Er det utmark nok til alle?
Turistar, sau, rovdyr, hyttefolk og bønder. Alle skal ha sin plass i utmarka. Men konfliktnivået aukar, og beitebruken er ofte taparen. Det meiner forskar Bjørn Egil Flø, som undersøker kvifor nokon lykkast med eit godt samarbeid, medan andre kranglar.
Hyttebygging, kraftproduksjon, kommersialisering av jakt og andre fritidsaktivitetar har auka presset på utmarksareala. Med auka arealpress og strukturendringar i jordbruket, har og forvaltinga av beiteområda blitt meir komplisert.
- Me kan like det eller ikkje, men den nye utmarka er her, seier bygdesosiologen ved Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO. Flø leiar prosjektet «FUTGRAZE», som undersøkjar korleis dagens bruk av utmarka fungerer. Både med reglar, normer og samarbeid i beiteområder. Målet er å sikre betre utnytting av beiteressursane.
Sterke meiningar
- Dei nye brukarane er ressurssterke aktørar, meiner Flø. Dei meiner sterkt om kva og korleis utmarka skal vere, og har tunge organisasjonar i ryggen. I enkelte beiteområder har det ført til eit konfliktnivå som har vekst seg så stort, at fleire bønder ikkje held ut den sosiale slitasjen det inneber å halde fram i næringa.
Gjennom å studere ulike beiteområder med ulik organisering og ulike typar eigarskapar, skal forskarane finne ut kva som fungerer best. Samt få frem alternative måtar for å organisere, drifte og forvalte beiteområder.
- Målet er å identifisera kva som fungerer godt eller ikkje dei ulike stadane. Og deretter kunne liste opp ulike tiltak, sjølv om det naturligvis må tilpassast lokalt, seier Flø.
Mange typa konfliktar
Bønder fortel om ei gradvis svekking av samarbeidet. Både mellom beitebrukarar og mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka. I enkelte områder har det ført til ei utvikling som gradvis også har redusert talet på beitedyr. Det betyr dårligare utnytting av beiteressursane og dermed også auka gjengroing og redusert beitekvalitet. Det gjer igjen påfølgjande tap av biologisk mangfald.
- I andre områder igjen fortel bøndene om eit beitetrykk som er altfor høgt i høve til ressursgrunnlaget, beskriver forskarane på sin eigen prosjektside om FUTGRAZE. Enkeltbrukarar har vekst seg store, og slepp i dag flokkar tilsvarande mange gongar den gjennomsnittlege storleiken i området.
Møtested Oppdal
I fjor inviterte forskargruppa til seminar på Oppdal. Det var oppstartinga på FUTGRAZE-prosjektet, der faglag og ulike næringsorganisasjonar innleia om sine synspunkt og interesser i forhold til beitebruk.
- Me har valt ut fire stadar eller «case». Her har nokon eit svært høgt konfliktnivå mens andre fungerer godt, fortel Bjørn Egil Flø.
Oppdal er ikkje blant dei stadane forskarane skal undersøke. Men som ein del av seminaret fekk dei besøke enkelte områder for å sjå kva dei har gjort for å betre samarbeidet mellom ulike interessentar. Oppdal er landets største sauekommune samtidig som dei har satsa mykje på turisme.
- Ja, dei er ein av landets største hyttekommunar, og det er klart at hytteeigarar har ikkje alltid like stor forståing for landbruket. Gjerdeproblematikk er eit tema, og nokon stadar kan det vere ulovlige og dårlig vedlikehaldne gjerder rundt hytta. En har og dei som utviklar hyttefelt og vil gjerda inn heile områdar.
Det er ikkje alltid i samsvar med beiteretten, seier Flø, som leiar forskargruppa med folk frå både økonomi, samfunnsfag, økologi og jus.
Og kven har størst nytte av resultatet frå prosjektet?
Det har eg og du – altså me vanlige folk. Fordi eit godt samarbeid på beite skaper det landskapet som me alle vil ha, seier forskar og prosjektleiar Bjørn Egil Flø i Norsk institutt for bioøkonomi.
KONTAKTPERSON
Bjørn Egil Flø
Forsker
-
Divisjon for matproduksjon og samfunn
(+47) 951 15 617 bjorn.flo@nibio.no Kontorsted: Trondheim
Mot ei framtid for utmarksbeitet – om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder
Prosjektansvarlig, NIBIO:
Bjørn Egil Flø
Prosjektets hovudspørsmål er:
Korleis tilpassar dei formelle og uformelle institusjonane - knytt til felles beiting i utmarka – seg dei miljømessige, politiske og økonomiske endringane over tid? Samt korleis påverkar desse endringane dei ulike brukarane sine generelle strategiar for samarbeid? Og meir spesifikt; korleis påverkar desse endringane samarbeidet mellom beitebrukarane innanfor dei ulike beiteområda?
Finansiering:
Prosjektet finansierast gjennom Noregs forskingsråd - «Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri».
Øvrige bidragsytarer er Norges Fjellstyresamband, Animalia, Norges bondelag, Norsk bonde og småbrukarlag, Norsk Sau og Geit, TYR, Fylkesmannen i Hedmark, FM Oppland, FM Trøndelag, FM Møre og Romsdal, FM Nordland, og FM i Aust- og Vest Agder.
Forskingspartnarar:
NIBIO (prosjekteigar), Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), og Universitetet i Oslo.
Internasjonale partnarar: University of Southern Maine (USA), James Hutton Institute (Scotland), Countryside and Community Research Institute, University of Gloucestershire (England).
KONTAKTPERSON
Bjørn Egil Flø
Forsker
-
Divisjon for matproduksjon og samfunn
(+47) 951 15 617 bjorn.flo@nibio.no Kontorsted: Trondheim
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.