Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2011

Sammendrag

Eit treårig europeisk prosjekt "Minimising medicine use in organic dairy herds through animal health and welfare planning" (ANIPLAN) har sett på om aktiv og velplanlagt forbetring av husdyras helse og velferd og sjukdomsførebygging kan vere effektivt for å minimere bruken av medisinar i økologiske mjølkekubesetningar. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom elleve institusjonar i sju land og er finansiert av forskingsråda i dei respektive landa via CORE Organic, knyta til The European Research Area. Prosjektet hadde ulike tilnærmingsmåtar for å gjennomføre velferdsplanlegging på økologiske mjølkeproduksjonsbruk, med ulike kombinasjonar av rådgiving, "fjøsskular" og velferdsvurdering. Prosjektet har utvikla eit sett felles planleggingsprinsipp basert på evaluering av tidligare erfaringar og erfaringar i prosjektet. I denne artikkelen er det gått nærmare inn på dei ulike prinsippa for velferdsplanlegging og presentert foreløpige resultat.  

Sammendrag

Spjeltfjelldalen i Hemnes kommune ligger naturskjønt til like øst for majestetiske Okstindan. Bioforsk Nord, Tjøtta har utført en verdivurdering og sårbarhetsvurdering for Spjeltfjelldalen, som et av flere prosjektet og tiltak Hemnes Reiseliv vil utføre for å nå et mål om bærekraftig reiselivsutvikling mot 2020. Spjeltfjelldalen er verdifull både med tanke på det rike fuglelivet relatert til det store, uberørte våtmarkskomplekset i dalen, botanikk og geologi. Store deler av dalen er vernet som naturreservat (Spjeltfjelldalen naturreservat). Da det er en potensiell konflikt mellom verneverdier og verdier generelt i dalen og økt ferdsel gjennom økt markedsføring, er det nødvendig å vurdere konsekvensene av dette gjennom en sårbarhetsvurdering. Man står overfor et paradoks når man snakker om ferdsel langs stien gjennom Spjeltfjelldalen. Den delen av stien som går gjennom skog og fjellvegetasjon er stort sett robust og trenger stedvis mer ferdsel for at stien skal opprettholdes som et synlig spor i landskapet. På de våteste partiene er stien imidlertid enkelte steder så sårbar at økt ferdsel frarådes hvis ikke det blir iverksatt forebyggende tiltak som klopping og/eller omlegging av stitrasé.

Sammendrag

I 2008 berekna NILF verdiskaping frå jordbruk og tilleggsnæringar i Agder-fylka på bakgrunn av data frå 2006. Hovudmålet for dette prosjektet, som er gjennomført i 2011, har vore å oppdatere desse berekningane. Dei oppdaterte berekningane er basert på data frå 2009, som er det siste året ein har økonomiske data frå. Det er i alt registrert 13 000 landbrukseigedomar i Agder. Talet på landbrukseigedomar endrar seg lite frå år til år, medan talet aktive bønder går ned. I 2006 var det 1 910 som søkte om produksjonstilskot i dei to fylka. Tre år seinare, i 2009, var talet søkjarar redusert med 19 i Aust-Agder og 22 i Vest-Agder. Totalt var det 1 869 som søkte tilskot i dei to fylka i 2009, 701 i Aust-Agder og 1 168 i Vest-Agder. Frå 2006 til 2009 er jordbruksarealet gått ned med 0,4 prosent i Aust-Agder og 0,8 prosent i Vest-Agder. Totalt jordbruksareal i drift var 303 641 dekar i Agderfylka i 2009. Gjennomsnittleg jordbruksareal per eining har auka frå 155,8 dekar til 159,4 dekar i Aust-Agder og frå 162,5 dekar til 164,3 dekar i Vest-Agder.

Sammendrag

  Marine Bioproducts AS, i samarbeid med Bioforsk, fekk støtte frå Regionalt Forskingsfond Vest til forprosjektet "Marine bioaktive peptidar for økologisk jordbruk". Ein viktig del av forprosjektet var å prøva om marine bioaktive peptid frå laksemuskel kunne ha verknad på plantevekst og kvalitetsfaktorar i bær.