Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2022
Sammendrag
I 2007 vart det første gang utført verdiskapingsberekningar for jordbruket i Møre og Romsdal basert på tal for 2005, og i 2012 vart det gjennomført oppdaterte berekningar basert på tal frå 2010. I denne rapporten er resultatet frå oppdaterte berekningar for jordbruket, basert på tal frå 2020, presentert. I tillegg er det berekna verdiskaping frå landbruksbaserte tilleggsnæringar, skogbruk og landbruksbasert industri. Det er også gjort ein analyse av ringverknader av landbruket i Møre og Romsdal. Det var registrert 13 293 landbrukseigedomar i Møre og Romsdal i 2020. Medan talet på landbruks-eigedomar i Møre og Romsdal er redusert med 6,6 prosent frå 2010 til 2020, er talet jordbruksføretak redusert med 21 prosent. 2 390 jordbruksføretak søkte om produksjonstilskot i 2020. Frå 2010 til 2020 gjekk jordbruksareal i alt i fylket ned med 10 prosent, frå 568 981 dekar til 509 409 dekar. Gjennomsnittsarealet per bruk i Møre og Romsdal var 187 dekar i 2010, 201 dekar i 2015 og 213 dekar i 2020. Verdiskaping frå jordbruket i Møre og Romsdal rekna som bruttoprodukt, er berekna til 1 025 mill. kr i 2020. Det er 49 mill. kr mindre enn det som vart berekna for 2010 (målt i 2020 kr.). Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i Møre og Romsdal, kjem 36 % frå kommunane Hustadvika, Surnadal, Molde og Volda. Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 2 292 årsverk. Det er 706 årsverk mindre enn i 2010. Frå 2010 til 2020 er verdiskapinga auka med kr 85 500 per årsverk i jordbruket i Møre og Romsdal. Av den totale verdiskapinga i 2020, rekna som bruttoprodukt, kjem 67 prosent frå mjølke-produksjon Samanlikna med 2010, utgjer mjølkeproduksjon tre prosentpoeng mindre av verdiskapinga i fylket. Verdiskapinga i sauehaldet har gått ned med knapt to prosentpoeng frå 2010, medan kjøtproduksjon med ammekyr har auka med fire prosentpoeng i same periode. Svinehaldet har gått ned med eitt prosentpoeng, samanlikna med 2010. Om lag to prosent av dei sysselsette i landet som arbeider i skogbruket, hadde arbeidsstad i Møre og Romsdal, og i 2020 var 132 personar sysselsette i skogbruket i fylket. I Møre og Romsdal ble det avverka ca. 271 200 m3 industrivirke i 2020. Det utgjer om lag 2,6 prosent av den samla avverkinga i landet. Berekna omsetnadsverdi av skogprodukta i Møre og Romsdal er samla berekna til 212 mill. kroner i 2020, og verdiskaping rekna som bruttoprodukt for skogbruket er berekna til 186 mill. kr. Surnadal og Rauma er dei to kommunane som har høgast verdiskaping frå skogbruket i 2020, med høvesvis 19,1 og 16,9 millionar kroner. Leigekøyring og utmarksnæring er dei mest vanlege tilleggsnæringane i Møre og Romsdal. Av dei som driv tilleggsnæring, er det 26 prosent som driv leigekøyring, og 21 som driv ei eller anna form for utmarksnæring. Verdiskaping frå tilleggsnæringar, rekna som bruttoprodukt, er berekna til 162 mill. kr for Møre og Romsdal i 2020. Det er leigekøyring og tenesteyting som bidreg med høgast verdiskaping med i overkant av 40 mill. kr kvar. Av kommunane er det Surnadal som har størst verdiskaping frå tilleggsnæring med 15,6 mill. kroner. Sysselsettinga frå dei landbruksbaserte tilleggsnæringane er berekna til 165 årsverk à 1845 timar for 2020. Samla sett har sysselsettinga i næringsmiddelindustrien i Møre og Romsdal auka med 2,3 prosent frå 3 464 i 2015 til 3 545 i 2020. Berekning av verdiskaping innanfor jordbruksbasert verksemd tar utgangspunkt i tal sysselsette ein kan seia er avhengig av lokalt jordbruk. Totalt er dette vurdert til å vere 850 sysselsette i Møre og Romsdal i 2020. For skogbruksbasert industri er det 539 sysselsette i fylket i 2020. Av desse er 35 vurdert å vere avhengig av lokalt skogbruk. Verdiskapinga i landbruksbasert industri som ein kan hevda er avhengig av landbruk i Møre og Romsdal er berekna til å utgjera 1 173 millionar kr., der næringsmiddelindustrien står for 1 151 millionar kr....
Sammendrag
Norsk institutt for bioøkonomi har i 2021 kartlagt vegetasjonen på Engeløya i Steigen kommune, til sammen 70 km². Kartlegginga er gjort etter instruks for kartlegging i målestokk 1:20 000–50 000 (VK25). Det er produsert vegetasjonskart og to avleda temakart med beitekvalitet for sau og storfe. Rapporten beskriver metoden for kartlegging, registrerte vegetasjonstyper og vegetasjonsfordeling i området. Vegetasjonens beiteverdi og områdets beitekapasitet er også beskrevet. Det er også gitt råd til skjøtsel av kulturlandskap.
Forfattere
Daniel Patel Mattia Natali Endre Mølster Lidal Julius Parulek Emilio Vital Brazil Ivan ViolaSammendrag
The process of creating terrain and landscape models is important in a variety of computer graphics and visualization applications, from films and computer games, via flight simulators and landscape planning, to scientific visualization and subsurface modelling. Interestingly, the modelling techniques used in this large range of application areas have started to merge in the last years. This chapter is a report where we present two taxonomies of different modelling methods. Firstly we present a data oriented taxonomy, where we divide modelling into three different scenarios: the data-free, the sparse-data and the dense-data scenario. Then we present a workflow oriented taxonomy, where we divide modelling into the separate stages necessary for creating a geological model. We start the report by showing that the new trends in geological modelling are approaching the modelling methods that have been developed in computer graphics. We then introduce the process of geological modelling followed by our two taxonomies with descriptions and comparisons of selected methods. Finally, we discuss the challenges and trends in geological modelling.
Sammendrag
Denne rapporten gjev ein omtale av vegetasjon og beitekvalitet, og tilhøve elles som har betydning for beitebruken i to beiteområde i ytre delar av Vestland fylke. Dette er gjort med grunnlag i synfaring og tilgjengelege naturgrunnlagsdata for områda. Beiteområda er gode typeområde for det ein finn i fjellstrok i nedbørrike fjell i ytre delar av Vestlandet. Rapporten beskriv metode for arbeidet, viktige vegetasjonstypar og beiteplanter, og gjev ei skildring av vegetasjon og beite. Det er også gjeve ei vurdering av beitekapasitet.
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag