Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2022

Sammendrag

Klimaendringar gir lenger vekstsesong, meir nedbør i store deler av året, fleire tørkeepisodar, meir intense nedbørsperiodar og flaum og endra vinterforhold. Dette påverkar planteproduksjonen og behov for tilpassing i ulike produksjonar og klimasoner. Dette faktaarket handlar om strategiar for klimatilpassing for grovfôrdyrking på Vestlandet.

Sammendrag

In Norway, the effect of drainage on grassland yields has received little attention for decades. Low level of drainage may be a reason for low grassland production. Therefore, a drainage experiment was established in a western Norwegian ley, on a sandy silt soil with a high capacity for water storage. The plots had six and twelve meters drain spacing, as well as undrained. There were two or three cuts, and fertilization of 190 or 290 kg N yr-1 ha-1. Drainage intensity gave a small significant increase in yield. N loss in drainage water increased with drainage intensity. The yield increase is likely too small to justify drainage, but the intervention might still be worthwhile due to increased N efficiency and a more manageable risk of compaction. A precise quantification of the hydrological effects is hard due to inherent soil variability.

Til dokument

Sammendrag

Lengre vekstsesong gjer det mogleg å hauste enga oftare, noko som betrar grovfôrkvaliteten og reduserer behovet for kraftfôr i til dømes mjølkeproduksjon. Standard maskin og reiskap for dyrking og hausting av gras er tungt, og auka i tal slåttar per år vil auke pakking og skading av jorda. Det vil mellom anna gje lågare avlingar. Med små sjølvgåande lette robotar kan det tenkjast at enga kan haustast oftare utan at det går ut over jordstruktur og plantevekst. Formålet med dette arbeidet var å teste økonomiske lønsemd av å hauste enga fem gonger i året, som i eit tenkt robotsystem (Robot-system), samanlikna med standard hausting tre gonger i året (Standard-system). I Robot-systemet var graset tenkt slått, vendt, raka saman, samla opp og transportert til ei stasjonær rundballe-presse med ei flåte av sjølvgåande robotar (Thorvald II) med ein lastekapasitet på 200 kg per roboteining, medan i Standard-systemet var graset slått med ei breispreiarslåmaskin med knekkar, raka saman og pressa med såkalla kombipresse. Tal for avlingsmengd og fôrkvaliteten av surfôret frå avlinga var frå eit engdyrkingsforsøk på Fureneset forsøksstasjon der to engfrøblandingar vart hausta tre eller fem gonger i året over tre engår. Dei økonomiske kalkylane vart gjort for to mjølkebruk med enten 200 eller 400 tonn mjølkekvote, med enten 8 000 eller 10 000 kg energikorrigert mjølk (EKM) per årsku. Optimering av fôrrasjonen for dei ulike avdråttsnivåa og ulike grovfôrkvalitetane vart gjort i NorFor ved hjelp av programmet «TINE Optifôr». Vi brukte kalkyleprogrammet «Grovfôrøkonomi» for å rekne ut dyrkings-, haustings- og utfôrings-kostnadar av grovfôr og samla fôrkostandar for grovfôr og kraftfôr. Det var ingen effekt av engfrøblanding på avling og fôrkvalitet. Tre slåttar årleg gav i gjennomsnitt 16% høgare avling enn fem slåttar (1237 kg TS/daa vs. 1040 kg TS/daa), medan surfôrkvaliteten av samla årsavling var høgare med fem enn tre slåttar. Avlingsskilanden mellom fem og tre slåttar var om lag den same i alle tre engår. Fôroptimeringa viste at den betra fôrkvaliteten med Robotsystem auka grovfôropptaket med 14%, og reduserte kraftfôrbehovet med 45% ved eit avdråttsnivå på 8000 kg EKM og med 28% ved 10000 kg EKM. På grunn av lågare avling og høgare fôropptak var arealbehovet 32% større med Robotsystemet enn Standardsystemet. Låg lastekapasitet på den sjølvgåande roboten og stor kapasitet på stasjonær rundballepressa gjer at Robotsystemet var meir kostbart enn Standardsystemet. Men dersom graset i Robotsystemet blir samla opp og pressa med ei kombipresse, som i Standardsystemet, gav Robotsystemet lågare totale fôrkostander enn Standardsystemet. Dette resultatet var avhengig av arealtilskotssone, og i lågare tilskotssone enn 5B, var det ingen forskjell mellom haustesystema. På grunn av det større arealbehovet, var klimagassutsleppet i dyrking av grovfôret større i Robotsystemet, først og fremst på grunn av større lystgassutslepp frå kunstgjødsel. Det blir konkludert med at hausteteknologien i Robotsystemet vi testa kan fungere, men den må tilpassast større autonome traktorar som har høgare kapasitet til oppsamling og transport av fortørka gras og som kan brukast i andre driftsoperasjonar. Analysen viste også at heile mjølkeproduksjonssystemet, både fôrdyrkinga og husdyrproduksjonen, må analyserast samla for å kunne avgjere om ei endring i driftstiltak i grovfôrproduksjonen vil gje betre lønsemd eller mindre miljøbelastning