Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2002

Sammendrag

Både helsa og ytinga hjå drøvtyggjarane er avhengig av ei høg nok, men samtidig balansert forsyning av sporelementa kobolt (Co), kopar (Cu) og molybden (Mo). Tidlegare studiar har synt at forsyninga av kobolt frå vanleg grovfôr kan vere mangelfull langs kysten av Noreg, medan det ofte er knapt med Cu og i høve til Mo. Det er også funne at innhaldet er forskjellig i gras og kløver frå same enga. Ein ønskte difor å undersøkje om ein ved å dyrke andre vekstar kunne oppnå ei meir balansert forsyning av dei aktuelle sporelementa i grovfôrrasjonen. Resultat frå tre feltstudiar der  ein undersøkte innhaldet av sporelementa i vanleg grovfôr, ulike grønfôrvekstar og engugras er presentert. Fôrvikke og italiensk raigras såg ut til å kunne bøte på mangelfull Co-forsyning i noko mon. Italiensk raigras vil dessutan kunne auke eit lågt Cu:Mo-forhold i rasjonen. Studiane stadfesta også langt på veg eit høgare opptak av Mo i høve til Cu i belgvekstar samanlikna med gras. Likevel kan verken belgvekstar, andre grønfôrvekstar eller ugras kan rette opp ei svært mangelfull eller skeiv forsyning av desse sporstoffa.

Sammendrag

Det vert gjort greie for kvitkløveren sine eigenskapar som beitevekst og opplegget for beitestudiar ved Mære landbruksskole og Øksnevad vidaregåande skule sommaren 2001. Ein ønskte med desse studiane å undersøkje opptaket av kvitkløver i høve til gras. Vidare vert det diskutert moglege årsaker til at dyra i somme situasjonar kan ha eit beitemønster som gjer at opptaket av kvitkløver vert lågare enn det internasjonale erfaringar tilseier.

Sammendrag

Nitrogenopptak på ugjødsla ruter i eng var avhengig av innhaldet av mineralsk N i jorda om våren, men ikkje av glødetapet. I middel auka opptaket av N i avling med 0,4-0,5 kg pr. kg auke i mineralsk N i jorda. Korreksjon av tilrådd gjødslilng i gjødslingsplanar (utarbeidd av forsøksringar) ved bruk av N-opptak på ugjødsla ruter gav ingen effektar på avling og kvalitet, men ein sparte i middel 0,6-0,8 kg N/daa ved to haustingar. Flat avlingskurve gav få sikre avlingsutslag i enkeltforsøk i eit vidt område rundt normale nivå. Miljøeffekten av redusert gjødsling blir stor når tilført N-mengd er mykje større enn bortføring av N i avlinga. Ei god vurdering av avlingsnivået i eng er derfor viktig for å få ei betre tilpassa gjødsling.

Sammendrag

Publikasjonen inneheld samandragsartiklar frå avsluttingsseminaret for det stratgiske instituttprogrammet "Næringsforsyning i økologiske dyrkingssystem med lite husdyrgjødsel". Følgjande emne er presentert:1) Gjødslingsvekster som nitrogenkilde ved dyrking av grønnsaker, 2) Oppsummering av erfaringene med bruk av underkulturer og med bruk av planteavklipp som dekkemateriale ved grønnsakdyrking på Kise 1998-2002, 3) Helhetlige metoder for kontroll av ugras og skadedyr i radkulturer ved hjelp av underkultur og plantavklipp, 4) Forgrøder og organiske gjødselslag som næringskilde til korn, 5) Ettervirkning av frøeng i økologiske omløp, 6) Fosfor- og kaliumeffektivitet i bygg og vårhvete: Forskjeller mellom eldre og nyere sorter, 7) Avlingar og jordeigenskapar gjennom seks års økologisk drift i dyrkingssystema på Planteforsk Landvik, Østre Voll, NLH og Planteforsk Kvithamar, 8) Forsøk med  økologisk plantedyrking uten husdyr i Danmark, 9) Kvalitetsdyrking av økologisk vårhvete etter kløverrik eng i Sverige, 10) Finske forsøk med næringsforsyning i økologiske dyringssystem med lite eller ingen tilførsel av husdyrgjødsel.

Sammendrag

Mjølkeproduksjon på beite er ei krevjande driftsform. For å lykkast vert det kravd god planlegging på førehand og nøye oppfølging og styring undervegs i beitesesongen. Planteforsk har utarbeidd enkle hjelpemiddel til planlegging og styring av beitinga. Dei viktigaste elementa i desse hjelpemidla vert presenterte. Det gjeld i første rekke eit reknearkbasert dataprogram for berekning av arealbehovet gjennom beitesesongen og enkle styringsreglar basert på grashøgde før og etter avbeiting. I dataprogrammet, som er under utvikling byggjer ein planlegginga på venta dagleg beitetilvekst i ulike periodar av beitesesongen, ønska beiteopptak og utnyttingsgrad av beita, samt endringar i næringsverdi av beitegrøda i dei same periodane. Det vert tilrådd å nytte Planteforsk sin grashøgdemålar saman med eit særskilt noteringshefte ved måling av grashøgda. Desse produkta er i sal hjå Planteforsk Kvithamar og TINE Norske Meierier.

Sammendrag

I åra 1995 til 1996 vart det i alt lagt ut 47 forsøksfelt med sortar av fleirårig raigras (Lolium perenne L.) ved Planteforsk-einingane Kvithamar og Vågønes og i forsøksringar i store delar av landet, med unnatak av Troms og Finnmark. Målet var å klarleggje dyrkingsområdet og dyrkingspotensialet for denne arten. Som målestokkar var det med tre mykje brukte sortar av engrapp (Poa pratensis L.), engsvingel (Festuca pratensis Huds.) og hundegras (Dactylis glomerata L.). Forsøksfelta vart anten slått 2-3 gonger (slåtteregime) eller 4-5 gonger (beiteregime). På felt til slått hadde sortane av fleirårig raigras klart dårlegare dekking om våren enn sortane av hundegras, engsvingel og engrapp i alle tre engår, men delen av sådd gras i første slått var like stor for raigras som for dei andre artane, med unnatak av det siste året. På felt med simulert beiting var også dekkinga av raigras dårlegare enn for dei andre artane, men skilnadene var langt mindre enn der det vart tatt to-tre slåttar. Hundegras og engsvingel gav større tørrstoffavling enn raigras på "slåttefelta". Der det vart hausta 4-5 gonger var avlinga av hundegras størst. Stor mengd N-gjødsel samanlikna med moderat gav dårlegare dekking av planter om våren både der det vart hausta til slått og til beiting. Avlingsutslaga for sterkare gjødsling var statistisk sikre i andre og tredje slått, med unntak for fjerde engår. Meiravlinga var relativt sett størst i tredje slått. Ved simulert beiting var det sikker avlingsauke etter sterkaste gjødsling ved dei fleste haustingane i første til tredje engår. Sortane av engsvingel, engrapp og hundegras hadde klart lågare innhald av vassløyselege karbohydrat og høgare innhald av NDF ved alle haustingar samanlikna med raigras. Sterk N- gjødsling reduserte innhaldet av vassløyselege karbohydrat med 1-2,5 prosenteiningar i høve til moderat gjødsling. Innhaldet av råprotein auka sikkert etter sterkaste gjødsling i første slåtten, medan meltegrad, fôreiningskonsentrasjon og innhald av fiber og oske var mindre påverka av gjødslinga.

Sammendrag

I åra 1996 til 1997 vart det i alt lagt ut 35 forsøksfelt med sortar av raisvingel (Festuca x Lolium hybridar) ved Planteforsk Kvithamar og i forsøksringar i store delar av landet, med unnatak av Troms og Finnmark. Målet med granskinga var å klarleggje dyrkingsområdet og dyrkingspotensialet for denne arten. Som målestokkar var det med to sortar av fleirårig raigras (Lolium perenne L.), ein engsvingelsort (Festuca pratensis Huds.) samt ei blanding av engsvingel og timotei (Phleum pratense L.). Forsøksfelta vart hausta 2-3 gonger i året i tre år. Raisvingelsorten Paulita hadde klart dårlegare dekking om våren i første året enn raisvingelsorten Prior og målestokksortane. I andre og tredje året var dekkinga av raisvingel og av "Tove" raigras mindre enn for "Fure" engsvingel og engsvingel/timotei-blandinga. I Midt- og Nord-Norge gav raisvingel- og raigrassortane større avling enn engsvingel i første året, medan blandinga med timotei og engsvingel produserte mest avling i andre og tredje året. "Paulita" gav større avling enn "Prior" i alle tre åra. Lenger sør i landet var avlingsskilnadene mindre eintydige. Innhaldet av råprotein var jamt over høgare i engsvingelsorten Fure enn i dei to raigrassortane, medan raisvingelsortane hadde råproteininnhald som låg mellom nivået i engsvingel og raigras. I alle slåttane var stort sett innhaldet av fiber lågare og meltegrad og fôreiningskonsentrasjon høgare i raigras og raisvingel enn i engsvingel i reinbestand og i blanding med timotei. Kvaliteten av "Paulita" og "Prior" var stort sett lik, men "Paulita" hadde klart høgare innhald av sukker enn "Prior". Engsvingel og timotei/engsvingel hadde lågast innhald av sukker, og skilnadene var særleg store i første slåtten. Resultata frå denne forsøksserien syner at raisvingelsortane Paulita og Prior ikkje er meir vinterherdige enn marknadssortar av fleirårig raigras. Fôrkvaliteten og avlingsmengda er heller ikkje betre. Det er difor ingen grunn til å tilrå bruk av "Paulita" og "Prior" i staden for sortar av fleirårig raigras.

Sammendrag

Målet med forsøka var å finne korleis ulik fordeling av nitrogen i eng verkar inn på avling, fôrkvalitet og nitrogenutnytting. Fire fordelingar av N-gjødsling om våren og etter første slått (40-60, 50-50, 60-40 og 70-30) vart prøvde ved to N-mengder (12 og 24 kg N/daa) på 16 stader i Norge. Fordeling av gjødsla gav generelt små utslag på totalavlinga, men ved den sterkaste gjødslinga gav 50-50 og 60-40-fordeling best resultat. Bortføring av N med avlinga viste dårleg utnytting av N-gjødsla ved den største mengda. Det blir konkludert med at gras er fleksibelt med omsyn på fordeling av gjødsla i eit to-slåttssystem, og at vårgjødslinga ikkje bør vera for svak for å sikre både høg avling i førsteslåtten og gje tilstrekkelege reservar for ein rask gjenvekst.