Hopp til hovedinnholdet

Granborkbilla finst også på Vestlandet

Granplanting på Vestlandet - Foto Arnold Hoddevik - Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Grana har ikkje rokke å spreie seg naturleg til Vestlandet etter siste istid. Men i etterkrigstida blei det planta mykje gran på Vestlandet.  NIBIO-forskar Paal Krokene antar at granborkbilla har «invadert» Vestlandet austanfrå og etablert seg etter kvart som dei nye granplantingane i vest vart gamle nok. Foto: Arnold Hoddevik - Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Ferske tal viser at granborkbilla er talrik i mange nye granområde i Vest-Noreg. Blant anna blei stor granborkbille for første gong registrert i Møre og Romsdal.

Granborkbilla er kjent frå grandistrikta på Austlandet, Sørlandet, i Trøndelag og i Nordland, men det har vore  antatt at arten berre opptrer sporadisk, eller ikkje i det heile, i dei nye granskogområda i Vest-Noreg.

For å lære meir om granborkbillas utbreiing i Vest-Noreg plasserte forskarane i 2023 og 2024 for første gong ut feller med feromon på lokalitetar som strakk seg frå granborkbillas etablerte utbreiingsområde og innover i Rogaland, Vestland, og Møre og Romsdal.

− Resultata frå 2024 stadfesta at granborkbilla finst, i til dels betydelege mengder, i nye granområde i Vest-Noreg, seier seniorforskar og borkbilleekspert Paal Krokene ved NIBIO på Ås.

Krokene fortel at det blei fanga granborkbiller på 15 av 22 fangstlokalitetar i Vest-Noreg i 2024. Men det blei ikkje fanga biller på lokalitetane lengst mot vest, nærare bestemt i Sykkylven i Møre og Romsdal, og dessutan i Gaular og Kvam i Vestland fylke.

− Størst fangst var det i Leikanger ved Sognefjorden med over 3000 biller, seier NIBIO-forskaren.

Elles i Vestland blei det fanga nesten 900 biller i Vik, 377 biller i Sogndal og 224 biller i Balestrand. Også ved Nesset og Gjemnes i Møre og Romsdal blei det fanga 100 biller eller meir.

Møre og Romsdal var først med i borkbilleovervakinga i 2023, og det da vart fanga biller på indre Nordmøre. I 2024 vart fellene sett opp i ein aust-sørvestleg gradient frå Tingvoll til Sykkylven, i til saman seks kommunar. Fellene blei sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blei nytta som åte. Fellene blei tømt fire gonger gjennom sommaren. Foto: Christina Qvam Heggertveit, Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal var først med i borkbilleovervakinga i 2023, og det da vart fanga biller på indre Nordmøre. I 2024 vart fellene sett opp i ein aust-sørvestleg gradient frå Tingvoll til Sykkylven, i til saman seks kommunar. Fellene blei sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blei nytta som åte. Fellene blei tømt fire gonger gjennom sommaren. Foto: Christina Qvam Heggertveit, Statsforvalteren i Møre og Romsdal

 

Granborkbilla kan ta livet av friske grantre

Granborkbilla – dette vesle borande insektet – er frykta av Europas skogeigarar. Ein kombinasjon av gran planta på feil stad og klimaendringar, med tørre og varme somrar, gjer at Ips typographus, typografen på norsk, er på frammarsj i mange land.

Eit godt utvikla kjemisk signalsystem og samarbeid med blåvedsoppar gjer granborkbilla til eit av ytst få insekt i Noreg som kan ta livet av friske grantre. Den føretrekkjer eldre, hogstmodne tre, og er spesielt glad i volumtette produksjonsskogar med tre som er omtrent like gamle.

Granborkbillene utviklar seg frå egg til vaksne insekt i løpet av sommaren og overvintrar som vaksne i skogbotnen. Om våren blir dei aktive når temperaturen kjem opp i 18-20 °C – i Sør-Noreg vanlegvis i siste halvdel av mai. Då flyr billene rundt og leiter etter eigna tre der dei kan leggje egg.

Faren for borkbilleangrep og grandød avheng av kor mange granborkbiller det er i skogen og kor gode trea er til å forsvare seg mot billeangrepa. Når billene blir for mange og forsvaret til grantrea for svakt, kan resultatet bli store, øydeleggjande borkbilleutbrot.

− Året etter den tørre og varme 2018-sommaren drap til dømes billene 120 millionar kubikkmeter gran i Sentral-Europa, forklarer Krokene.

− Dette er 50 gongar meir enn årleg volum billedrept skog på 1970-talet! Også nabolandet vårt Sverige er hardt ramma. Dei har mista 32 millionar kubikkmeter gran til billene sidan 2018.

Til samanlikning blei det i fjor hogge rundt 12 millionar kubikkmeter tømmer i norske skogar.

− Dei store skadane i Sverige og Sentral-Europa peiker mot at også Noreg kan få større problem med granborkbilla dei neste tiåra, seier Krokene.

Granborkbilla er eit av ytst få insekt i Noreg som kan ta livet av friske grantre. Den føretrekkjer eldre, hogstmodne tre, og er spesielt glad i einsaldra, volumtette produksjonsskogar.  Foto: Lars Sandved Dalen, NIBIO
Granborkbilla er eit av ytst få insekt i Noreg som kan ta livet av friske grantre. Den føretrekkjer eldre, hogstmodne tre, og er spesielt glad i einsaldra, volumtette produksjonsskogar. Foto: Lars Sandved Dalen, NIBIO

 

Granborkbilla har følgt grana vestover

NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granborkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Og under overvakinga vart det sett ut barkbillefeller.

− Med aukande alder på granskogen på Vestlandet, har det vore grunn til å tru at billa dukkar opp, fortel Odd Løset, fylkesskogmeister i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal var først med i borkbilleovervakinga i 2023, og det da vart fanga biller på indre Nordmøre. I 2024 vart fellene sett opp i ein aust-sørvestleg gradient frå Tingvoll til Sykkylven, i til saman seks kommunar. Fellene blei sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blei nytta som åte. Fellene blei tømt fire gonger gjennom sommaren.

− Det blei fangst i Gjemnes, Molde og Vestnes kommunar, seier Løset.

Størst fangst var det i Molde med 176 biller, medan det berre var ei i Vestnes.

− Dette er låge tal samanlikna med austlandet, der fleire feller hadde rundt 20 000 biller på ei tømming.

I Tingvoll, Rauma og Sykkylven blei det ikkje registrert stor granborkbille.

− Vi har ikkje registrert skadar av granborkbille på vår gran, men funn av billa viser at den kan vere ein potensiell skadegjerar, seier Løset.

− Granskogen i Møre og Romsdal er ung og frisk, noko som gjer den sterk imot eventuelle skadar. Likevel kan endra klima, som tørke og storm, føre til svekka motstandskraft.

Billefangst i Rauma. Foto: Odd Løset - Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Billefangst i Rauma. Foto: Odd Løset - Statsforvalteren i Møre og Romsdal

 

Viktig med meir kunnskap om granborkbillas utbreiing

Pilotstudien i Vest-Noreg har gitt forskarane nyttig kunnskap om granborkbillas utbreiing.

− Det har vore ei etablert sanning at granborkbilla ikkje har etablert seg i vest, men dette ser altså ikkje ut til å stemme, seier NIBIO-forskar Paal Krokene.

Grana har ikkje rokke å spreie seg naturleg til Vestlandet etter siste istid. Men i etterkrigstida blei det planta mykje gran på Vestlandet.  Paal Krokene antar at granborkbilla har «invadert» Vestlandet austanfrå og etablert seg etter kvart som dei nye granplantingane i vest vart gamle nok.

Fangstane dei siste somrane viser at granborkbilla no finst hyppig i mange granplantingar langt vest for artens tidlegare kjende utbreiingsområde.

− Fråværet av barkbilleskade i desse områda kjem derfor truleg av klimatiske og skoglige forhold, og ikkje at billene ikkje finnast, avsluttar Krokene.

12-15.jpg

 

Borkbilleovervakinga
Granborkbilla

Granborkbillas vitskapelege namn er Ips typographus. Typograf-namnet har han fått for spora han avset mellom borken og veden på angripne grantre. Øystein Sundes song «Barkebille Boogie» kom etter at mykje granskog fekk problem på grunn av fleire varme og tørre somrar midt på 1970-talet med følgjande barkbilleangrep.

Høyr "Barkebille Boogie" her.

Granborkbilleovervakinga

Det norske overvakingsprogrammet for granborkbille har eksistert i 46 år og er det mest omfattande og langvarige programmet av slaget sitt i Europa. Overvakinga fangar opp når billene aukar i tal, slik at skogeigarar kan varslast om at risikoen for skogskadar aukar og til dømes avvirke særleg utsett skog.

Billefangst på Vestlandet i 2023 og 2024.
Billefangst på Vestlandet i 2023 og 2024.
NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granborkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Og under overvakinga vart det sett ut barkbillefeller. − Med aukande alder på granskogen på Vestlandet, har vore grunn til å tru at billa dukkar opp, fortel Odd Løset, fylkesskogmeister i Møre og Romsdal. Foto: Christina Qvam Heggertveit - Statsforvalteren i Møre og Romsdal
NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granborkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Og under overvakinga vart det sett ut barkbillefeller. − Med aukande alder på granskogen på Vestlandet, har det vore grunn til å tru at billa dukkar opp, fortel Odd Løset, fylkesskogmeister i Møre og Romsdal. Foto: Christina Qvam Heggertveit - Statsforvalteren i Møre og Romsdal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

I 2024 går fangstene av granbarkbille ned i alle fylker unntatt Telemark, Sør-Trøndelag og Nordland. Årets fangster er høyest i Telemark og Buskerud. I Telemark er fangstene de høyeste siden det store granbarkbilleutbruddet som startet midt på 1970-tallet. I Buskerud synker fangstene fra i fjor, men ligger fremdeles på et forholdsvis høyt nivå historisk sett. I Oppland går fangstene betydelig ned fra det historiske toppåret 2023, men holder seg på et middels høyt nivå. For Sør-Norge sett under ett ligger årets fangster litt over gjennomsnittet for de siste 46 årene. De forholdsvis høye fangstene i Buskerud og Oppland er trolig en forsinket respons på stormfellingene i november 2021, siden kommuner som ble hardt rammet av 2021-stormen har spesielt høye fangster. I tillegg til høye fangster rapporteres det i 2024 om angrep på stående skog i områder som hadde mye vindfelt skog etter 2021-stormen. Mange av disse skaderapportene dreier seg trolig om trær som ble angrepet av biller i 2023 eller året før, men som først viser tydelige symptomer i år. Årets barkbillesesong var preget av at mai var svært tørr og varm mange steder, mens resten av sommeren var til dels svært våt med normale eller litt lave temperaturer. Det varme været i mai sammenfaller med den viktigste fluktperioden til granbarkbillen og var dermed gunstig for billenes flukt og egglegging. Det varme og tørre været i mai kan også ha stresset granskogen og gjort trærne mindre motstandsdyktige mot barkbilleangrep. Det fuktige været resten av sommeren har trolig vært positivt for trærne og noe negativt for billene. Samlet sett var trolig værforholdene i 2024-sesongen forholdsvis gunstige for billene. Beregninger fra en temperaturbasert utviklingsmodell indikerer at granbarkbillen per 17. september kan ha rukket å gjennomføre to generasjoner i området rundt Oslofjorden, langs sørlandskysten og i lavereliggende dalstrøk lengre inn i landet. Disse modellresultatene betyr ikke nødvendigvis at billene gjennomførte to generasjoner i 2024, men at disse områdene har vært tilstrekkelig varme til at det har vært mulig.

Abstract

I 2023 går fangstene av stor granbarkbille opp i alle fylker med unntak av Vestfold og Nordland. Årets fangster er spesielt høye i Akershus og Oslo, Buskerud og Oppland. I Buskerud, Hedmark og Telemark er fangstene de høyeste på 10-20 år, og i Oppland er fangstene de høyeste noensinne. For Sør-Norge sett under ett må man tilbake til 1994 for å finne høyere fangster. I noen fylker kan årets økning være en forsinket respons på stormfellingene i november 2021, siden stormrammede områder i Oppland og Buskerud har spesielt høye verdier. Det rapporteres om en del angrep på stående skog i områder som ble rammet av vesentlige vindfellinger under stormen i 2021. Årets barkbillesesong var preget av en svært tørr og varm juni, mens juli og august var svært til ekstremt våt og til dels kjølig. Det varme været i juni var gunstig for flukt, egglegging og larveutvikling hos granbarkbillen. Tørken kan også ha stresset granskogen og gjort den mindre motstandsdyktig mot barkbilleangrep. Det våte og kjølige været resten av sommeren har trolig vært positivt for trærne og noe negativt for billene. Men for 2023-sesongen sett under ett har trolig ikke en våt og kjølig avslutning fullt ut veid opp for tørken i juni. En eventuell økning i billebestandene som følge av juni-tørken i år forventes først å komme om noen år. Beregninger fra en temperaturbasert utviklingsmodell indikerer at granbarkbillene per 1. oktober kan ha rukket å gjennomføre to generasjoner i området rundt Oslofjorden og langs sørlandskysten.