Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2001

Sammendrag

Eit dyrkingsproblem er at søtkirsebær-trea utan synlege sjukdomsteikn brått kan stagnera i vekst og døy endå om feltet har fått optimalt stell. For tida er det ingen konkrete rådgjerder for dyrkarane bortsett frå å planta nye tre i staden for dei som gjekk ut. Med finansiering frå Statens Landbruksbank har Planteforsk Ullensvang i samarbeid med Planteforsk Plantevernet gjennomført det eitt-årige prosjektet "Kartlegging av årsaker til tredaude i søtkirsebær" i 1999. Kartleggingsarbeidet var delt i to: 1.Kartlegging av 5 bruk som har problem med tredaude blant medlemene til Hardanger Frukt og Bær med utttak og analyse av nematode-, sopp-, virus- og jord- og bladprøvar saman med feltinspeksjonar. 2. Spørjeundersøking til søtkirsebærdyrkarar ved 5 fruktlager i Ullensvang om tilhøve som kan tenkjast å påverka tredaude i søtkirsebær . Grupper av rotnematodar som gjer skade på frukttrea var registrert i alle hagane og kan såleis vera medverkande til symptoma. Det var også mogeleg å relatera høge populajonar av rotsårnematodar til dårleg tilvekst og høge spiralnematodetal til tidlegare observasjonar av tredaude. Det vart ikkje påvist at ulike insekt, soppar, bakteriar eller virus var primærårsak til denne tredauden. Spørjeundersøkinga viste at mange søtkirsebærdyrkarar meinte det var skilnad mellom kor utsette ulike sortar og grunnstammer var for tredauding i frukthagane. Gjenplanting på same arealet kort tid etter at det var rydda steinfruktplanting fremja tredauding. Lauvtrebarkbillen var årsak til tredaude, men då er diagnosen oftast enkel å stilla.

Sammendrag

Denne artikkelen omtalar det 4-årige prosjektet "Tredaude i søtkirsebær (Prunus avium L.) - årsaker og tiltak" finansiert av SND og NFR. I prosjektet skal det: - Studera vekst og utvikling i søtkirsebærtre med ulike kombinasjonar av sort, grunnstamme og skjeringsmetodar dyrka på ulik kulturjord . - Dokumentera verknaden av avlingsregulering (tynning) på vekst og utvikling. - Undersøkja vatn- og næringsstofftransporten gjennom ledningsbanane i podeom-rådet av ulike kombinasjonar av grunnstammer og sortar. - Studera utbreiing av phytoplasma (vegglause bakteriar) i søtkirsebærtre Feltarbeidet skal gjennomførast ved Planteforsk Ullensvang og hjå søtkirsebærdyrkarar i Hardanger og Sogn.

Sammendrag

Denne artikkelen gjer greie for eit forsøk med fire ulike kruneformer (hekk, Y-forma, akse-forma og fri spindel) og ulike planteavstandar til tre handelssortar (Edda, Opal og Mallard) ved Planteforsk Ullensvang. Dei fem første avlingsåra auka avlinga med plantetettleiken. Akkumulert avling var høgast for dei hekk- og Y-forma trea. Det var små skilnader mellom i fruktkvalitet mellom dei ulike sortane, kruneformene og plantetettleikane. Tidsregistreringane viste heller liten forskjell mellom dei ulike arbeidsoperasjonane og treformene.

Sammendrag

An intensive field planting of `Edda", "Opal" and "Mallard" plum trees (Prunus domestica L.) all grafted on the semidwarf rootstock St. Julien A was established in 1993 at Ullensvang Research Centre, western Norway at 60 ° North. The objectives were to evaluate four different single row planting systems (vertical axis, free spindle, hedgerow and Y-trellis) and three planting densities ( 0.5, 1.0, 1.5 x 4 m for the Y-trellis and hedge trees and 2.0 x 4 m for the central leader trees) in a northern climate. These planting distances give a range of tree density of 1250 - 5000 trees per ha. The experiment gave a small yield in the third leaf on all canopy systems. During the first four cropping years, the yields/ha were positively correlated with tree density. Cumulative yield per hectare was highest on the Y-trellis and hedge trees with the highest density (5000 trees per ha). In the fourth leaf, the Y-trellis trees gave 15 tons per hectare. No differences in fruit size or the soluble solids content among canopies or densities were found.

Sammendrag

The cherry cultivars "Van", "Ulster" and "Burlat" grafted on the rootstocks seedling, `Colt" and `Gisela 5" were evaluated for important fruit quality parameters at Ullensvang Research Centre during the 1998 season. The largest fruit size was found on the cultivar/rootstock combinations `Van"/seedling, `Ulster/Colt" and `Burlat/Gisela 5". Other parameters like fruit firmness, stone weight, soluble solids, titratable acids and pH of the fruit juice were registered as well.