Lokalt nivå:
NIBIO driv beitekartlegging på lokalt nivå i område som er viktige for landbruk, reindrift eller anna utmarksnæring. Kartlegginga blir drive etter standardisert metode som gjev data til fleirbruksformål. Kartleggingsområde blir prioritert etter tilgang til medfinansiering frå brukarar. Kvart år blir det kartlagt om lag 500 km2. Alle kart blir lagt ut på NIBIO si kartteneste, Kilden.
Regionalt nivå:
NIBIO skaffar nasjonale og regionale ressursdata kring vegetasjon og beite i utmark ved utvalskartlegging. Prosjektet "Arealrekneskap for utmark" tek utgangspunkt i eit nettverk av storruter på 18 x 18 kilometer som er lagt over landet. I sentrum av kvar storrute er det plassert ei feltflate på 1500 x 600 meter (0,9 km2). Denne flata er vegetasjonskartlagt etter instruks for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå (VK25).