsnivået. Endringar i vekstskiftet og i disponeringa av husdyrgjødsla kunne truleg også hatt positiv innverknad på sjølvforsyningsgraden av energi og protein på mjølkeproduksjonsbruket.

Sammendrag

"Ginger Gold", HL 164, BC 9P-15-30 og BC 11W-12-11 var dei mest lovande av i alt 39 sortar og seleksjonar i førsteprøving avslutta 1999. Om lag halvparten av dei prøvde sortane var skurvresistente, og av desse oppnådde "Retina", "Belmac", "Realka" og "William"s Pride" best kvalitet.

Sammendrag

Denne rapporten presenterar resultat frå førsteprøving av 38 sortar og seleksjonar i eple i perioden 1995-1999. "Ginger Gold"®, HL 164, BC 9 P-15-30 og BC 11W-12-11 har vore dei mest lovande i denne prøvinga. Av skurvresistente sortar i prøvinga oppnådde "Retina", "Belmac", "Realka" og "William"s Pride" best kvalitet

Sammendrag

Artikkelen omfatter - sjebnen til eldre granplantninger på Vestlandet - bestandsutvikling i eldre forsøksfelt. Oppgavene indikerer at 2/3 av granplantefeltene er avvirket før fylte 60 år, men at de ut fra det såkalte masseprinsippet med fordel kan ha omløpstider fra 80-120 år, sjøl på svært høg bonitet. I lavereliggende skog vestafjells endrer middeltilveksten seg relativt lite når bestandet passerer 70-80 år. Eventuell prispremiering av grove dimensjoner er en viktig faktor for hvorvidt det vil være lønnsomt å overholde gammel granskog. Risikoen for vindfellinger og rotråte må særskilt vurderes.