Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2007
Sammendrag
I mai 2006 vart soppen Phoma hedericola (syn. Phyllosticta destructiva var. hederae) funnen på skadde eføyblad frå ei vegskjering ved ein ferjekai i Ryfylke. Soppen er velkjent elles i Europa der han også går på Hedera himalaica. I juni 2006 vart P. hedericola også funnen i ein planteskule i Rogaland, på importerte planter frå Nederland. På planteskuleplantene vart det i tillegg funne Colletotrichum trichellum, ein annan kjent skadegjerar på eføy i utlandet. I september same året vart det funne mykje C. trichellum på eføy i grøntanlegg i Bergen, men ikkje P. hedericola. Ingen av soppane har norsk namn. På engelsk vert "Ivy Leaf Spot" brukt om bladflekkar på eføy enten dei skuldast sopp (inkludert dei to artane vi har funne) eller bakteriar.
Sammendrag
Dei siste to-tre åra har edelgranskotsjuke, årsaka av soppen Delphinella abietis, gitt store skadar i juletrefelt på Nord-Vestlandet og i Trøndelag. Nålene på årsskota vert brune og mange tre er så skadde at dei ikkje kan omsetjast.
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
In August 2004, Glomerella acutata Guerber & Correll was detected on fruits from highbush blueberry (Vaccinium corymbosum L.) for the first time in Norway. Both the conidial (Colletotrichum acutatum J. H. Simmonds) and the ascigerous (G. acutata) stage developed on naturally infected blueberry fruits. Perithecia also readily formed on blueberries and strawberries inoculated with a culture from highbush blueberry, and on artificial, solid medium (both on strawberry leaf agar and potato dextrose agar). To our knowledge this is the first report worldwide of the teleomorph of Glomerella acutata on a naturally infected host.
Sammendrag
Laurbærhegg (Prunus laurocerasus) og andre Prunus-artar er utsette for å få hol i blada, såkalla haglskotsjuke. Dette er svært skjemmande og gjer at bladverket mellom anna ikkje kan omsetjast til dekorasjonar. Det er kjent frå andre land at både bakterie- og soppangrep kan gi haglskotsjuke, men her i landet er det berre funne ein sopp (Wilsonomyces carpophilus) på Prunus-artar med haglskotsjuke.
Sammendrag
Om våren ser ein ofte oransje, geléaktige utvekstar, gjerne omtala som "horn", i barken på stamme og greiner av einer (Juniperus communis). Utvekstane er serleg synlege i fuktig vêr. Dei oransje utvekstane høyrer til ein rustsopp som har vertskifte mellom einer og hagtorn (Crataegus spp.).
Sammendrag
Honningsopp (Armillaria spp.) er ein vanleg skadegjerar i skog, men vi har også registrert angrep av honningsopp på ei rad ulike planteartar i hagar og grøntanlegg, frå jordbærplanter til store tre.
Sammendrag
Vi har i årevis hatt angrep av mjøldogg på spisslønn og platanlønn i Noreg, men i 2006 påviste vi også angrep på naverlønn og sibirlønn på Ås. Særleg var sibirlønn hardt angrepen. Vi har ikkje påvist mjøldogg på naverlønn og sibirlønn tidlegare her i landet.
Sammendrag
Pion er ein vakker staude som mange vil ha til pryd i hagen. Av og til vert plantene ståande med brunt bladverk og visne knoppar. Sjukdomsangrep kan vera ei av årsakene til dette.