Styving på Vestlandet: frå nødvendigheit til kulturarv
Styvde tre er ikkje eit uvanleg syn – heller ikkje på Vestlandet der gardbrukarar i hundreår har skore tre på denne måten, tradisjonelt for å skaffe ekstra fôr. I ein ny studie har forskarane undersøkt kva som motiverer bønder til å halde oppe praksisen i moderne tid.
Styving, ein urgammal måte å skjere tre på for å stimulere til ny bladvekst, blir framleis gjort mange stader - særleg på Vestlandet. Det er fleire grunnar til det, mellom anna har det blitt innført tilskot for styving av tre som eit ledd i å verne kulturlandskapet og ta vare på biologisk mangfald.
I ein fersk studie har forskarane sett nærare på den moderne styvingspraksisen i Vestland fylke. Studien kombinerte intervju og spørjeundersøkingar retta mot bønder som styvar i regionen.
– Tradisjonelt gav styving ekstra fôr frå tresjiktet, og gjorde det mogeleg å utnytte ressursar frå områder som ikkje eignar seg for beite og hausting av gras. Blada vart fôr og greinene vart brukte til verktøy, staur og ved. I dag er den økonomiske avkastninga av fôrproduksjon frå styving likevel for låg til at det er lønnsamt for bonden, fortel NIBIO-forskar og samfunnsøkonom Anna Birgitte Milford.
Det forskarane ville finne ut er kva som motiverer bønder til å halde fram med styving. Styvar dei fordi dei får tilskot for å gjere det, eller er det andre forhold dei ser på som viktigare?
Forskarane har også vore opptatte av å undersøkje kva økosystemtenester styving bidrar med, mellom anna bioressursar, kulturell verdi og bevaring av biomangfald. Utfordringar knytt til styving vart òg adresserte.
Ein del av kulturarven vår
Gjennom intervjua og spørjeundersøkinga, fann forskarane ut at motivasjonen for å halde ved like styvde tre for nokon ligg i at trea kan forhindre erosjon og gi dyra ly. For dei fleste bøndene derimot, var verdiar knytte til kulturarv og estetikk trekt fram som viktigare.
– Fleire av bøndene vi intervjua fortalde at dei set pris på eit landskap med styvde tre fordi det representerer kulturarven vår. For desse var det hovudårsaka til at dei held oppe styving som praksis, fortel NIBIO-forskar Jørund Johansen som gjennomførte dei aller fleste intervjua.
Forskarane fann ut at motivasjonen til bøndene for å styve strekk seg forbi tilskota dei får.
– Gardbrukarane såg få ulemper med styving. Sjølv om tilskotet dei får for å styve er absolutt velkomme, uttrykte dei aller fleste ein vilje til å halde fram med styving uavhengig av økonomisk støtte, legg Johansen til.
Styving bidrar til auka biomangfald
Gamle tre er svært viktige for biologisk mangfald. Eit styvd tre har auka sannsyn for å bli gammalt, grunna den estetiske verdien og fysiologien til treet.
– Styva tre har ei relativt lita krone på ei låg og tjukk stamme, noko som gjer treet meir robust mot vêr og vind. I tillegg blir styvde tre ofte uthola i midten i yngre alder enn tre som ikkje er skjøtta. Uthola lauvtre er eit spesielt verdifullt habitat for ei rekkje artar, fortel NIBIO-forskar og økolog Fride Høistad Schei.
– Styvde tre i jordbrukslandskapet er viktige levestader for lav, mosar, sopp og insekt, og fremjar dermed biomangfaldet i området. Nettopp biomangfald vart framheva av fleire bønder som ein viktig faktor for å føre vidare praksisen, legg ho til.
Studien avslørte også at fleire bønder som styvar gjerne lar greiner og kvistar bli liggjande i haugar på utsida av åkeren. Kvisthaugane gir struktur til landskapet og gir dyr mogelegheiter for å etablera bo- eller hi-områder.
– Det som er interessant å merke seg her, er at gardbrukarane gjer dette trass i råd om det motsette frå fylkesmannen som utskriv tilskot til styving, som oppmodar til å halda det styvde området “ryddig og fint”, seier Schei.
– Det kan verke som om måla om å verne biomangfald sat opp mot det estetiske aspektet ikkje heilt går opp her, noko som ikkje er uvanleg for forvaltninga av kulturlandskap.
Ho fortel at dette er eit tema forskarane har diskutert med representantar frå statsforvaltaren i Vestland, med ei oppmoding om at det blir gjort endringar i framtidige råd.
Tilskotsordninga bør haldast oppe
Anna Birgitte Milford seier at studien har vore nyttig av fleire grunnar, mellom anna for å kunne seie noko om framtida for styving som tiltak. Det har også gitt forskarane mogelegheit til å peike på måtar som aukar effekten av tiltaket.
– Resultata indikerer at å dele kunnskap om styving som ein del av kulturarven vår, og opplyse både gardbrukarar og andre om fordelane styving kan ha for biomangfaldet, kan vere ein god strategi for å halde oppe styving som praksis, seier ho.
– Dei eksisterande økonomiske støtteordningane har nok også ei betydning her. Det kan hende at nokon hadde styva uansett, men utan tilskotet hadde det kanskje skjedd meir sporadisk og utan særleg stor etablering av nye styvde tre.
Forskarane trur dermed at det er nødvendig å halde oppe tilskotsordninga for gardbrukarar som styvar.
– Og så kan ein jo vurdere å forandre litt på tilrådingane knytt til rydding av kvisthaugar frå landskapet. Det er absolutt betre for biomangfaldet å la desse liggje i staden for å brenne dei, legg Schei til.
KONTAKTPERSON
Internasjonal dag for biologisk mangfald
Den internasjonale dagen for biologisk mangfald er ein FN-dag som blir markert kvart år den 22. mai.
Formålet er å auka kjennskapen til og forståinga for saker knytt til biologisk mangfald.
Talet på artar som lever på kloden blir reduserte i eit høgt tempo – sjølv om det er brei semje om at det er viktig å vareta naturmangfaldet.
FN anslår at tre firedelar av landa i verda har vorte endra av menneskelege aktivitetar. Resultatet er at éin million artar står overfor utrydding i dette hundreåret, og pilene peikar framleis nedover.
ROTATE
Bruk av tradisjonell kunnskap for å stoppe tap av biodiversitet i skog (Application of traditional knowledge to halt biodiversity loss in woodlands) er eit større tverrfagleg samarbeidsprosjekt mellom tsjekkiske og norske forskarar.
Målet med prosjektet ROTATE er å støtte det biologiske mangfaldet av organismar knytt til tradisjonelle former for skogbruk som har opphørt eller er i rask tilbakegang. Gjennom tverrfagleg samarbeid innan forsking og praktisk gjennomføring søkjer prosjektet å gjenopplive tradisjonelt skogbruk for å verne og styrkje dette biologiske mangfaldet.
Prosjektpartnarar er NIBIO, the Czech University of Life Sciences Praque, Biology Centre (CAS) og IBOT. Norsk prosjektansvarleg er Fride Høistad Schei, forskar ved NIBIO.
ANIMASJONSFILMAR OM TRADISJONELL DRIFT AV LAUVTRE OG SKOG
Som ein del av formidlinga frå prosjektet ROTATE, har det blitt produsert tre animasjonsvideoar. Den første omhandlar styving, medan dei to andre omhandlar raking av lauv og stubbelauving. Sjå videoane her eller på NIBIOs YouTube-kanal:
NIBIO på YouTube.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Pollarding in agroforestry systems was traditionally an important practice for fodder acquisition in Western Norway, as well as in many other parts of the world. The practice has long been in decline, but to maintain cultural landscapes and biodiversity enhancement from pollarding, farmers now receive a public grant for each tree they pollard. In this interdisciplinary study we investigate which ecosystem services modern pollarding practices provide, under the influence of the current pollarding policy. We have performed both in-depth interviews and a quantitative survey targeting all pollarding farmers in the county of Vestland in Western Norway. We find that bioresources obtained from the branches from pollarding are to some extent still taken into use, mainly in the form of tree fodder for farm animals and firewood, but a lot of the branches remain unused. Biodiversity benefits are obtained from preserving old trees that often are located on agricultural land as solitary trees, as these trees provide important habitats, particularly for species growing on the bark, such as lichens and mosses, or within the decaying wood, such as, for example, fungi and insects. The modern practice of letting branches rot in the field provide habitats for insects and hence additional benefits to biodiversity. For the farmers, the main motivations to pollard are the cultural, aesthetic and historical values of pollarded trees. They see few disadvantages with pollarding, and most of them plan to continue in the future. The grant provides an incentive for pollarding, but our results indicate that the practice would continue without it, although less than now, especially with the establishment of new pollards.