Anastasia Olsen

Førstekonsulent

(+47) 902 41 405
anastasia.olsen@nibio.no

Sted
Bergen

Besøksadresse
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

Sammendrag

Mjølkeproduksjon er viktig for verdiskaping og sysselsetting i Vestland fylke. Over halvparten av verdiskapinga i landbruket i fylket kjem frå mjølkeproduksjon (Knutsen m.fl., 2018). Dessutan skaper næringa ringverknader i samfunnet, og er viktig for busetnad og samfunnsaktivitet i mange område i fylket. Robotmjølking har endra mykje i kvardagen for dei som driv i næringa, det gjev større høve til å delta aktivt i samfunnet då ein ikkje er så avhengig av å vere i fjøset til faste tider. Roboten er ein sterk drivar i utviklinga, og det er få nybygg i dag utan robot. Nye krav til dyrevelferd og innføring av ny teknologi i produksjonen er ei større utfordring i Vestland enn mange andre område. Små driftseiningar og vanskeleg arrondering med mange små og spreidde teigar og jord som ikkje toler beitetrykk, er utfordringar for vestlandsbonden i tillegg til at økonomien ikkje er tilfredsstillande for mange. Ei spørjeundersøking blant bøndene der nesten halvparten svarde, viser at 19 prosent avsluttar drifta alt i 2024 då dei nye krava til beite og kalvingsbinge trer i kraft. Dei som har problem med å tilpasse seg beitekravet på 12-16 veker, svarer i større grad at dei mest sannsynleg avsluttar produksjonen allereie i 2024. Ytterlegare 24 prosent går ut etter at kravet om lausdrift vert innført frå 2034. På bakgrunn av svara i undersøkinga og opplysningar om mjølkekvote er det framskrive ein volumprognose på 120 til 145 millionar liter kvote i 2034. Dette er ein nedgang på høvesvis 32 prosent og 19 prosent i høve til dagens volum. Berre knapt ein firedel av mjølkeprodusentane svarte at dei hadde nokon som ville overta mjølkeproduksjonen, medan 14 prosent ikkje hadde nokon. Nesten halvparten svarte kanskje, noko som tyder på stor usikkerheit om framtida også med tanke på rekruttering. Omlag 700 båsfjøs må fasast ut fram til 2034. For å halde oppe fylket sin del av den nasjonale produksjonen i framtida, er det nødvendig å investere mellom 2,5 og 2,8 mrd. kr. Dette er berekna på bakgrunn av same mjølkevolum som i dag. I spørjeundersøkinga blant produsentane, var betre økonomi i produksjonen det viktigaste tiltaket for å auke interessa for framtidig mjølkeproduksjon. Analyse av lønsemda i mjølkeproduksjonen under dagens rammevilkår, viser at det i dag ikkje er lønsamt å byggje ut for buskapar under 35 kyr. Eit tiltak som det er rekna på i analyse av lønsemd, er å auke prosentdelen og maksimalbeløpet for investeringstilskot ved utbygging. Areal er eit viktig ressursgrunnlag for mjølkeproduksjon. Undersøkinga viser at om lag to tredelar av grovfôrarealet vil bli nytta som i dag. Om lag 11 prosent av grovfôrarealet til mjølkeprodusentane vil bli liggjande heilt eller delvis brakk etter avslutta mjølkeproduksjon, men det er geografisk variasjon. Kvoteordninga er eit viktig verkemiddel som legg premissar for korleis mjølkeproduksjonen i Vestland fylke og i resten av landet skal sjå ut i framtida. Mange svarte i undersøkinga at tilgang på rimeleg kvote var viktig for utbygging. Skal ein oppnå målet om at Vestland fylke skal halde oppe sin del av den nasjonale mjølkeproduksjonen etter 2034, er det behov for auka utbygging av nye fjøs. Gode rammevilkår for produsentane er viktig for halde oppe verdiskaping og sysselsetting.

Sammendrag

Ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste 10 åra i fylka Vestland og Møre og Romsdal vert presentert. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2020 var det med totalt 924 bruk, der 187 var frå Vestlandet; 126 frå Vestland fylke og 61 frå Møre og Romsdal. Det er ein liten auke i jordbruksinntekta for bruka på Vestlandet, det er også ein auke på landsbasis frå 2019 til 2020. Jordbruksinntekta er målt som vederlag til arbeid og eigenkapital. Det er stor variasjon mellom ulike produksjonar. Driftsformene mjølk, storfeslakt og gris hadde ein auke i jordbruksinntekta samanlikna med 2019, medan sauebruka og dei som driv med frukt og bær hadde nedgang. Det er framleis best økonomi i frukt- og bærproduksjonen i 2020, trass nedgang frå året før.

Til dokument

Sammendrag

Interessen for melk og kjøtt produsert på grovfôr, uten bruk av kraftfôr, er økende både nasjonalt og internasjonalt. Denne rapporten tar for seg mulighetene for grasbasert melk- og kjøttproduksjon i Nord-Norge, og fokuserer hovedsakelig på de økonomiske konsekvensene for bønder i Nord-Norge som legger om fra tradisjonell til grasbasert drift. Rapporten omfatter de viktigste produksjonene i det nordnorske landbruket, altså produksjon av melk og kjøtt på storfe og småfe (geit og sau). De økonomiske beregningene er i hovedsak basert på data fra driftsgranskingene i jordbruket, samt tidligere forskning og analyser gjennomført av NIBIO. Nord-Norge er en landsdel med svært gode utmarksbeiteressurser som kan utnyttes i større grad enn det gjøres i dag. Samtidig preges landsdelen av forholdsvis korte somre og tilsvarende lang innefôringsperiode, og store variasjoner i beitekvalitet. Økt tilgang til vinterfôr vil derfor være en knapphetsfaktor ved omlegging til grasbasert produksjon.