Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2008
Forfattere
Eivind VangdalSammendrag
Det er mogleg å etablera produksjon av eplebrennevin på Rogdo. Ein kan dels nytta eksisterande garasjeanlegg hjå Elsa og Einar som produksjonslokale. Det krevst noko ominnreiing og eit tilbygg som oppfyller dei spesielle krava som vert stilt til lokale som skal nyttast til brennevinsproduksjon (m.a. pga eksplosjonsfare). Tilknytta produksjonslokalet kan det innreiast lagringsrom for tønnelagringa av brennevin. Lokala må tilpassast krav frå Rusmiddeldirektoratet og Mattilsynet, og er tenkt innreidde slik at det er tilrettelagt for at besøkjande kan få sjå produksjonen. Det er vanskeleg å få god økonomi i rein eplebrennevinproduksjon. Hovudproduktet er tenkt å vera tønnelagra eplebrennevin (tilsvarande Calvados). Med ei lagring av brennevinet på tønner i 3-5 år, tek det lang tid frå investering og oppstart til ein får inntekter. Gjennom produsksjon av ulagra brennevin, blandingsprodukt basert på eplebrennevin (ca 20% alkohol aperitif type) og sider av økologisk dyrka eple, kan kapitalkostnadane i produksjonen av tønnelagra brennevin reduserast og verta overkomlege. Det er økonomisk og driftsmessig interessant å ha både sider- og brennevinproduksjon. Ein må dessutan leggja til rette for å utnytta brenneriet og staden i turismesamanheng. Rogdo ligg høgt og fritt med utsyn over Hardangerfjorden og opp mot Folgefonna. Det ligg såleis godt til rette for å satsa på turisme knytta til produksjonen. Dette bør samordnast med satsinga på turisme i Landskapsparken i Vikebygd, og utnytta dei kontaktane ein har med ulike former for fjellturisme. For å skaffa eple til sider- og brennevinproduksjon, er det under etablering økologisk epledyrking på Aarekol (leige hjå Anita Aarekol). Dette sikrar råvaretilgangen som elles kan verta ein flaskehals.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
I økologisk landbruk brukes ikke kunstgjødsel. Isteden brukes organisk gjødsel, slik som husdyrgjødsel, grønngjødsel og kompost. Via jorda og jordorganismene brytes gjødselstoffene ned til forbindelser som plantene kan ta opp. Vekstskiftet og jordas eget lager av næring påvirker også plantenes tilgang på næring
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
Begrunnelsene for å drive økologisk landbruk og spise økologisk mat er sammensatt. Økologisk landbruk er en praktisk konsekvens av ønsket om et mer økologisk bærekraftig samfunn, og en slik målsetning vil nødvendigvis bestå av mange elementer. Denne lista oppsummerer en del av argumentene som brukes for å begrunne slik drift. Her er tatt med fakta, politiske målsetninger og konklusjoner fra enkeltprosjekter og kunnskapssynteser.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
Omlegging til økologisk drift omfatter jord og husdyr, men også ny kunnskap om og innstilling til drifta. Innmelding i Debio er nødvendig for å få godkjenning og tilskudd. Kontakt med rådgivere og øko-bønder er nyttig for å få gode råd om omlegginga
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
Det er gammelt nytt at nitrogengjødsling styrer blant annet avlingsmengde og proteininnhold. Men at den også har betydning for plantenes innhold av sekundærstoffer, soppgifter og resistens mot lagringssykdommer er mindre kjent.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
All matproduksjon bidrar til klimagassutslipp og kan ha andre negative miljøeffekter. Mange forbrukere ønsker å ta miljøansvar og ulike former for miljømerking av matvarer og matproduksjon diskuteres. «Økologisk kvittering» er et spennende alternativ til CO2-merking.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
- Våre lam har gått på utmarksbeite nesten hele livet - hvorfor kan ikke kjøttet selges som økologisk? Kravene for å få Ø-merking på produktene kan virke urimelige for noen. Grunnlaget for reglene om økologisk produksjon er internasjonale og disse reglene skal gi forbrukerne en garanti for produksjonsmåten og sikre produsentene en merpris.
Forfattere
Eivind VangdalSammendrag
I mange land vert det laga eplebrennevin. Sjølv om det er liten tradisjon for dette i Norge, er det mogleg å starta ein lovleg produksjon av eplebrennevin også her. På Bergan Gård har ein epla som trengst som råvare. I Norge er tønnelagra eplebrennevin (Calvados-type) mest kjent, men det er og naturleg å prøva å laga eit reint ulagra eplebrennevin. Dersom ein satsar på eplebrennevinsproduksjon basert på gjæra eplejus, får ein eplesider som mellomprodukt. Med dei lover og reglar som gjeld i Norge for produksjon og omsetning av alkoholhaldige drikkevarer, er det naturleg å ha sider som eit eige produkt. Ein kan og vurdera om ein kan nytta andre råvarer som ein dyrkar i dag på Bergan (søtkirsebær) eller starta dyrking av andre sortar eller kulturar som kan nyttast i brennevinsproduksjonen. Driftsbygningen på Bergan kan tilpassast produksjon av eplebrennevin. Ein har plass til alle ledda i produksjonen, men ein vurderer både å leiga pressing og destillasjon. Ein treng eit lokale for gjæringstankane og tønnelager. Det er mogleg å få ei god løysing der dette kan kombinerast med eit enkelt lokale for å ta imot gjester i den tidlegare gjødselkjellaren. Men ein bør ha enklare utstyr som viser dei ulike ledda i produksjonen av eplebrennevin, også det ein leiger hjå andre (fruktpresse og destillasjonsapparat). Det er i dag mogleg å få eit kommunalt serveringsløyve for eigenprodusert sider for gjester på garden. Dersom ein skal få løyve til å servera eigeprodusert brennevin, må ein etablera ein fullverdig restaurant med alle rettar for servering av alkohol. Detaljar i ei slik satsing er ikkje vurdert i denne rapporten. Alt sal av brennevin må gå gjennom Vinmonopolet. Dei kan ikkje lova at dei vil omsetja eplebrennevin frå Bergan Gård, men har for tida tradisjon for å plassera nye norske produkt i det såkalla "bestillingsutvalget". Sider kan ein i tillegg til eventuell omsetjing på Vinmonopolet, selja til hotell og restaurantar med skjenkjeløyve for vin. Sjølv med låge kostnader for oppstarting av sider og brennevinsproduksjon, er marknaden svært usikker og kalkyler viser at det er vanskeleg å få god økonomi i denne produksjonen. Men satsinga vert mindre risikofylt ved samstundes å byggja opp ei gardsturismeverksemd på Bergan. Det kan i seg sjølv truleg gje rimeleg god økonomi, og samstundes gje omsetjing av sider- og brennevinsprodukta frå garden.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
Den internasjonale definisjonen av økologisk landbruk ble vedtatt i sommer. Det skjedde i regi av IFOAM, den internasjonale sammenslutningen av organisasjoner som arbeider med økologisk landbruk. Nå er teksten oversatt til norsk.
Forfattere
Grete Lene SerikstadSammendrag
Reduksjon av energiforbruket i økologisk landbruk er mulig, blant annet ved å spare elektrisk strøm. Bruk av biogass, produsert av husdyrgjødsel og gras, kan være positivt for energibruk og oppbygging av organisk materiale i jord. Valg av kosthold påvirker mengde utslipp av klimagasser i matproduksjonen.