Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2002

Sammendrag

I perioden 1998-2000 vart det gjennomført tynningsforsøk med plommesortane "Opal" og Victoria ved PlanteforskUllensvang og hjå dyrkarar. I 1998 vart utynna og handtynna "Victoria" tre samanlikna med kjemisk tynning ved full blom med 1% Armothin, 1,5 % ammoniumthiosulfat (ATS) og ei blanding med 10 ppm 1-naphylacetic acid (NAA) og 75 ppm etefon ein månad etter full blom. Same programmet vart gjennomført dei to fylgjande åra, men inkludert ei handsaming med 250 ppm etefon ved full blom i tillegg. Hjå dyrkarane vart det gjennomført 3 feltforsøk i år 2000 med sortane "Opal" og "Victoria" og tynningssprøytt med 1-1,5 % ATS og 5-7 % svovelkalk ved full blom i tillegg til ubehandla tre og handtynna tre. Alle tynningshandsamingane redusert avlinga og heva fruktkvaliteten (fruktstorleik, sukkerinnhald, fastleik og farge).

Sammendrag

Dei fleste insekt, særleg dei innan gruppa Lepidoptera, finn seg ein make ved hjelp av kjønnsferomon. Ein kjenner i dag den kjemiske samansetninga til kjønnsferomonet for mange insektartar, og feromoner er nytta som tiltak mot fleire skadedyr over heile verda. Undersøkingar frå 1984 tyder på at komponenten Z11-16Ald kan vere kjønnsferomonet til kirsebærmøll. Sesongen 2002 vart denne komponenten nytta for å undersøkje om (1) han virka tiltrekkjande på kirsebærmøll og om han var artsspesifikk, (2) når kirsebærmøll sverma i sesongen og (3) når i døgnet kirsebærmøll sverma. Resultata viste at denne eine komponenten var tiltrekkjande og artsspesifikk - ingen andre insekt vart fanga i svermetida til kirsebærmøll. Kirsebærmøll sverma frå veke 26 til 34, med topp i veke 29. Høgast aktivitet vart funnen mellom klokka 5 og 10 på ettermiddagen. Kjønnsferomonet kan nyttast til å finne utbreiing til kirsebærmøll og på sikt varslingstiltak som skadeterskel og tiltak som paringsforstyrring.

Sammendrag

Norsk institutt for skogforskning (Skogforsk) i Bergen har etablert flere forsøk med klippegrønt i Hordaland. Allerede i 1984 ble det to første forsøkene med kransklipping i nobeledelgran (Abies procera) plantet på Taskjelle i Granvin og på Falkanger i Bergen, det siste også med skrueklipping og søyleklipping. Senere er det også etablert to forsøk med barproduksjon og barkvalitet i nobeledelgran, fjelledelgran (Abies lasiocarpa) og fageredelgran (Abies amabilis). Et ble plantet i 1992 på Bolstadøyri i Voss og et ble plantet i 1993 på Hjeltnes garnterskule i Ulvik, det siste også med nordmannsedelgran (Abies nordmanniana). Noen av disse forsøkene begynner nå å gi nyttige resultater om valg av klippemetode, samt produksjonsmengde og kvalitet på baret

Sammendrag

Ein ser av sortimentoversiktar og annonsar at felleskjøpet tilbyr Kompaktgjødsel som ein billegvariant av NKP- gjødsel. Vi vil åtvara mot ein ukritisk bruka av denne handelsgjødsla ut frå det høge innhaldet av vassløyseleg svovel og at gjødsla vil ha sterkara forsuringseffekt enn annan NKP-gjødsel. Ein skal ikkje for sterkt fokusera på pris ved val av handelsgjødsel.