Ti fakta om norsk matindustri
Noreg eksporterer og importerer meir mat enn nokon gong. Råvarer frå sjømat går ut av landet. Mat kjem inn. Sjømatindustrien er største enkeltbransje.
Slik er hovudtrekka i NIBIO-rapporten Mat, matindustri og verdikjeder 2020, som kom ut for ellevte gong i 2021.
Matindustrien = næringsmiddelindustri + drikkevareindustri.
Rekna etter sysselsetting og verdiskaping, er matindustrien dobbelt så stor som metallindustrien som er den nest største.
Matvareindustrien
1 stod for 19 prosent av verdiskapinga og 26 prosent av samla driftsresultat i norsk industri i 2018.
2 hadde samla verdiskaping på ca. 45 milliardar kroner i 2018. Sjømatindustrien stod for meir enn 25 prosent av verdiskapinga.
3 sysselsette ca. 52 000 personar i 2018. Sysselsettinga har vore aukande i tiåret 2008 til 2018. Sjømatindustrien har hatt størst vekst.
4 tilbyr arbeidsplassar i alle fylke. Viken er landets største matindustrifylke rekna etter verdiskaping.
5 sine investeringar er meir enn dobla sidan 2007. Sjømatindustrien er største sektor, med 30 prosent av samla investeringar.
6 fekk auka driftsresultat frå 10 til 17 milliardar på åtte år. Sjømatindustrien står aleine for 30 prosent av samla resultat.
Noregs handelsoverskot for matvarer er på 44 milliardar kroner
7 Eksporten på 117 milliardar kroner er primært råvarer frå hav og kyst, mens importen på 73 milliardar er dominert av ferdigvarer frå jordbruk.
Matvarer er blitt relativt rimelegare
8 Generelt blir matvarer stadig rimelegare samanlikna med anna konsum.
Matvareimporten har verka inflasjonsdrivande
9 Etter 2010 har importprisane stige meir enn norsk konsumprisindeks for matvarer.
Store og varierte strukturendringar har skjedd i matvaresektoren dei siste 20-30 åra,
10 spesielt innan meieri, kjøtmarknaden og frukt- og grøntsektoren.
KONTAKTPERSON
Føremål
Å gi oversikt, og vise verdiskapinga som skjer langs heile verdikjeda for mat - frå fjord og jord til bord.
Finansiering: Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), Sjømat Norge, Norges Forskningsråd.