Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2003
Sammendrag
Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt og juletreproduksjonen" har det vist seg at ein del sjukdomsproblem ute i produksjonsfelt kan sporast attende til innkjøpte småplanter. Fleire aktuelle skadegjerarar er også funne på planteprøvar tatt ut i ulike hagebruks- og skogplanteskular og syner at sjukdomar og skadedyr er problematiske under oppal. Denne artikkelen gir ein oversikt over faktorar som fører til sjukdom hjå planter og går nærare inn på problematikken rotbrann.
Sammendrag
Økologsik fruktdyrking er ein av dei mest krevjande produksjonan ein kan gje seg i kast med. Det skuldast mellom anna at det er store krav til at produktet (frukta) skal vere fritt for skadar. Samstundes er det mange skadegjerarar som gjev skade på sjølve frukta, og det er ein kultur som er fleirårig. Vi har såleis fleire uløyste problem som vi må finne ei løysing på. Vår konklusjon er likevel at økologisk frukdyrking har ei framtid, under føresetnad av at marknaden ser ein meirverdi i at frukta er økologisk. Ein meirverdi til produsenten for økologisk vare vil vere naudsynt for å gje god nok økonomi i produksjonen.
Forfattere
Oleif Elen Leif Sundheim Weizhong Liu Helge Skinnes Magne Gullord Wenche LangsethSammendrag
The Fusarium mycotoxins deoxynivalenol (DON) and 3-acetyl-deoxynivalenol (3-acDON) were determined in grain samples from naturally infected and Fusarium culmorum inoculated plants in field experiments in Norway during 1992-1996. The mean DON content in trials with inoculated plants was 11.8 mg/g in spring oats, 11.3mg/g in winter wheat, 28.9 mg/g in spring wheat and 31.4 mg/g in spring barley. In the natural infection trials the mean DON content was 0.32 mg/g in spring oats, 0.22mg/g in winter wheat, 1.48mg/g in spring wheat and 0.54 mg/g in spring barley. Only small differences in DON content were observed among cultivars, and significant differences were found only in winter wheat in the inoculation trials, and in spring wheat in the natural infection trials. A significant correlation was observed between the 3-acDON and DON contents in the inoculated trials in all grain species, the mean ratio of 3-acDON to DON ranging from 0.011 in wheat to 0.071 in oats.
Sammendrag
Italia står for 25 % av den totale økologiske matvareproduksjonen i Europa, og omlag 7 % av all matvare produksjon i Italia er i dag økologisk. Både i Trentino og i Sør-Tyrol er 3-4 % av epledyrkinga økologisk. Den største auken i økologisk epleproduksjon har skjedd dei siste 10 åra, og dette skuldast hovudsakleg at marknaden er vorten meir interessert i økologiske produkt. Ein økologisk fruktdyrkar kan i snitt ta ut ein meirpris som ligg 40-45 % høgare pr kg enn ein integrert dyrkar. Det er høve til å gje overgangsstønad til dyrkarar som la om frå konvensjonell til økologisk drift, men ikkje alle provinsar nytta seg av dette. Forsking innan økologisk fruktdyrking er knytt til to forskingsinstitutt i området; Institut Agrario de San Michele all"Adige og Land- und Forstwirtchaftliches Versuchszentrum. Dei viktigaste problemstillingane som det vert arbeidd med i samband med økologisk fruktdyrking ved desse institusjonane er tiltak mot skurv og mjøldogg, tiltak mot viktige skadedyr som epleviklar, raud eplebladlus og ull-lus, tiltak mot ugras i trerekkja, avlingsregulering og sortar. Mot epleskurv hadde ein i Nord-Italia høve til å nytte både kopar og svovelkalk som direkte tiltak i økologisk produksjon. Dei viktigaste tiltaka mot mjøldokk var svovel og svovelkalk. Dei fleste dyrkararane nytta paringsforstyrring ved hjelp av feromoner mot epleviklar. I tillegg nytta dei granulosevius. Neem vart nytta mot raud eplebladlus. Hovudsortane i økologisk epledyrking var mykje godt dei same som i konvensjonell dyrking, men fleire skurvsterke sortar var prøvd introdusert. Dei fleste dyrkararane tynna eple for hand eller ved hjelp av svovelkalk. Ugraset vart i hovudsak fjerna mekanisk.
Sammendrag
Ved kvantifisering av sporeproduksjon av bitterrote (Colletotrichum gloeosporioides) frå ulike plantedelar på surkirsebær (Prunus avium), synte det seg at overvintra mumiefrukter produserte 7-8 gonger fleire sporar enn overvintra visne blomar og fruktstilkar. Sporeproduksjonen avtok raskare på frukter og fruktstilkar som låg på bakken samanlikna med dei som hang i trea, men også på materialet på bakken vart det funne litt sporar heilt fram til hausting.
Sammendrag
Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt og juletreproduksjonen" har det vorte klart at mange ulike soppsjukdomar kan gjera stor skade under oppal og produksjon av juletre.
Sammendrag
Krussypress (Chamaecyparis pisifera "Squarrosa") er ein vanleg art i klyppegrøntfelt. Denne busken har svært tett vekst og er difor utsett for soppangrep. Soppen Phomopsis juniperovora har vorte isolert frå sjuke buskar. I smitteforsøk har ein fått fram same symptoma som ein ser ute i felt.
Sammendrag
Dersom ein skal produsera eit juletre av god kvalitet, må juletrefelta gjødslast og haldast ugrasreine i 8-10 år. Trea må toppskotregulerast og formskjerast. God plantekultur er likevel ingen garanti for å få fram trea. Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (klyppegrøntprosjektet) har vi funne årsaka til ein del av dei sjukdomsproblema juletrenæringa slit med. Hovudårsaka til utgang av tre er ulike soppsjukdomar. I denne artikkelen er det berre plass til ein kort omtale og bilete av nokre av dei viktigaste skadane. Meir utfyllande informasjon om dei ulike sjukdomane vil koma i form av faktaark. Faktaarka skal koma som vedlegg i Norsk Pyntegrønt og dessutan vera tilgjengelege på internett.
Sammendrag
Denne artikkilen omtalar soppsjukdomar som angrip bark og bladverk/nåler på planter i planteskular. Det vert berre gått inn på soppar som er registrerte gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (2000-2003).
Sammendrag
Jordbærsvartflekk er en karanteneskadegjører som i 2003 ble påvist i sertifiserte jordbærplanter flere steder i landet. Den er bare et par tilfeller påvist hos bærprodusenter. For å få en mest mulig effektiv bekjempelse av en sykdom som kan gjøre stor skade blir det i samarbeid med Statens landbrukstilsyn tilrådd en rekke strenge tiltak hos produsenter hvor jordbærsvartflekk er blitt påvist.