Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Sammendrag

Grøne blad og vakre, raude bær midt på vinteren har gjort kristtorn til eit populært innslag i julepyntinga. For at dette skal kunna halda fram, må det setjast i verk tiltak mot det omfattande bladfallet ein ser i klyppegrøntfelt og viltveksande kristtorn. Bladfallet ser hovudsakeleg ut til å skuldast aukande angrep av soppsjukdomar. Det kan vera fleire årsaker til meir soppsjukdomar, men i viltveksande kristtorn har det truleg samanheng med auka gjengroing pga. mindre beiting og lite stell av plantene. Spørsmålet er difor om stell og beiting med sau kan bøta på dette.

Sammendrag

Hagtornrust har tvunge vertskifte mellom einer og hagtorn. Våren 2006, var det svært mykje hagtornrust på einer i Ås-området. Barken på stamme og greiner var delvis dekka av oransje, geleaktige utvekstar/"horn".  Soppen overvintrar berre på einer, der det vert danna fleirårig mycel (nettverk av sopptrådar). Dei oransje "horna" vert danna når overvintringsstadiet (teleutostadiet) svulmar opp. Teleutosporar spirer og gir opphav til nye sporar (basidiesporar) som spreiar seg med vind til hagtorn. Basidiesporane spirer på nyveksten av hagtorn og fører til at blad, bladstilkar, årsskot, blomar og frukter svell opp.

Sammendrag

På ettersommaren 2006, vart det funne to nye soppsjukdomar i norske grøntanlegg. Den eine sjukdomen var mjøldogg (Microsphaera syringae syn. Erysiphe syringae) på syrin ved fleire lokalitetar i Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark. Den andre var Guignardia aesculi  ("leaf blotch" på engelsk) på blad av hestekastanje i Horten, Tønsberg og Sandefjord. Byrjande angrep vart også registrert i planteskulen ved UMB på Ås.

Sammendrag

Total anti-oxidant capacity (TAC) and the contents of mono- and disaccharides, and organic acids were determined in strawberry fruit from ten genotypes sampled from eight experimental sites in Norway in 2002 and 2003.The difference between genotypes was significant for all recorded traits, and it appeared possible to select for all traits in breeding programmes. On average, the Norwegian bred cultivar `Carmen" had a TAC of 30.07 mmol kg"1 fresh weight (FW), compared to 23.16 mmol kg"1 FW in the standard cultivar `Korona". TAC was negatively correlated with fruit size, rainfall and leaf surface humidity, but was positively correlated with the minimum temperature on the day prior to sampling. Mono- and di-saccharide contents were negatively correlated with both minimum and maximum temperatures, and with wind velocity. It was confirmed that the sugars:organic acids ratio was inversely related to the maximum temperature on the day before harvest, which supports anecdotal claims that strawberries grown in northern areas have, on average, better flavour.

Sammendrag

Dette er den tredje og siste artikkelen i ein serie artiklar om soppsjukdomar på gran i SKOGeieren. Fokus i denne artikkelen er på soppsjukdomar som fyrst og fremst gjer skade på litt eldre grantre.

Sammendrag

Søtkirsebærknoppar på bukettgreiner og skot vart undersøkt for smitte av Colletotrichum acutatum før knoppsprett i 4 sesongar. Både knoppar frå greiner som var smitta med C. acutatum året før og naturleg infiserte knoppar vart undersøkt. Soppen sporulerte på knoppane med små oransje hornliknande strukturar. Frå naturleg infiserte greiner var det frå 2 til 80% knoppar med sporulering på bukettgreiner  og 0 til 53% på knoppar frå skot. Tilsvarande på knoppar frå greiner smitta året før var 38 til 79% på bukettgreiner og 4 til 45% på skot. På bukettgreinene som har både generative og vegetative knoppar var det mest sporulering på dei generative. Slike infeksjonar på knoppar er truleg ei viktig kjelde til smitte av C. acutatum om våren.

Sammendrag

Dette er den andre artikkelen i ein serie om soppsjukdomar på gran. Artikkel I omtala rotsjukdomar. I denne artikkelen vil vi sjå nærare på soppsjukdomar som er funne på bar og skot av gran både i planteskular og produksjonsfelt. Sjukdomane som desse soppane fører til har ofte ikkje fått noko norsk namn, difor brukar vi latinsk namn på soppslekta.

Sammendrag

Tilnærminger gjennom foredling og bioteknologi blir fortløpende brukt for å øke innholdet av spesifike bioaktive komponenter i planter, men å styre plantemetabolismen slik at man forbedrer produktene er fremdeles vanskelig. Det er imidlertid en økende klarhet i at multiple gen- og omgivelses-faktorer påvirker produksjon og akumulering av bioaktive forbindelser, men disse forholdene er skjelden med i bildet når f.eks bær blir markedsført.

Sammendrag

I slutten av august 2006 vart det funne omfattande skade på blad av hestekastanje (Aesculus hippocastanum) ved fleire lokalitetar på Austlandet. Skadane skuldast bladflekksoppen Guignardia aesculi og mjøldoggsoppen Erysiphe flexuosa.

Sammendrag

I august 2006 vart det for første gong gjort funn av mjøldogg (Erysiphe syringae syn. Microsphaera syringae ) på vanleg syrin (Syringa vulgaris) ved fleire lokalitetar i Oslo, Akershus, Buskerud og Telemark.