Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2002

Sammendrag

Eit nytt opplegg for kalium (K) ved gjødslingsplanlegging i eng er presentert med bakgrunn i ein stor forsøksserie med kaliumgjødsling. Modellen er todelt med ein kortsiktig del basert på jordanalyse for K-AL og framskriving av denne, og ein langsiktig del basert på syreløyseleg kalium (K-HNO3). Målet med arbeidet er å få betre tilpassa K-gjødsling i eng med utgangspunkt i jordanalysar, slik at uheldige effektar av overdosering blir unngått samtidig med at ein ikkje gjødslar for svakt og får avlingsnedgang. Modellen er lagt inn i gjødslingsprogrammet PlantePlan.

Sammendrag

Hjortebeiting kan føre til store avlingstap på attlegg og ny eng i område med stort beitepress. Forsøk syner at ein kan miste storparten av avlinga i attleggsåret og rundt 50 % av avlinga første engår. I andre engår er avlingstapet rundt 20%. Det ser ut til at hjorten kan ta vel så stor del av avlinga ved 1. slåtten som ved 2. slåtten.

Sammendrag

Vanleg praksis ved etablering av eit intensivt fruktfelt er å planta trea på ei vegetasjonsfri stripe. Denne stripa vert halden vegetasjonsfri gjennom omløpet og hindrar konkurranse med andre planteslag om vatn og næring. Kjemisk reinhald har til no vore det rimelegaste og enklaste å gjennomføra. Denne artikkelen gjer greie for forsøk med kompost som jordforbetrings- og dekkemateriale i planteradene hjå epletre i to vekstsesongar. Ulike mengder med fersk kompost (5, 10 og 15 cm tjukt dekke saman med ubehandla) vart lagt ut i fruktrerekkja til eplesorten "Gravenstein" i 1999. Registreringane gjekk over to feltsesongar. Eit dekke med 10 cm fersk kompost i frukttrerekkja hemma oppspiring av frøugras i ein vekstsesong. Komposten frigav lite av dei lettløyseleg minerala kalium, fosfor, magnesium og kalsium til jorda første vekstsesongen. Men nitrogenet vart frigjort og teke opp i trea proporsjonalt med mengda av kompost tilført. Ny tilføring av kompost andre året førte til markert auke i jordreaksjonen og dei lettløyselege næringsemna i jorda, men ikkje til auka opptak i plantene. Tilføring av ulike mengder med kompost hadde liten innverknad på avling eller fruktkvalitet.

Sammendrag

For å finna ut korleis avling og kvalitet vart påverka av tal planter per dekar i brokkoli vart det i alt prøvd ut åtte sortar. For tidleg hald vart det nytta 4000, 5000 og 6000 planter per dekar, og for seint hald 3500, 4000 og 4500 planter. I alt vart det gjennomført 25 forsøk.

Sammendrag

Auke frå minste plantetal  til høgste plantetal per dekar i brokkoli ga auka totalavling, men ikkje auka salgbar avling. Høgaste plantetal ga færre planter med hole stilkar og hovud med gjennimgrodde blad. Men hovudvektene vart lågare, forma på hovuda vart dårlegare og totalinntrykket vart dårlegare enn om ein nytta lågaste plantetal per dekar