Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2013

2012

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 850 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Dette notatet inneheld lokale data frå Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. I samband med at granskinga er 100 år, er det også sett av plass til eit historisk tilbakeblikk Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre fylka. I alt omfattar granskinga 78 bruk frå Rogaland og 51 bruk frå Agder-fylka. Bruka vert delt inn i to regionar, «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder».

Sammendrag

Driftsgranskingane er ei årleg rekneskapsgransking som omfattar om lag 850 bruk over heile landet. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. Dette notatet inneheld lokale data frå Vestlandet. I samband med at granskinga er 100 år, er det også satt av plass til eit historisk tilbakeblikk. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. For rekneskapsåret 2010 var det med 163 bruk frå Vestlandet i granskinga.

Sammendrag

Det var 7 676 landbrukseigedomar med busetting i Rogaland i 2010. I alt var 32 455 personar busette på ein landbrukseigedom. Frå 2001 til 2010 gjekk talet på jordbruksbedrifter ned frå 5 977 til 4 753. Av desse søkte 4 657 om produksjonstilskot i 2010. Rogaland har 10 prosent av jordbruksarealet i Noreg, medan ein finn 18 av kyrne, 28 prosent av slaktegrisane og 19 prosent av slaktekyllingane i fylket. Fylket har også ein stor del av veksthusproduksjonen, av norskproduserte tomater og agurkar er høvesvis 85 prosent og 32 prosent produsert i Rogaland. For jordbruket er data om storleik på produksjonen henta frå produksjonstilskotdatabasen til SLF. Det er tal dyr og areal som det er søkt produksjonsstilskot for i 2010 i kvar kommune som er utgangspunkt for berekningane. Økonomiske data er i hovudsak henta frå driftsgranskingane i jord- og skogbruk for rekneskapsåret 2010. Medan jordbruket i Rogaland i stor grad er prega av jordbruksføretak med fleire driftsgreiner på same føretaket, er produksjonen i modellen forenkla til i hovudsak å nytte tal frå einsidig produksjon. Ved å nytte gjennomsnittstal frå faktiske bruk som grunnlag for berekningane i ein modell, vil det alltid vere enkelte variablar ein ikkje klarer å treffe innanfor ein akseptabel feilmargin. Det har derfor vore nødvendig å gjere enkelte korrigeringar av dei økonomiske data som er lagt inn i modellen. Økonomien i jordbruket varierer frå år til år. 2010 var eit noko dårlegare år for jordbruket i Rogaland enn dei tre føregåande åra. Dette må ein ta omsyn til når ein vurderer resultata frå berekningane i modellen. Den totale verdiskapinga frå jordbruket i Rogaland i 2010 er berekna til 1,8 mrd. kr. Av dette kjem 57 prosent frå dei sju Jærkommunane Sandnes, Stavanger, Hå, Klepp, Time, Sola og Randaberg. Hå, Klepp og Time er kommunane med høgast verdiskaping i jordbruket, med høvesvis 319,2 mill. kr, 266,3 mill. kr og 154,8 mill. kr. Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6 503 årsverk à 1 875 timar i 2010. Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i 2010 i Rogaland, kjem 52 prosent frå mjølkeproduksjon, 13 prosent frå sauehald og 12 prosent frå svinehald. Kor viktig jordbruket er i kommunane i Rogaland, kan ein til dømes vurdere ut frå verdiskaping etter innbyggjartal eller kor stor del av samla skatteinngang til kommunen som kjem frå jordbruksføretak med personleg eigar. Ti av kommunane i Rogaland har verdiskaping frå jordbruket på meir enn kr 10 000 per innbyggjar. Høgast verdiskaping per innbyggjar finn ein i Finnøy kommune med kr 34 200 per innbyggjar. Lågast verdiskaping per innbyggar finn ein i bykommunane Haugesund og Stavanger. Også skatteinngangen frå jordbruket i prosent av total skatteinngang til kommunen, er høgast i Finnøy, med 27,1 %. Frå jordbruksføretak med personleg eigar, var samla innbetaling av skatt (inntekts- og formueskatt) til kommunane frå eigar og ektefelle 276,3 mill. kr i 2010. Det utgjer om lag 2,4 prosent av totalt innbetalt ordinær skatt til kommunane. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk og tilleggsnæring er berekna til 2,17 mrd. kr for Rogaland. Samla sysselsetting er berekna til 6 872 årsverk à 1 875 timar.