Framande planteartar invaderer forlatne jordbruksareal

Framande artar trivst ofte på areal som er forstyrra av menneskeleg verksemd. Her trivst framandarten kjempespringfrø på ein plass for lagring av rundballar. Frøa spreier seg særskilt lett med vatn. Foto: Erling Fløistad
Forvilla hageplanter og frø frå framande planter er ofte skadelege artar som truar mangfaldet i norsk natur. Forskarar i NIBIO har sett på kva rolle jordbruksareal ute av drift kan ha for spreiing av uønskte planteartar.
Kvart år kjem over 800 millionar spiredyktige frø frå framande artar inn i Noreg som blindpassasjerar med importerte hageplanter. I tillegg forvillar nokre hageplanter seg, godt hjelpne av eit mildare klima. Fleire av dei er skadelege artar som utkonkurrerar svakare norske artar. Dei etablerer seg ofte i menneskepåverka område og spreier seg derifrå ut i norsk natur.
Gjennom FNs naturavtale frå 2022, er Noreg forplikta til å nedkjempa artar som truar naturmangfaldet. De er en stor oppgåve. Artsdatabanken har registrert over 1200 framande planteartar i Noreg. 206 av dei utgjer høg eller svært høg risiko, og mange har ein formidabel formeiringsevne. Har dei fyrst etablert seg kan dei vera nær sagt umogleg å bli kvitt.

Jordbruksareal ute av drift
Kunnskap om kor framandartane trivst best og viktige spreiingsvegar kan gjera nedkjemping og førebygging meir målretta. I 2020 vart det utarbeidd ein tiltaksplan frå Klima- og miljødepartementet. Eit av tiltaka var å sjå på kva rolle jordbruksareal ute av drift kan ha for spreiing av uønskte planteartar.
Jordbruksareal som det ikkje vert søkt tilskot for, vert registrerte som ute av drift. Nokre areal vert drivne utan tilskot, ofte meir ekstensivt. Andre gror etter kvart att med kratt og skog. NIBIO-forskar Ulrike Bayr har leia arbeidet med å finna ut kva rolle slike areal spelar for framande og skadelege planteartar.
– Me har oppsummert eksisterande kunnskap og gjort fleire analyser som syner at jordbruksareal ute av drift vert lettare infisert av uønskte plantar, seier Bayr.
– Me har nytta artsdata frå tre ulike kjelder (Artskart, 3Q og ASO). Alle analysane syner fleire uønskte planteartar på og i områda rundt jordbruksareal ute av drift. Særskild ser det ut til å vera mange funn på tidlegare jordbruksareal som ligg utanfor ein landbrukseigedom.
Forskarane har og funne mange framande skadelege planteartar i beitemark. Her kan tråkkskadar frå husdyra gje nye frø gode spiretilhøve. Tidlegare fullgjødsla beite er meir utsett, medan ugjødsla beite ofte har eit større mangfald av stadeigne artar som gjev framandartane auka konkurranse.

Gode vekstvilkår for framandartane
Det er fleire grunnar til at tidlegare jordbruksareal er ynda vekseplass for framande artar.
– Framande artar har gode sjansar for å etablera seg dersom det er store mengder med frø eller stiklingar på område der tilhøva ligg godt til rette. Undersøkingane våre tyda på at jordbruksareal ute av drift ofte tilbyr dei framande høgrisikoartane nett dei tilhøva som dei ynskjer seg, forklarar Bayr.
– Tidlegare åker og dyrkamark har lite plantemangfald og dermed lite konkurranse. Plantene vert ikkje lengre forstyrra av pløying, slått eller sprøyting. Jorda har som regel høgt innhald av næringsstoff, og det er gode ljostilhøve. Om det då finst framande artar i nærleiken, til dømes i kantsona, vil dei raskt kunna oppformera seg og spreia seg vidare. Når me i tillegg veit at stadig meir jordbruksareal går ut av drift, har me ei utmaning, seier Bayr.
Kart er ein del av løysinga
Ulike artar har ulike spreiingsvegar. Mange spreier seg frå tettbygde strok langs vegar og nokre med vatn. Fuglar kan spreia nokre av dei. Ei stor utmaning er flytting av infiserte jordmassar frå utbygging. Kunnskap om kvar det veks framande planter, spreiingsvegar og risikoareal gjer det mogleg å laga risikokart.
– Fyrst og fremst er det viktig å ha kjennskap til kvar einskild plante sidan ulike plantar spreier seg på ulike vis, seier Bayr.
– Ved å nytta informasjon om kvar det finst uønskte plantar i dag, korleis dei mest sannsynleg vil spreia seg og kor det er gode tilhøve for etablering, kan me laga risikokart. Slike kart kan gjera det lettare å gripa inn tidleg. Då er det mykje lettare å nedkjempa plantene.
Eit mogleg risikoareal for spreiing kan være eit jordbruksareal ute av drift nær ein bekk der det veks kjempespringfrø lenger oppe i vassdraget. Eit anna jordbruksareal ute av drift ligg kanskje langt ifrå ein spreiingsveg, og risikoen for innvadering er dermed lågare.

Førebygging og målretta innsats
Det er kommunane i samråd med statsforvaltaren som har ansvar for nedkjemping av framande planteartar. Dei har likevel små ressursar både når det gjeld folk og midlar.
– Når ressursane er små, er det viktig med målretta innsats. Me meiner at det er viktig at jordbruksareala vert halde i drift, slik driveplikta i Jordlova tilseier, seier Bayr.
– Dersom det ikkje er mogleg, kan ein forsøka å halda areala så godt som mogleg i hevd gjennom vedlikehaldsdrift, til dømes med beitepussar. Dette kan både redusera risiko for å få inn uønskte artar, og gje gode vilkår for eventuelle sjeldne artar som er avhengige av gamal kulturmark. Areal utan slike naturverdiar med låg risiko for invasjon, kan ein vurdera å la gro att med skog. Skogen vil gje skugge slik at mange ljoselskande framandartar vert konkurrert ut.
Der uønskte planter har etablert seg, er det om å gjera at dei ikkje spreier seg vidare.
– Samarbeid om tidleg varsling på tvers av kommune- og fylkesgrenser, er viktig. Det er naudsynt med ein meir systematisk kartlegging, der ein kan ha særskilt merksemd på risikoareal og kjende spreiingsvegar, avsluttar forskaren.
KONTAKTPERSON

Ulrike Bayr
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 480 94 762 ulrike.bayr@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43

Lenker
Webinar 9. april: Fremmede skadelige karplanter i jordbruksarealer ute av drift - miljodirektoratet.no Artsorakelet Framandartslista 2023 NIBIO sitt plantevernleksikon Råd til hageeigararRaudhyll, svært høg risiko
Raudhyll er ein av dei framandartane som ofte blei funne på jordbruksareal ute av drift i dei to overvakingsprogramma ASO og 3Q. Raudhyll blei innført til Noreg som prydplante på 1700 talet. Den har tilpassa seg mange ulike veksttilhøve. Mellom anna trugar den norske artar ved å skapa eit framandt busksjikt i skogtypar som naturleg ikkje har slikt sjikt. Raudhyll kan påverka fornyinga av norske treslag ved å ta opp plass i skogen. Den kan òg forstyrra den naturlege balansen mellom stadeigne planter med saftige frukter og fuglar som et desse. Bæra er svakt giftige for menneske.

Foto: Dan Aamlid
Ugrasmjølke, svært høg risiko
Ugrasmjølke vart funne svært ofte på jordbruksareal ute av drift. Planta kan ta over store område og utkonkurrere norske ville planter. Den spreier seg over store avstandar med langhåra frø som kan fly langt av stad med vinden og spreier seg fortare enn dei fleste andre framandartane. Den er ein av dei mest utbreidde skadelege planteartane i Noreg i dag.

Foto: Egil Michaelsen
Kva du og eg kan gjera
Veit du om du har uønskte framande planteartar i hagen din? Det er ein god ide å læra seg høgrisikoartane i sitt eige område. Ofte har kommunen eller statsforvaltaren laga informasjonsmateriell som kan vera til hjelp. Det aller viktigaste er å unngå spreiing. Planteavfall frå framande skadelege planter skal ein brenna, kasta i restavfallet eller levera i svart sekk til brenning på gjenvinningsstasjon. Privatpersonar kan òg engasjera seg i lokale tiltak for å fjerna uønskte planter der dei har etablert seg.

Foto: Erling Fløistad
Tiltaksplan for 2020 – 2025 frå Klima- og miljødepartementet
Nedkjemping av framande skadelege organismar
Tiltaksplanen legg vekt på at Noreg må samordna innsatsen mot framande skadelege artar på tvers av ulike sektorar. Planen identifiserer viktige tiltak, gode metodar og tydinga av betre informasjon. Tidleg innsats er avgjerande og regionale handlingsplanar skal utviklast basert på dei nasjonale prioriteringane. Arbeidet med planen vart leia av Miljødirektoratet.
Les tiltaksplanen
KONTAKTPERSON

Ulrike Bayr
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 480 94 762 ulrike.bayr@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Authors
Ulrike Bayr Annette Bär Hanne Sickel Kristin Daugstad Synnøve Grenne Svein Olav Krøgli Kari Straume EnerstadAbstract
Rapporten sammenstiller kunnskap om hvilken risiko jordbruksarealer ute av drift har for å bli invadert av fremmede skadelige karplanter. Det utredes også hvilke typer jordbruksarealer som er mest utsatt og hvordan landskapet rundt arealene påvirker spredningsrisikoen. I tillegg gir vi anbefalinger om vurderingskriterier som bør legges til grunn ved prioritering av arealer for tiltak, og hvilke tiltak vi anser å være viktigst i forbindelse med jordbruksarealer ute av drift. Arbeidet er knyttet til tiltak 22 i den gjeldende tiltaksplanen «Bekjempelse av fremmede skadelige organismer. Tiltaksplan (2020-2025)».