Synnøve Rivedal

Stasjonsleder

(+47) 975 85 474
synnove.rivedal@nibio.no

Sted
Fureneset

Besøksadresse
Furenesvegen 210, 6967 Hellevik i Fjaler

Sammendrag

Meir nedbør og færre dagar med opphaldsvêr i vekstsesongen gjer det vanskeleg å hauste enga til rett tid utan pakkingsskader på jorda. I prosjektet GrassRobotics undersøkte vi korleis hausting med lettvektsrobot påverka avling, kvalitet, haustevindauge, jordpakking og rot:skot-forhold samanlikna med traktor og rundballepresse. Dette vart testa i feltforsøk på NIBIO Fureneset i åra 2018 til 2021. Tre nivå av pakking/hausteregime (Utan pakking, Robot, Standard) var lagt ut på storruter i eit faktorielt forsøk med split-plot design med tre gjentak, og to typar engfrøblandingar (Vestland, Bladgras) var testa på småruter innanfor storrutene. Behandlinga på storrutene var ei blanding mellom pakking og hausteregime der Standard hadde tre slåttar og tre overkøyringar med traktor og rundballepresse etter slåttane per år, og Robot hadde fem slåttar og fem overkøyringar med robot per år. Robot med fem slåttar gav lågare tørrstoff- og fôreiningsavling enn Standard med tre slåttar. Grovfôret i Robot hadde høgre energiverdi enn i Standard. Det var ingen effekt av frøblanding på avling og kvalitet. Engavlinga heldt seg stabilt høg i alle tre engåra både i Robot og Standard. Den femte slåtten i Robot, med veksetid frå slutten av august til slutten av september, gav svært lita avling og vil ikkje vere realistisk å utføre i praksis. Grasveksten avtek i september truleg på grunn av låg solinnstråling. Med standard hausteutstyr ville ein i to av dei tre engåra fått problem med å hauste på tørr nok jord utan fare for jordpakking. Alle åra var jorda for våt frå starten av september og utover, og hausting med tradisjonelt hausteutstyr bør skje før dette. Ein lett robot kan brukast kort tid etter nedbør, men for å unngå regn under hausting må kapasiteten tilpassast at ein mange år har få dagar utan nedbør i vekstsesongen. Motstanden i jord frå 5 cm jorddjupne og nedover var lågare etter bruk av robot enn etter bruk av standard hausteutstyr, noko som tyder på at robothausting reduserer jordpakkinga. Vi fann ikkje skilnad i jordtettleik, luftkapasitet eller luftpermeabilitet mellom Robot og Standard. Det var ikkje skilnad i nitrogenavling mellom dei to haustesystema.

Sammendrag

Denne rapporten gir en oversikt over klimatiltak i planteproduksjoner som enten kan redusere utslipp av klimagasser eller øke karboninnholdet i jord. Den gir oversikt over tiltak som bla. drenering, gjødsling, kalking, husdyrgjødseltiltak, åkerbelgvekster, kløver i eng, presisjonsjordbruk, fangvekster, biokull. I prosjektet- finansiert fra Forskningmidler for jordbruk og matindustri- er det også utarbeidet en delrapport om klimatiltak i husdyrproduksjonen (Aass mfl., 2024) og en delrapport om sammenheng ellom klimatiltak, klimatilpasning, klimarisiko og matsikkerhet (Bardalen, 2024). De utgjør til sammen et oppdatert kunnskapsgrunnlag om klimatiltak i plante og husdyrproduksjoner. Se utvidet sammendrag i rapporten.

Sammendrag

Rapporten er en del av et forprosjekt som skal gi grunnlag for utarbeidelse av en handlingsplan for god nitrogenutnyttelse i jordbruket. Det er beskrevet en rekke tiltak med potensiale for bedre utnyttelse av nitrogenressursene som forvaltes i norsk jordbruk. For mer detaljer henvises til teksten i rapporten og oversikten i tabell 1. Se side 5 for utfyllende sammendrag.

Sammendrag

In Norway, the effect of drainage on grassland yields has received little attention for decades. Low level of drainage may be a reason for low grassland production. Therefore, a drainage experiment was established in a western Norwegian ley, on a sandy silt soil with a high capacity for water storage. The plots had six and twelve meters drain spacing, as well as undrained. There were two or three cuts, and fertilization of 190 or 290 kg N yr-1 ha-1. Drainage intensity gave a small significant increase in yield. N loss in drainage water increased with drainage intensity. The yield increase is likely too small to justify drainage, but the intervention might still be worthwhile due to increased N efficiency and a more manageable risk of compaction. A precise quantification of the hydrological effects is hard due to inherent soil variability.

Sammendrag

In Norway, the effect of drainage on grassland yields has received little attention for decades. Low levels of drainage may be a reason for low grassland production. Therefore, a drainage experiment was established in a western Norwegian ley, on a sandy silt soil with a high capacity for water storage. The plots had six- and twelve-metres drain spacing, as well as an undrained treatment. For each drainage treatment there were two or three cuts per year, and fertilization of 190 or 290 kg N yr-1 ha-1. Drainage intensity gave a small significant increase in yield. N loss in drainage water increased with drainage intensity. The small herbage yield increase is unlikely by itself to justify drainage, but the drainage installation might still be worthwhile due to increased N efficiency and a more manageable risk of compaction. Precise quantification of the hydrological effects is hard to make due to the inherent soil variability.

Til dokument

Sammendrag

Lengre vekstsesong gjer det mogleg å hauste enga oftare, noko som betrar grovfôrkvaliteten og reduserer behovet for kraftfôr i til dømes mjølkeproduksjon. Standard maskin og reiskap for dyrking og hausting av gras er tungt, og auka i tal slåttar per år vil auke pakking og skading av jorda. Det vil mellom anna gje lågare avlingar. Med små sjølvgåande lette robotar kan det tenkjast at enga kan haustast oftare utan at det går ut over jordstruktur og plantevekst. Formålet med dette arbeidet var å teste økonomiske lønsemd av å hauste enga fem gonger i året, som i eit tenkt robotsystem (Robot-system), samanlikna med standard hausting tre gonger i året (Standard-system). I Robot-systemet var graset tenkt slått, vendt, raka saman, samla opp og transportert til ei stasjonær rundballe-presse med ei flåte av sjølvgåande robotar (Thorvald II) med ein lastekapasitet på 200 kg per roboteining, medan i Standard-systemet var graset slått med ei breispreiarslåmaskin med knekkar, raka saman og pressa med såkalla kombipresse. Tal for avlingsmengd og fôrkvaliteten av surfôret frå avlinga var frå eit engdyrkingsforsøk på Fureneset forsøksstasjon der to engfrøblandingar vart hausta tre eller fem gonger i året over tre engår. Dei økonomiske kalkylane vart gjort for to mjølkebruk med enten 200 eller 400 tonn mjølkekvote, med enten 8 000 eller 10 000 kg energikorrigert mjølk (EKM) per årsku. Optimering av fôrrasjonen for dei ulike avdråttsnivåa og ulike grovfôrkvalitetane vart gjort i NorFor ved hjelp av programmet «TINE Optifôr». Vi brukte kalkyleprogrammet «Grovfôrøkonomi» for å rekne ut dyrkings-, haustings- og utfôrings-kostnadar av grovfôr og samla fôrkostandar for grovfôr og kraftfôr. Det var ingen effekt av engfrøblanding på avling og fôrkvalitet. Tre slåttar årleg gav i gjennomsnitt 16% høgare avling enn fem slåttar (1237 kg TS/daa vs. 1040 kg TS/daa), medan surfôrkvaliteten av samla årsavling var høgare med fem enn tre slåttar. Avlingsskilanden mellom fem og tre slåttar var om lag den same i alle tre engår. Fôroptimeringa viste at den betra fôrkvaliteten med Robotsystem auka grovfôropptaket med 14%, og reduserte kraftfôrbehovet med 45% ved eit avdråttsnivå på 8000 kg EKM og med 28% ved 10000 kg EKM. På grunn av lågare avling og høgare fôropptak var arealbehovet 32% større med Robotsystemet enn Standardsystemet. Låg lastekapasitet på den sjølvgåande roboten og stor kapasitet på stasjonær rundballepressa gjer at Robotsystemet var meir kostbart enn Standardsystemet. Men dersom graset i Robotsystemet blir samla opp og pressa med ei kombipresse, som i Standardsystemet, gav Robotsystemet lågare totale fôrkostander enn Standardsystemet. Dette resultatet var avhengig av arealtilskotssone, og i lågare tilskotssone enn 5B, var det ingen forskjell mellom haustesystema. På grunn av det større arealbehovet, var klimagassutsleppet i dyrking av grovfôret større i Robotsystemet, først og fremst på grunn av større lystgassutslepp frå kunstgjødsel. Det blir konkludert med at hausteteknologien i Robotsystemet vi testa kan fungere, men den må tilpassast større autonome traktorar som har høgare kapasitet til oppsamling og transport av fortørka gras og som kan brukast i andre driftsoperasjonar. Analysen viste også at heile mjølkeproduksjonssystemet, både fôrdyrkinga og husdyrproduksjonen, må analyserast samla for å kunne avgjere om ei endring i driftstiltak i grovfôrproduksjonen vil gje betre lønsemd eller mindre miljøbelastning

Sammendrag

Klimaendringar gir lenger vekstsesong, meir nedbør i store deler av året, fleire tørkeepisodar, meir intense nedbørsperiodar og flaum og endra vinterforhold. Dette påverkar planteproduksjonen og behov for tilpassing i ulike produksjonar og klimasoner. Dette faktaarket handlar om strategiar for klimatilpassing for grovfôrdyrking på Vestlandet.

Til dokument

Sammendrag

Kan tidleg gjødsling og hausting gi meir og betre grovfôr, betre bondeøkonomi og reduserte metanutslepp? På Fureneset forsøker me å finna svara!

Sammendrag

Inclusion of clover in grasslands increases functional diversity, N yield and forage quality and has been advocated for mitigating nitrous oxide (N2O) emissions. However, boreal grass-clover leys often show poor winter survival with considerable aboveground losses of nitrogen (N) and carbon (C). Little is known about how these losses affect off-season N2O emissions. Here we report field experiments over two winters, conducted at two coastal locations in Western and Northern Norway. N2O emissions were measured in plots with 0, 30 and 100% red (T. pretense) and white clover (T. repens) in a timothy - meadow fescue mixture. Overwinter N loss from the sward was quantified by comparing N contents in roots, stubble and herbage in autumn and spring. Additional treatments were removal of above-ground biomass in autumn and soil compaction. Off-season N2O emissions correlated positively with estimated overwinter N loss from herbage, which in turn depended on the fraction of clover in the ley. Pure grass leys emitted less N2O than leys that contained clover. Corrected for background emissions from pure grass, up to 13% of the above-ground N loss was emitted as N2O–N when clover was grown in pure stand. This fraction was much smaller, however, when clover was grown in mixture with grass (1.9 ± 0.9%), suggesting reassimilation of inorganic N. Indeed, we found significant increases in root and stubble N in mixtures throughout winter. Removal of above-ground biomass in autumn appeared to reduce the sward's ability to retain N throughout winter, and hence had no or a stimulating effect on N2O emissions. Soil compaction increased off-season N2O emissions 1.3–1.6-fold. Our results show that boreal grass-clover leys can be a significant source of N2O during winter, intricately controlled by loss and reassimilation of N. This underscores the importance of off-season plant-soil management for reducing the greenhouse gas (GHG) footprint of animal production in high latitude ecosystems.

Sammendrag

Current forage production on tile drained peat soil is challenged by low drainage efficiency and large GHG emissions. Alternative methods need to be evaluated to sustain agricultural usage while protecting peat C and N stocks. Peat inversion is a valid method when the peat layer is less than 1.5 m deep and lies on top of a self-draining mineral soil. The peat body is covered by the underlying mineral soil while maintaining connectivity to the self-draining subsoil through tilted mineral soil layers. We studied the effect of inversion of previously tile drained peat with forage production on dry matter yield (DMY), methane (CH4) and nitrous oxide (N2O) emissions and peat degradation. The field experiment was carried out in adjacent fields with inverted and tile drained nutrient poor peat in Western Norway during 2014-2018. At both fields the surface was slightly graded towards open ditches surrounding the field. The thickness of the mineral cover layer of the inverted peat varied between 80-100 cm on top of the graded surface (upper site) and 40-50 cm closer to the ditches (lower site). Coarse silt and fine sand dominated the texture of the cover layer and content of organic matter was very low (0.5 % tot. C). The texture was finer (higher content of silt and clay) at the lower site compared to the upper site. Mean DMY for 4 ley years at the inverted (upper site) and tile drained peat was 12.2 and 10.3 t ha-1 y-1, respectively. Mean methane emissions in tile drained peat were 200, 140, 209 and 55 kg CH4-C ha-1 in 2015, 2016, 2017 and 2018, respectively, whereas the CH4 exchange in inverted peat was small. In inverted peat, we found up to 50 vol% CH4 in the soil air close to the buried peat, which strongly decreased towards the soil surface at both inverted sites. Nitrous oxide emissions in fertilized tile drained peat were 4.3, 9.5, 9.8 and 5.3 kg N2O-N ha-1 in 2015-2018, respectively. In inverted peat (upper site) N2O emissions were 3.6, 3.6, 8.5 and 2.7 kg N2O-N ha-1 these years. In lower site, measured in 2017 and 2018, the emissions were 10.3 and 4.5 kg N2O-N ha-1, respectively for the two years. N2O-emissions were small in unfertilized plots both at tile drained and inverted peat. Depth profiles of N2O in soil air indicated that N2O is produced in the mineral layer and not in the buried peat. Continuously monitored O2 profiles showed O2-concentrations of 0-5 vol% in the top of the buried peat and much higher concentrations (5-20 vol %) in the tile drained peat. Dark chamber measurements in 2018 showed a CO2-flux of 1.43, 1.49 and 2.35 kg ha-1 h-1 CO2-C after 1.st cut and 1.4, 1.25 and 2.01 kg ha-1 h-1 CO2-C after 2.cut in inverted upper site, inverted lower site and tile drained peat, respectively. The larger respiration measured at tile drained peat most probably derives from larger heterotrophic respiration, as the mass of roots was lower in tile drained than in inverted peat. Results from this field experiment suggest that inversion of tile drained peat reduces the CH4 emissions and degradation of the peat. N2O emissions is fertilizer induced in both tile drained and inverted nutrient poor peat, and is determined by soil and weather conditions at the time of fertilization. The large variation in emissions between years can be explained by different weather conditions. 2017 was a wet year and 2018 a very dry year.

Sammendrag

I denne rapporten er det utredet virkning av drenering på lystgassutslipp, vurdering av omfang av areal med dårlig drenering, avlingseffekter og lønnsomhet. Det er beregnet kostnader per CO2 ekv. Drenering av alt antatt dårlig drenert areal gir en beregnet reduksjon på 162 000 tonn CO2-ekvivalenter fram til 2030, og ytterligere 1 mill. tonn CO2-ekvivalenter fram til 2080. Viser til utvidet sammendrag først i rapporten.

Sammendrag

Dreneringstilstand- og drenering av dyrka jord er to sentrale forhold som vedkjem både agronomi og miljø. Dreneringstilstanden er avgjerande for realproduktiviteten i landbruket, og for at produksjonen skal vere så miljøvenleg som råd. Dreneringstilstanden har innverknad på driftsvilkåra og kor årsikker produksjonen i landbruket kan vera. Endra klima med meir nedbør, og meir nedbør også i veksetida, er noko som kan dokumenterast i den seinaste 30-års normalperioden (1991-2020) som snart er komplett. Auka nedbør framover er venta, slår klimaforskarane fast i framskrivingar. Situasjonsomtalen må føra til gjennomslag i handling, ved trong må omfanget av ny drenering aukast. Det som føreligg av opplysningar om kor mykje av dyrka areal i Noreg som ikkje har tilfredsstillande dreneringstilstand er frå Jordbruksteljinga i 2010, der bøndene i svar på tilleggsspørsmål gjev samla opplysning om at 8 % av dyrka areal ikkje er tilfredsstillande drenert. Truleg er det eit for lågt estimat. Årleg drenering av dyrka areal er no mindre enn halvdelen av kva det var før 1985. Fagheftet er ei samling av artiklar om jordfysisk tilstand og karbon i jord, om drenering og korleis drenering verkar på agronomi og samspelet i skjeringspunktet mellom agronomi og miljø. Utsleppet av klimagassar, og korleis det kan påverkast av dreneringstilstand og driftsmåte vert omhandla. Dei fleste artiklane er publiserte i Bondevennen frå mars til november 2020. Artiklane byggjer på resultat blant anna frå forskingsprosjekta Drainimp, Peatinvert, Protein Rich Forage, Longtermgrass, Migmin, Magge-pH og på Nasjonalt program for jordsmonnkartlegging. Forskingsprosjekta var finansiert av Norges Forskingsråd/Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri og Horizon 2020. Landbruksnæringa og landbrukstilknytta verksemd (TINE, regionale samarbeidsråd i landbruket, FK Agri, FKRA, Pipelife), Stiftelsen fondet for jord- og myrundersøkelser, Fylkesmannen og fylkeskommunen i ei rekkje fylke var medfinansiørar. Formidlingsprosjektet, som dette heftet er ein del av, er støtta av Landbruksdirektoratet sitt Klima- og miljøprogram. Dette omfattar både nasjonale og fylkesvise midlar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, no Vestland. Både forskingsprosjekta og formidlingsprosjektet er samarbeid mellom ulike avdelingar i NIBIO, NMBU, NLR og NORSØK. Formidlingsprosjektet er leia frå NIBIO Fureneset. Målet er at artiklane i dette heftet gjev fagleg forståing og grunnlag for tiltak for betre drenering og driftsvilkår, større arealproduktivitet og redusert utslepp av klimagassar. Artikkelsamlinga i heftet Drenering -Teori og praksis 2013 https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2445537) har ei praktisk tilnærming til ulike problemstillingar ved drenering, medan denne har meir fokus på forskingsresultat. Det er ei offensiv målsetjing i den inngåtte klimaavtalen mellom landbruket og Regjeringa, der fleire av punkta er knytt til jordkultur, plantekultur og fôrkvalitet. Dette er ting som heng saman, og der jordkapitalen er grunnlaget. Heftet er produsert av Bondevennen SA i samarbeid med NIBIO Fureneset.

Sammendrag

The open landscapes produced over centuries by small-scale farming in Norwegian coastal and fjord areas are threatened by agricultural abandonment, raising public concern for maintenance of the species-rich and valuable coastal grasslands. Semi-natural grasslands, traditionally grazed in the spring and fall and mown in summer, are most affected. Two linear programming models, one for small-scale sheep and one for small-scale mixed dairy and meat farms, both described in a separate method article, were developed. In the models is studied effects on production, grazing and land utilization, of altering government financial support among leys on arable land, enclosed farm pasture, grazing animals, and altering the (regulated) prices farmers pay for concentrate feed at the farm level. Sheep grazing can be expanded by intensification through increased fertilization and purchase of concentrate feed. Raising steers instead of bulls on dairy and beef farms with a milk quota would result in more mixed grazing by both sheep and steers, which is advantageous for the landscape. Steers are currently quite rare in Norway and their numbers can be increased with more subsidies for grazing, (Grazing Support (GS)) or by increasing the Regional Environmental Support (RES), a policy instrument targeting local projects for more grazing in specific areas. The current Agriculture and Cultural Landscape (ACL) subsidy payment places a higher value on arable land compared to the more biodiverse farm pastures, resulting in weaker incentives for keeping farm pasture in production. Raising the rate for farm pasture relative to that of arable land in the ACL scheme would result in stronger incentives for keeping such farm pasture in production, and likely increase biodiversity and landscape values. Increased GS for sheep might lead to more purchase of concentrate to keep more animals through the winter and eventually needs to be counteracted with higher prices for concentrated feedstuffs.

Til dokument

Sammendrag

Rapporten gjev ei oversikt over metodikk for rapportering av lystgassutslepp brukt i nokre utvalde land, og ei vurdering av om dette er aktuelt for Norge. Rapporten omhandlar vidare korleis Norge kan gå frå Tier 1 standard utsleppsfaktor til nasjonal utsleppsfaktor Tier 1 for direkte lystgassutslepp frå tilført nitrogen i mineralgjødsel og husdyrgjødsel på jordbruksareal. Rapporten vurderer også om det er mogleg for Norge å gå frå Tier 1 til Tier 2 i utsleppsrekneskapen. Eit meir detaljert samandrag finn ein på side 5 i rapporten.

Til dokument

Sammendrag

Rapporten estimerer potensialet for ammoniakkreduksjon av tiltak knytt til husdyrgjødsel og mineralgjødsel, og dei samfunns- og privatøkonomiske kostnadane ved innføring av tiltaka. Reduksjon av lystgass- og metanutslepp som følgje av ammoniakkreduserande tiltak er også estimert. Ulike tiltak knytt til spreiing av husdyrgjødsel på eng har størst potensial for ammoniakkreduksjon. Utvida samandrag finn ein på side 5.

Til dokument

Sammendrag

NIBIO avdeling Fôr og husdyr har i samarbeid med NLR testa åtte ulike frøblandingar for kombinasjon sauebeiting og slått som del av Rettleiingsprøving. Felta var etablert i 2012 og 2013 på ti lokalitetar i sør-Norge og fire i nordlege eller høgareliggande område, og felta skulle etablerast slik at fleirårig raigras var på grensa til å klare overvintringa. Det var små skilnader mellom blandingane i total årsavling over engår, men store skilnader mellom felta. Dei artane som har klart seg best under ulike tilhøve har tatt over i blandingane. Det kan derfor vere rett å bruke allsidige frøblandingar slik at meir vintersterke artane kan ta over ved eventuelle vinterskadar.

Til dokument

Sammendrag

Sammendrag: Denne rapporten gir en oppdatert oversikt over tiltakspotensiale for tiltak som jordbruket kan iverksette for å redusere klimagassutslipp. Det er tiltak innen dagens produksjonsystemer og struktur som er vektlagt. Det er sammenlignet med vurderinger gjort i rapporten «Landbruk og klimaendringer» fra 2016. Effekt av tiltak, gjennomføringsgrad og forutsetninger for gjennomføring til 2030 er prioritert.

Sammendrag

Vekta på traktorar og utstyr har auka mykje sidan eldre feltforsøk med jordpakking i eng vart utført i Noreg. Vi har undersøkt korleis køyring med dagens traktorar påverkar jordfysiske forhold, avling, plantesetnad og fôrkvalitet av rein graseng og kløverblanda eng i ein forsøksserie på tre einingar i NIBIO, på Tjøtta i Nordland, på Fureneset i Sunnfjord og på Løken i Valdres. Traktorkøyring gav stor avlingsnedgang (20 %) på siltjord i Valdres, medan nedgangen var meir moderat (6 %) på siltig sandjord på Fureneset og det var ingen avlingseffekt på sandjord med god luftveksling på Tjøtta. Det var små forskjellar mellom bruk av lett eller tung traktor, og resultata viser at ein i størst mogleg grad bør unngå køyring under våte forhold på jord som er utsett for pakkingsskade. Køyring på siltjord førte til endringar i den botaniske samansetnaden i enga ved at raudkløver og tofrøblada ugras gjekk tilbake og kvitkløver og grasugras gjekk fram. Køyring på siltjord reduserte også opptak og fiksering av nitrogen. Bruk av kløver i frøblandinga gav stor positiv effekt på avling, protein- og mineralinnhald og gav lågare fiberinnhald i fôret. Bruk av 6 kg N i mineralgjødsel etter førsteslått gav god avlingseffekt, men reduserte kløverinnhald og biologisk nitrogenfiksering. Sterkare nitrogengjødsling og bruk av kløver endra grasbestanden i enga i retning av meir timotei og mindre engsvingel. Auke i såmengda av kløver frå 15 % til 30 % på vektbasis gav små utslag på avling og botanisk samansetjing, men auka Nfikseringa med 0,5 kg per dekar og år.

Sammendrag

A future wetter climate in Northern Europe may increase soil compaction from traffic of heavy machinery. This study investigated the impact of tractor traffic on grassland yield, soil physical properties and penetration resistance in three experimental field trials in Norway; on medium sand at Tjøtta, Nordland, on silty medium sand at Fureneset, Sogn og Fjordane and on silt at Løken, Oppland. The experiments were conducted in a split-plot design with three levels of two wheel-by-wheel passes with tractor traffic after each cut: no traffic, light tractor or heavy tractor on large plots, and three different seed mixtures on small plots. The yield reduction by tractor traffic was 26% at Løken, 4% at Fureneset and 1% at Tjøtta. There was a positive correlation between soil moisture content and yield reduction by traffic. Tractor traffic reduced pore volume and air capacity and increased bulk density, compaction degree and penetration resistance with the largest effect at Løken and the smallest at Tjøtta. There were no statistically significant differences in yield or soil physical properties between light and heavy tractor. The study shows that soil texture and soil moisture content are major factors explaining traffic effects on soil physical properties and grassland yield.

Til dokument

Sammendrag

For å kartlegge behovet for auka lagerkapasitet i Hordaland er det gjennomført telefonintervju av 85 tilfeldig utvalde mjølkeprodusentar blant produsentar med fleire enn 15 kyr. Resultata frå undersøkinga viser blant anna at det er 39% som har mindre enn 8 månader lagerkapasitet, 36% har 8 månader og 11% har 10 eller fleire månader lagerkapasitet. Føreset ein at utvalet i undersøkinga er representativt for alle bruk i Hordaland med meir enn 15 mjølkekyr, er mangelen på lagerkapasitet på rundt 14 000 m3. Med ein kostnad på 828 kr per m3 blir behovet for investering kr 11,8 millionar dersom det skal byggjast nye lager. Det er 42% som oppgir at det er mogleg å leige lager hos andre. Dersom desse kan leige all lagerkapasiteten dei har behov for, blir behovet for nybygg redusert til 6 400 m3 og kr 5,3 millionar. Det er 27% som har planar om å auke driftsomfanget, men vi har ikkje tal på kor store investeringar det er snakk om. Dersom det i ny gjødselvareforskrift blir krav om 10 månader lagerkapasitet, vil det bli eit auka behov for lager på rundt 56 000 m3. Ved nybygg blir investeringane her rundt kr 45 millionar. Spørjeundersøkinga viste at det er 58% som ynskjer å investere dersom det blir krav om auka lagerkapasitet. Legg vi dette til grunn vil 158 produsentar investere kr 27 millionar i rundt 32 000 m3 lager. Mesteparten av gjødsla blir overflatespreidd med bladspreiar, og 87% blandar i vatn før spreiing. Det er 72% av gjødsla som inneheld mindre enn 1 del vatn til 1 del gjødsel ved spreiing. Alle spreier gjødsel vår og sommar, 61% spreier gjødsel tidleg om våren (mars/april) og 51% spreier om hausten (august/september). Dersom vi føreset at det er mengda på 14 000 m3 som blir spreidd om hausten, kan gjødselverknaden auke med 4200 kg nitrogen (N) per år ved å spreie denne gjødsla i vekstsesongen. Reduksjonen i bruken av handelsgjødsel som følgje av dette, kan redusere utsleppet av klimagassen lystgass (N2O) med rundt 33 000 kg CO2-ekvivalentar. Avrenninga av næringsstoff frå husdyrgjødsel til vassdrag i jordbruksområde blir også redusert. Reduksjonen i kostnader til handelsgjødsel kan estimerast til kr 52 500 per år og forsvarar ikkje åleine investeringane i lagerkapasitet. Det er 48% som ser det som relevant å levere gjødsel til eit biogassanlegg i nærleiken. Av dei som har mindre enn 8 månader lagekapasitet kan 70% tenke seg å nytte seg av eit biogassanlegg. Etablering av sentrale biogassanlegg må gjerast der produksjonen av husdyrgjødsel innanfor korte transportavstandar er stor. I tillegg kan store produsentar etablere eigne gardsanlegg. Sortert etter postnummer er det 30 stader i Hordaland der mengdene organisk tørrstoff frå storfegjødsel er over 200 tonn per år og 14 stader der mengdene er over 500 tonn per år (Etne, Vossestrand, Dimmelsvik, Sveio, 5708 Voss, Fitjar, 5700 Voss, Lonevåg, Skulestadmo, Manger, Nordheimsund, 5709 Voss, Sæbøvik og Sletta). Ein må sjå nærmare på transportavstandane mellom bruk med storfe innafor postnummer og mellom postnummer som ligg tett (som til dømes på Voss). I tillegg må ein sjå om det er gjødsel frå andre dyreslag (gris, høns) som kan knytast til same biogassanlegg som storfegjødsla.

Sammendrag

I prosjektet er det undersøkt korleis skadebeiting av hjort påverkar avlingsnivå i fulldyrka eng, og ein har sett på korleis intensiv beiting av hjort verkar inn på utgongen av dei viktigaste grasartane i engdyrking på Vestlandet. Av resultata går det fram at det berre er timotei som i vesentleg grad har gått ut, dei andre artane syner liten respons før ved 5. engår. Eit unnatak er engrapp, som har respondert positivt på beiting. Timotei er ein viktig grasart ved fornying av eng for å få høg avling og høgt fôropptak, men arten er lite tolerant for beiting. Gjennomsnittleg årleg utgang av timotei var i den beita delen av feltet 11,5 prosentpoeng, medan den i kontrollfeltet var på 7,5. I den beitepåverka delen av feltet har den årlege utgangen av timotei vore høgst dei tre første engåra, medan den i kontrollrutene har vore høgst i tredje og fjerde engår. Det er difor størst skilnad mellom beita og ubeita ruter i tredje engår. Avlingstapet vart i snitt berekna til 122 FEm/daa ved 1. slått i 2008. Dette tilsvara 20 % reduksjon i haustbar grasavling på grunn av hjortebeiting dette året, eit år med stor normalavling for distriktet. I same området blei det året før målt ei redusert grasavling ved 2. slått på 50 FEm/ daa, noko som utgjorde 13 % av haustbar avling. I prosjektet har ein òg utvikla ein takseringsmetodikk med eit tilhøyrande dataverktøy for å rekne ut avlingstap på eng etter beiting av hjort. Takseringsmetoden har vorte prøvd ut og er gjort tilgjengeleg på Bioforsk sine heimesider og Viltskadesenteret.

Sammendrag

Artikkelen omhandlar sjølvrekrutterande kjøtproduksjon på storfe på Vestlandet og i Agder. Den diskuterer kva verknader vekst i denne næringa kan få for biomasseuttak og attgroing av kulturlandskap og beite i regionen. 

Sammendrag

Dette er fjerde artikkel om ekstensiv produksjon av storfekjøt på Vestlandet og i Agder. Artikkelen tek føre seg sjølvrekrutterande kjøtproduksjon på storfe, og diskuterer økonomi og vekst i denne næringa i relasjon til attgroing av kulturlandskap og beite i regionen.

Sammendrag

Kjøtproduksjon på kastratar er lite utbreidt i Norge. Berre 0,5 % av storfèslakta i Norge er kastratar, medan ung okse utgjer ca 43 %. Beite utgjer gjerne 40-50 % av kastraten sitt fôrbehov, og ei omlegging av deler av oksekjøtproduksjonen til kastratproduksjon vil føre til auka biomasseuttak på innmarks- og utmarksbeite. Dette vil kunne redusere attgroinga på Sør- og Vestlandet.

Sammendrag

Den store hjortestamma på Vestlandet er ein viktig utmarksressurs som representerer store verdiar for grunneigarar i form av kjøt, jaktutleige og rekreasjon. Samstudes utøvar hjorten skadepress på innmark og skog, noko som gjer at reknestykket vert betydeleg meir komplisert. Resultata så langt syner at hjorten preferer eng med høgt innhald av timotei. Dette er den kvalitativt beste og økonomisk mest verdifulle enga, og hjorten vil ved si beiting endre artsamansettinga i desse engstykka. Dette påfører gardbrukarane ein økonomisk kostnad i form av avlingstap og forringa forkvalitet. Samstundes syner resultata òg at det er svært stor variasjon i skadeomfanget mellom gardbrukarane.

Sammendrag

Gjødsling med kompostert sauetalle der ein har brukt lauvflis, kveitehalm eller ei blanding av desse som strø har gitt engavlingar på linje med rein sauegjødsel i økologisk drift, medan bruk av sagmo (bartre) som strø har gitt lågare avlingar. Blandingseng gras og kløver har gitt større avlingar, høgare proteininnhald, lågare fiberinnhald (2. slått) og lågare fôreiningskonsentrasjon enn rein graseng. Ved første slått var likevel proteininnhaldet lågt i blandingsenga. For å oppnå tilfredsstillande fôreiningskonsentrasjon (0,85-0,90) og ikkje redusere proteininnhaldet ytterlegare kan ikkje slåttetidspunktet for ei blandingseng i økologisk drift setjast ut mange dagar etter at timotei (dominerande grasart) skyt.

Sammendrag

Hjortebeiting på attlegg og ung eng fører til reduserte avlingar, særleg der ein sår timotei og engfrøblanding. Etter få år endrar botanisk samansetning seg slik at mykje av timoteien vert erstatta av villgras. Fôreiningskonsentrasjonen og til dels proteininnhaldet er høgare i gras som er utsett for beiting enn i gras utan beitepåverknad når ein haustar på same tidspunkt. Likevel er avlingstapet for ny eng som er utsett for sterk hjortebeiting stort. I gjennomsnitt for dei tre første engåra er avlingstapet ved hausting for engfrøblanding 300 Fem/daa og år. Registreringar i eksisterande eng i Eikås Storvald i Jølster syner eit lågare avlingstap. I 2004 var det gjennomsnittlege avlingstapet på 68 Fem/daa, men det varierer mykje mellom bruk. Avlingstap som følgje av hjortebeiting representerer store økonomiske verdiar, og tapet er ulikt fordelt mellom grunneigarar. Det er ei utfordring å finne ein rettferdig måte å jamne ut desse skilnadane. Dette er eitt av måla i prosjektet "Kostar hjorten meir enn han smaker?" der ein ynskjer å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter frå hjorten.

Sammendrag

Med den store hjortestamma på Vestlandet vert det skadepress på innmark og skog. Forsøk Planteforsk Fureneset Fagsenter har gjort viser at beiting av hjort på eng gir størst avlingsreduksjon på første slått i 1. engår, der det er målt eit avlingstap på mellom 189 og 266 kg tørrstoff/ daa. Resultata syner også at avlingstapet vert mindre med aukande engalder, og at det er svært store skilnader på kor hardt råka dei einskilde grunneigarane er sjølv innafor eit storvald.

Sammendrag

Dyrking av grønfôrvekstar er aktuelt både i tradisjonell og økologisk drift. Ein bør velje ut den beste jorda til vekstane slik at ein får att for meirarbeid og utgifter til såvarer. Hausta til rett tid kan grønfôrvekstar gje eit fôr med god kvalitet. Grønfôrvekstar kan gje gode avlingar i økologisk drift. I vekstsesongen 2003 hadde Fureneset fagsenter i samarbeid med Pilotprosjekt Økosau og forsøksringane 4 felt i Sogn og Fjordane og Hordaland med utprøvingar av ulike grønfôrvekstar på økologiske sauebruk. I artikkelen konsentrerer ein seg om nokre av desse vekstane.

Sammendrag

Utilstrekkeleg konsentrasjon av kobolt, kopar og sink i fôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene når pH i jord aukar. Graset inneheld meir mineral på eit tidleg utviklingsstadium, tidlegare slått vil gje auka innhald av mineral i plantene.

Sammendrag

Prosjekt kystlam" har avdekka eit lågt innhald av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, men høgare verdiar på utmarksbeite. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler i det eine lammet av 156 tvillingpar i dei 11 besetningane betra kobolttilførselen (vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12), men auka ikkje lammevektene. I nokre besetningar er forklaringa at kobolttilførselen på utmarksbeite er tilstrekkeleg, hos andre kan det vere mangel på andre mikronæringsstoff som t.d. sink som er årsaka. Ein del av lamma var òg litt unge ved dosering slik at opptaket av kobolt ikkje har vore optimalt. Det er og å merke seg at koksidiose på vårbeite og rundorm (deriblant N. Battus) på utmarksbeite er eit problem i nokre av besetningane. Sjodogg er utbreidd i einskilde av områda og kan ha spela ei rolle for resultata der.

Sammendrag

Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo av bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54% større enn i den reine grasenga i første engåret i eit økologisk dyrkingsopplegg. Det vart registrert lågt proteininnhald i avlinga i første slått både i rein graseng og i blandingseng gras/kløver. Dette vitnar om at nitrogenforsyninga til plantene er knapp. I andre slått, då det er vesentleg meir kløver i blandingsenga, er proteininnhaldet i avlinga høgare og PBV positiv. Eit godt innslag av kløver i enga er avgjerande både for avlingsnivå og proteininnhald i avlinga.

Sammendrag

Innhaldet av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane er for det meste lågt. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, og i nokre besetningar er verdiane også låge etter beiteperioden i utmark. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler betrar lamma sin kobolttilførsel vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12. Det er likevel ingen sikker verknad av koboltkuler på lammevekt eller tilvekst. I nokre besetningar treng ikkje kobolt vere minimumsfaktor, medan i andre besetningar kan mangel på andre mikronæringsstoff eller snyltarar ha skipla til resultata. I tillegg var lamma unge ved dosering slik at opptaket ikkje har vore optimalt. Andre sjukdommar kan og ha påverka resultata. Ut frå analysar av jord, planter og blod kan ein gje råd om gjødsling og fôring på enkeltbruk.

Sammendrag

Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.

Sammendrag

Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.

Sammendrag

Prosjekt kystlam" har avdekka eit lågt innhald av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, men høgare verdiar på utmarksbeite. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler i det eine lammet av 156 tvillingpar i dei 11 besetningane betra kobolttilførselen (vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12), men auka ikkje lammevektene. I nokre besetningar er forklaringa at kobolttilførselen på utmarksbeite er tilstrekkeleg, hos andre kan det vere mangel på andre mikronæringsstoff som t.d. sink som er årsaka. Ein del av lamma var òg litt unge ved dosering slik at opptaket av kobolt ikkje har vore optimalt. Det er og å merke seg at koksidiose på vårbeite og rundorm (deriblant N. Battus) på utmarksbeite er eit problem i nokre av besetningane. Sjodogg er utbreidd i einskilde av områda og kan ha spela ei rolle for resultata der.

Sammendrag

Årleg gjødsling med minimum 10 kg kalium pr dekar er naudsynt for å oppretthalde avlingsnivået i økologisk dyrka eng på kaliumfattig jord. Kaliummangel i timotei er først synleg når konsentrasjonen av kalium kjem under 1,5%. Husdyrgjødselmengdene på eit økologisk drive gardsbruk er moderate. Tilførselen av kalium vert dermed liten, og innhaldet av både timotei og kløver vert  redusert. 5 kg kalium pr dekar i tillegg til 3 tonn gylle vil betre situasjonen mykje.

Sammendrag

Hjortebeiting fører til avlingstap for bonden og redusere kvaliteten på enga. Tapet kan bli særleg stort i attlegg og ung eng. Det er skilnad på kva grasartar hjorten likar best og kor hardt beitepresset er. Der hjorten har beita hardast har han teke nesten halvparten av avlinga.

Sammendrag

Ensilering i rundballar har forutsetningar for å gi eit godt grovfôr. Likevel opplever ein ofte at rundballane har svært varierande kvalitet. Prøver frå "gamle" Tine Vestlandsmeieriet sitt distrikt viser at mange kan ha mykje å hente på å betre gjæringskvaliteten i rundballar ved å fortørke meir og å tilsette ensileringsmiddel. Viktigast av alt: ta fleire prøver og analyser for innhald av syrer og ammoniakk!

Sammendrag

Fersk grisegjødsel gir litt høgare engavling enn kompostert grisegjødsel, medan lagra grisegjødsel gir lågast avling av desse tre typane grisegjødsel. Gjødselverknaden av hushaldskompost ligg på same nivå som verknaden av den lagra grisegjødsla.

Sammendrag

Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo frå bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54 %  høgare enn i den reine grasenga. Dette er nokre av resultata så langt frå utprøvingsfelta med kompostert sauegjødsel i Aurland

Sammendrag

Prosjekt kystlam" har avdekka eit lågt innhald av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, men høgare verdiar på utmarksbeite. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler i det eine lammet av 156 tvillingpar i dei 11 besetningane betra kobolttilførselen (vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12), men auka ikkje lammevektene. I nokre besetningar er forklaringa at kobolttilførselen på utmarksbeite er tilstrekkeleg, hos andre kan det vere mangel på andre mikronæringsstoff som t.d. sink som er årsaka. Ein del av lamma var òg litt unge ved dosering slik at opptaket av kobolt ikkje har vore optimalt. Det er og å merke seg at koksidiose på vårbeite og rundorm (deriblant N. Battus) på utmarksbeite er eit problem i nokre av besetningane. Sjodogg er utbreidd i einskilde av områda og kan ha spela ei rolle for resultata der.

Sammendrag

Hjortebeiting kan føre til store avlingstap på attlegg og ny eng i område med stort beitepress. Forsøk syner at ein kan miste storparten av avlinga i attleggsåret og rundt 50 % av avlinga første engår. I andre engår er avlingstapet rundt 20%. Det ser ut til at hjorten kan ta vel så stor del av avlinga ved 1. slåtten som ved 2. slåtten.

Sammendrag

I forskar Harald Volden sitt føredrag på markdagen til Fureneset fagsenter vart det understreka kor viktig eit høgt grovfôropptak er når ein ynskjer høg yting på mjølkekyrne. Dei viktigaste faktorane som avgjer opptaket er tilgang på fôr (appetittfôring), smak, meltegrad, passasjehastigheit av fôret gjennom vomma, laktasjonssatadium og storleik på dyret. Det er no i gang ei revidering av fôrmiddelvurderinga og i denne skal ein ta inn innhaldet av fiber (NDF) i grovfôret. Innhaldet av NDF, samt umelteleg del av NDF, aukar med utsett haustetidspunkt og reduserer grovfôropptaket. Utnytting av melteleg NDF er avhengig av opphaldstida i vom og vert redusert hos dyr i høg yting som vert fôra sterkt. Når snittelengda på graset kjem ned i 1-2 cm vil mange partiklar gå umelta frå vomma til tarmen og fôret vert dårlegare utnytta. Bruk av tradisjonell fôrhaustar gir eit fôr med ideell struktur. Ved å bruke tilstrekkeleg med ensileringsmiddel kan ein avgrense gjæringa i vomma slik at det vert igjen sukker til mikroorganismane, dei veks ikkje på gjæringsprodukt. For høgt syreinnhald i silofôret er elles lite ynskjeleg både m.o.t. fôropptak og AAT-verdi. Auka tildeling av AAT tidleg i laktasjonen verkar mjølkedrivande og fører ikkje til høgare proteinprosent i mjølk. Ein må også auke tildelinga av stive. Å dele kraftfôret over fleire tildelingar har auka proteinprosenten, noko som har samanheng med betre vommiljø og betre utnytting av fôret. Generelt meinte Volden at å bruke meir enn 13-14 kg kraftfôr/dag ville redusere grovfôropptaket så mykje at vinninga gjekk opp i spinninga.

Sammendrag

Innsåing av gras- og kløverfrø med direktesåmaskin i eksisterande eng kan betre plantesetnaden og auke avlinga. I forsøk på Vestlandet er det funne gode resultat av direktesåing av fleirårig raigras og raudkløver. Best resultat vert det i ung eng. I gammal eng domert av villgrasartar og ugras, og med tjukk grassvor, vert ofte tilslaget av direktesåing dårleg.

Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Klima- og miljøvennlig bruk av husdyrgjødsel


Det er behov for å oppdatere kunnskapen om utnytting og tap av nitrogen og fosfor fra husdyrgjødsel for å bistå myndigheter og jordbruksnæringa i oppfylling av klima- og miljømål. Det er stort fokus på bruken av fosfor, fosforinnhold i jord og avrenning til vassdrag i forbindelse med revidering av gjødselforskriften. Spredetidspunkt og spredemetode for husdyrgjødsel, samt total mengde brukt gjødsel er viktige forhold som spiller inn på tapet. Redusert fordamping av ammoniakk og avrenning av nitrogen reduserer indirekte lystgasstap fra husdyrgjødsel, men også direkte- og indirekte lystgassutslipp gjennom redusert bruk av mineralgjødsel.Prosjektet omfatter en litteratursammenstilling og feltmålinger for å måle utnytting av næringsstoffer ved ulike spredetidspunkter for husdyrgjødsel i ulike landsdeler. I prosjektet vil det bli gjort feltmålinger på effekten av ulike spredetidspunkt på utnyttelse av nitrogen og fosfor til plantevekst. Feltmålingene vil bli utført i Rogaland, Vestland og Trøndelag fylke.

Aktiv Sist oppdatert: 08.02.2024
Slutt: des 2024
Start: jan 2022
Project image

Divisjon for miljø og naturressurser

Climate- and environmentally friendly use of animal manure


There is a need to update knowledge about the utilization and loss of nitrogen and phosphorus from livestock manure in order to assist the authorities and the agricultural industry in meeting climate and environmental targets. There is a major focus on the use of phosphorus, phosphorus content in soil and runoff to waterways in connection with the revision of the fertilizer regulations. The time and method of spreading livestock manure, as well as the total amount of manure used, are important factors that influence the loss. Reduced ammonia volatilization and runoff of nitrogen reduces indirect nitrous oxide losses from livestock manure, but also direct and indirect nitrous oxide emissions through reduced use of mineral fertiliser. The project includes a literature compilation and field measurements to measure the utilization of nutrients at different spreading times for livestock manure in different parts of the country. In the project, field measurements will be made on the effect of different spreading times on the utilization of nitrogen and phosphorus for plant growth. The field measurements are carried out in Rogaland, Vestland and Trøndelag county.

Aktiv Sist oppdatert: 12.04.2024
Slutt: des 2024
Start: jan 2022