Veksemiljøet til plantene er samansett av ei rekkje naturgitte og menneskeskapte tilhøve. Dei viktigaste av desse såkalla økologiske faktorane er næring og vatn i jorda. Planter som har nokonlunde same krav til veksevilkår vil finnast på same stad. Dei dannar det vi kallar eit plantesamfunn eller ein vegetasjonstype.
Les meir om ulike vegetasjonstypar i temaartiklane under. Vegetasjonstypane som er beskrive her følgjer NIBIOs system for vegetasjonskartlegging. Informasjonen under kvar vegetasjonstype er ordna i 4 avsnitt:
- Økologi: Plassering i terrenget, tilgang på vatn og næring, snødekke m.m.
- Fysiognomi: Beskrivelse av utforminga til vegetasjonsdekket med vekt på dominerande artar og vegetasjonsdekket sin struktur i rom og høgde.
- Viktige artar: Liste over artar som dominerer eller er typiske for vegetasjonstypen.
- Utbreiing: Grov beskrivelse av utbreiing, ofte med henvisning til vegetasjonssoner.