Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2001

Sammendrag

·Både erter og åkerbønner gir større proteinavling enn havre. Dyrking av desse vekstane er såleis svært aktuelt for å auke proteinproduksjonen i økologisk landbruk.· ei prøvde sortane av erter (Delta og Bohatyr) er for seine for Midt-Noreg og kan berre tilråast for flatbygdene på Austlandet. · Dei halvt bladlause og stråstive ertesortane gir større dyrkingstryggleik enn dei bladrike og stråsvake sortane. Ein tilrår den halvt bladlause sorten Delta både for dyrking i reinbestand og i blanding med erter. · Åkerbønnesorten Kontu kan berre dyrkast i dei tidlegaste områda på Sør-Austlandet. · Blandingar med erter og havre kan gi nesten like stor proteinavling som erter i reinbestand, og blandingsgrøde gir mindre legde og større dyrkingstryggleik.· Gjødselverknaden til erter og åkerbønner som førgrøder varierer mykje mellom år avhengig av tapa om vinteren, men meiravlingar på opp til 30% kan ventast. Åkerbønner gir best gjødselverknad.

Sammendrag

Engsvingelfrøeng som ikke skal utnyttes til fôrproduksjon om høsten, gjødsles med ca 3 kg N/daa like etter tresking og fjerning av frøhalmen.  Dersom en ikke har mulighet for vårbrenning, og det er lang og nedkjørt stubb i frøenga etter tresking, bør denne kuttes og helst fjernes før gjødsling. Brenning av engsvingelfrøeng tidlig om våren, før vekststart, gir større frøavling, særlig i år med lav temperatur og mye nedbør i mai.  Ønsker en å utnytte gjenveksten i engsvingelfrøeng til fôr, bør det gjødsles med 5-6 kg N/daa like etter tresking, og fôrslåtten bør tas innen midten av september.

Til dokument

Sammendrag

Størstedelen av produksjonen i sauehaldet skjer i beitetida. Ved å sjå på avdråttsresultat ser ein at det er store ulikheiter mellom beitelag og innan beitelag. Ulikheitene viser at det skulle ligge eit stort potensiale for å betre produksjonsresultatet ved å avdekke årsaker til ulikheiter og ved å finne tiltak som kan auke avdråtten. Institutt for husdyrfag ved NLH, Norsk sau- og geitalslag og NIJOS, arbeider saman for å utvikle metodar for vurdering av produksjonsresultatet i beitetida.

Sammendrag

På oppdrag frå Valdres jordskifterett har Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utført ei vurdering av beiteressursar i Lusætermorkje. Området er omlag 15 000 dekar og ligg i Heidal i Sel kommune. Denne rapporten gjev ein omtale av beitetilhøva i området saman med eit overslag over beitekapasitet for storfe og sau. Som grunnlag for beitevurderinga er det utarbeidd vegetasjonskart over området. Kartproduksjon er utført av Gunnar Tenge, medan feltarbeid og beitevurdering er gjort av undertegna. Kunnskapsnivået om verdien av utmarksbeite for husdyr er lågt og vi har ikkje standardiserte metodar som kan gje grunnlag for gode og einheitlege overslag over venta avdrått, beitekapasitet eller arealverdi i eit beiteområde. Denne rapporten inngår i arbeid som foregår ved NIJOS for å auke kunnskapsnivået og å lage bedre reiskap for vurdering av utmarksbeite.

Sammendrag

På oppdrag frå Nord-Gudbrandsdal jordskifterett har Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utført ei vurdering av beiteressursar for jordskiftesak 3/1998 Skåbu hyttegrend. Arealet som er vurdert er 5 100 dekar og ligg sørvest for tettstaden Skåbu i Nord-Fron kommune. Som nemning for området er det i rapporten bruka Holslåa. Denne rapporten gjev ein omtale av beitetilhøva saman med eit overslag over beitekapasitet for storfe og sau. Som grunnlag for beitevurderinga er det utarbeidd vegetasjonskart og avleia beitekart for sau. Kartproduksjon er utført av Roar Lågbu, medan feltarbeid og beitevurdering er gjort av undertegna.