Fjellbygder og bygdesosiologi

Fjellandbruket og bygdene kringom i fjell Noreg har vore viktige i forminga av den norske identiteten. Her er landbruket relativt sett viktigare enn i dei fleste andre bygder, samtidig veks det fram ei reiselivsnæring som i stor grad «beitar» på dei estetiske omgivnadane skapt og vedlikehalde av landbruket. Likevel har me over lang tid sett at fjellbygdene så vel som fjellandbruket slit med tildels store utfordringar.

Røros
Røros. Foto: Arne Steffenrem

Fjellbygdene i vårt kollektive medvit

Du treng ikkje bla lenge i dei norske historiebøkene før du vil sjå at fjellbygdene har vore viktige for forminga av Noreg som nasjon så vel som av oss nordmennene som folk. Politisk likeleis som kulturelt har fjellbygdene saman med Nord-Noreg, det brattlente Vestlandet og våre indre skogsbygder stått langt framme i medvitet åt våre fremste kunstnarar og intellektuelle så vel som hjå våre politikarar. Dei skildra kultur og natur i fargar og ord og rydda tuftene for eit kollektivt politisk- og kulturelt medvit som den særnorske distriktspolitikken kunne byggast oppå.

Distriktspolitikken

Frå den tidlege nasjonsbygginga vår på 1800-talet og framover til godt inn på 1980-talet bygde me ein distriktspolitikk utan make. Den tidlege industrialiseringa med konsesjonsinstitutt, heimfallsrett og anna, var alt tufta på eit nasjonalt medvit om at busetjing og utvikling i heile landet var viktig når landet skulle byggast. Etter siste verdskrig gjennomførte me storstilte planar for Nord-Norge så vel som for Nord-Trøndelag og Nordmøre, og fjellbygdene fekk sin eigen kommisjon. På 1960-talet etablerte me Distriktenes utbyggingsfond og framover på 1970 og fyrst på 1980-talet såg me ein jamt meir aktiv bruk av distriktspolitiske verkemiddel som alle skulle kompensere for ulempene knytt til å ikkje ligge sentralt. Men ein gong på 1990-talet starta distriktspolitikken gradvis å miste krafta så vel som synlegheita som me kjente så godt frå før.

Utfordringane

Til liks med mange av utkantkommunane opplever også fjellkommunane nedgang i folketalet. Fødselsunderskot og netto utflytting tærer på kommuneøkonomien og let etter seg usunne alderspyramidar og gjer samfunnet sårbar for uttynning. Dei stadig pågåande strukturendringane i jord- og skogbruket råkar fjellbygdene særleg hardt då desse næringane ofte utgjer ein relativt større del av den sosiale, kulturelle og økonomiske veven i fjellbygdene enn i andre bygder. Så her kjenner ein svien frå såra uttynninga skaper ekstra hardt. Strukturendringane verkar inn på landskapet så vel som på det sosiale og kulturelle limet som gjer fjellbygdene til det dei er.

Strategiane

For å bøte på ein svekka distriktspolitikk, for å bøte på såra frå uttynning, treng lokalsamfunn og kommunar, og endatil staten, å arbeide aktivt med å styrke den sosiale kapitalen. Dei treng å styrke banda mellom bygdefolk så vel som mellom bygdene og ikkje minst treng ein å styrke banda mellom bygd og by. Ein treng å stimulere til samarbeid og god organisering både mellom næringane og det offentlege, mellom dei ulike næringane og ikkje minst mellom einskildaktørar innan same næring. Samarbeid og aktivt arbeid med å bygge tillit er avgjerande, for slik skil ein suksess frå fiasko for fjellbygdene så vel som for landet.

Pågåande forsking

NIBIO deltek aktivt i fleire prosjekt med eit bygdesosiologisk blikk på fjellbygdene. Nokre er leia av NIBIO medan andre er samarbeidsprosjekt med andre forskingsinstitutt. Prosjekttematikken strekker seg frå studiar av formelle institusjonelle og politiske ordningar til studiar av normer og kultur for sosial samhandling. Me studerer samarbeid mellom beitebrukarar så vel som mellom tradisjonelle nyttebrukarar og nye rekreasjonsbrukarar. Me studerer tillit mellom sambygdingar så vel som tillit mellom bygdefolk og forvalting. Me studerer meiningsinnhald og framstillinga av fjellbygdene som representasjonar og me studerer kampen om å definere kva fjellbygdene er og kva dei skal vere. Me studerer makt og avmakt og mykje meir.

Publikasjoner

Til dokument

Sammendrag

This study aims to analyze the main drivers behind summer farm tourism and the elements of summer farms and the summer farm experience that create value for tourists. The study contributes to the conceptualization of summer farm food consumption. By combining concepts used in the analysis of rural tourism, such as postmodernity and cultural heritage, with the hospitality-oriented Five Aspects Meal Model, we offer a new avenue to understand the drivers behind summer farm tourism. Empirically, the study contributes by bringing a hospitality perspective into research about rural tourism, thus offering new avenues for future research. The results show that intrinsic and extrinsic values (e.g. product-specific and non-product-specific characteristics) of summer farm products, along with a welcoming atmosphere, aspects related to the cultural and biological heritage of summer farms, the scenery, and the possibility of encountering real-life animals, are appreciated elements in creating consumer and tourist value. Tourists appreciate the simple rural experience and wish to preserve the cultural heritage embedded in summer farms. Furthermore, traditional elements of hospitality are highly conditioned by postmodern and cultural heritage values.