Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Algesoppartar innan slekta Phytophthora gjer stor skade i norske planteskular, klyppegrøntfelt, parkar, anlegg og privathagar. Lawsonsypress er spesielt utsett for denne skadegjeraren.

Sammendrag

Pithya cupressina (oransje greinbeger) er ein sjeldan sopp som er på lista over truga artar i Noreg. I 2001 vart denne soppen funnen på ein prøve av Juniperus x media ’Mint Julep’ i Ås kommune.

Sammendrag

Edelgranrust er sjeldan eit stort problem i juletrefelt, men det er registrert ein del skade på nordmannsedelgran. Angrepne nåler vert brune, krøllar seg og fell av, og toppskota kan verta skeive. Denne rustsoppen har mjølke og geitrams som hovudvertar.

Sammendrag

Rhizosphaera spp. kan føra til sterkt nålefall på gran- (Picea spp.) og edelgran (Abies spp.). I nokre juletrefelt her i landet, spesielt i nordmannsedelgran (Abies nordmanniana), er dette eit så stort problem at sprøyting med kopar-preparat er nødvendig.

Sammendrag

I 2003 vart det funne store mengder sporehus og sporar av soppen Schlerophoma på visnande årsskot av vanleg gran i Vestfold og Rogaland. I 2004 vart det stadfesta Schlerophoma-angrep på nordmannsedelgran i Rogaland.

Sammendrag

I Noreg vart soppen Seiridium funnen i 2002 på ein skadd tujahekk i Fredrikstad. Frå andre stader i verda er det kjent at denne soppen dannar kreftsår og fører til visning av nåler og skot.

Sammendrag

Dersom ein skal produsera eit juletre av god kvalitet, må juletrefelta gjødslast og haldast ugrasreine i 8-10 år. Trea må toppskotregulerast og formskjerast. God plantekultur er likevel ingen garanti for å få fram trea. Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (klyppegrøntprosjektet) har vi funne årsaka til ein del av dei sjukdomsproblema juletrenæringa slit med. Hovudårsaka til utgang av tre er ulike soppsjukdomar. I denne artikkelen er det berre plass til ein kort omtale og bilete av nokre av dei viktigaste skadane. Meir utfyllande informasjon om dei ulike sjukdomane vil koma i form av faktaark. Faktaarka skal koma som vedlegg i Norsk Pyntegrønt og dessutan vera tilgjengelege på internett.

Sammendrag

Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt og juletreproduksjonen"  har det vist seg at ein del sjukdomsproblem ute i produksjonsfelt kan sporast attende til innkjøpte småplanter. Fleire aktuelle skadegjerarar er også funne på planteprøvar tatt ut i ulike hagebruks- og skogplanteskular og syner at sjukdomar og skadedyr er problematiske under oppal. Denne artikkelen gir ein oversikt over faktorar som fører til sjukdom hjå planter og går nærare inn på problematikken rotbrann.