Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1999

Sammendrag

Artikkelen gir ein oversikt over forsøk med soppar som gir ròtning i søtkirsebær. Overvintring og konidiedanning gjennom sesongen av Monilinia laxa og Glomerella cingulata som er årsak til respektive grå monilia og bitterròte, er omtala. Vidare er utprøving av nye soppmiddel, effekt av plastdekking mot ròtning og effekt på ròtning av mikrosprekker i fruktene omtala

Sammendrag

Artikkelen gir ein oversikt over biologien til mjøldoggsoppane, omtalar nye vertplanter for mjøldogg i Noreg og faren for å få inn mjøldogg som kan angripa planter som tidlegare var fri for sjukdomen. Tiltak mot mjøldogg er diskutert.

Sammendrag

Monilinia laxa er årsak til grå monilia hos søtkirsebær (Prunus avium L.). Artikkelen er eit samandrag av undersøking av konidiedanning hos M. laxa frå overvintrande, mumifiserte frukter og fruktgreiner og frå nyleg infiserte blomar. Mumifiserte frukter som vart infiserte året i førevegen, er den viktigaste smittekjelda. Det vert danna konidiar frå slike frukter gjennom heile vekstsesongen.

Sammendrag

Effekten av plastdekking til ulike tidspunkt før hausting gav ein klar reduksjon i talet på frukter angrepne av grå monilia (Monilinia laxa), gråskimmel (Botrytis cinerea) og andre soppsjukdomar.