Hopp til hovedinnholdet

Liten forsøksstasjon med stor betydning for Vestlandsbonden

1_heul_20240129-DSC01097_cropped

Ute ved kysten, litt nord for utløpet av Sognefjorden, ligg NIBIO Fureneset. Her jobbar eit lite, men viktig forskingsmiljø med problemstillingar som har stor betydning for Vestlandsbonden. Foto: Hege Ulfeng

Vestlandet er eit av dei våtaste områda i Europa, og klimaforskarane spår at årsnedbøren vil halde fram med å auke i åra som kjem. NIBIO Fureneset i Fjaler kommune ligg perfekt til for å forske på klimatilpassing og utfordringane som alt vatnet fører med seg.

Ute ved kysten, litt nord for utløpet av Sognefjorden, ligg NIBIO Fureneset. Her jobbar eit lite, men viktig forskingsmiljø med problemstillingar som har stor betydning for Vestlandsbonden. Forsøksstasjonen blei oppretta i 1938. Hovudoppgåvene var knytte til jord- og plantekultur i grasdyrkingsområda på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og mykje vind.

Synnøve Rivedal er forskar og stasjonsleiar ved NIBIO Fureneset. Ho fortel at nedbørsmengda har auka betydeleg sidan forsøksstasjonen blei oppretta, spesielt etter 1990.

– Gjennomsnittleg årsnedbør her ved forsøksstasjonen har allereie auka frå 2000 millimeter per år i perioden 1961-1990 til 2300 millimeter per år i perioden 1991-2020. Køyrer du litt sørover eller innover i landet, kan det kome både tre- og fire tusen millimeter nedbør i året! Det vil seia tre til fire meter vatn på kvar einaste kvadratmeter. Til samanlikning har Oslo ein årsnedbør på ca. 750 millimeter eller 0,75 meter, fortel Rivedal som sjølv er bonde og kjenner utfordringane i praksis.

– Nesten alt vi jobbar med på Fureneset har noko med klimatilpassing å gjere. Vi trur at forskinga vi utfører her vil få meir og meir betydning i andre landsdelar sidan nedbørsmengdene aukar der også, held ho fram.

Synnøve Rivedal er forskar og stasjonsleiar ved NIBIO Fureneset. Rivedal er sjølv bonde og kjenner utfordringane i praksis. Her avbilda i nærleiken av garden hennar. Foto: Hege Ulfeng
Synnøve Rivedal er forskar og stasjonsleiar ved NIBIO Fureneset. Rivedal er sjølv bonde og kjenner utfordringane i praksis. Her avbilda i nærleiken av garden hennar. Foto: Hege Ulfeng

Klimaendringar forstyrrar vintersøvnen til graset

98 % av jordbruksarealet i Vestland fylke blir brukt til eng og beite. Det er lett å tenkje at gras veks uansett, og det er sant at mange grasartar kan vekse der det ikkje er så lett å dyrke noko anna. Likevel slit også graset med å tilpasse seg eit varmare og våtare klima. Liv Østrem har jobba med sortsutvikling, grasforsking og sortsutprøving ved Fureneset i over førti år. No er ho pensjonist. Østrem fortel at klimaendringane forstyrrar vintersøvnen til graset.

– Høgare temperaturar haust og vinter og meir nedbør om hausten skaper utfordringar for dei kjende grasartane våre, fortel den tidlegare forskaren.

– Det er kombinasjonen av kulde og lite lys som styrer når graset avsluttar veksten om hausten og blir herda for overvintring. Når det blir mildare, veks graset lengre utover hausten og dermed får det dårlegare lysforhold under vinterherdinga. Det svekkjer plantane.

– Mykje nedbør om hausten gjer også at grasplantane blir dårlegare førebudde på vinteren enn før. Vått haust- og vintervêr kan skada graset like mykje som kraftig kulde og frost. Det kan føre til at plantane rett og slett døyr ut, eller at dei blir meir mottakelege for sjukdommar, held ho fram.

Vinterskade i vestlandseng. Vått haust- og vintervêr kan skada graset like mykje som kraftig kulde og frost. Foto: NIBIO Fureneset
Vinterskade i vestlandseng. Vått haust- og vintervêr kan skada graset like mykje som kraftig kulde og frost. Foto: NIBIO Fureneset

Grassortar for Vestlandsklima

Fram til år 2000 hadde NIBIO Fureneset ansvar for sortsutvikling av engvekstar tilpassa klimaet på Vestlandet. Då blei sortsutviklingsarbeidet overført til Graminor, men Fureneset er framleis Noregs vestlege utprøvingsstasjon for nye grassortar frå både inn- og utland.

– Betydninga av dette må flaggast høgt. Det er veldig viktig, understrekar Østrem.

– Sortane må testast under mange ulike klimatiske forhold. Då først ser ein kva sortar som er gode nok for forholda vi har her i Vestland fylke. Vekstforholda forandrar seg så raskt no at desse testane er viktigare enn nokon gong før.

– I dei førti åra eg har jobba med dette har utviklinga gått frå to slåttar med timotei som hovudsort til tre slåttar med meir samansette frøblandinger. Vi må ha sortar som fyller vekstrommet i ein lengre vekstsesong samtidig som dei toler påkjenningane, avsluttar Østrem.

Liv Østrem syner fram prøvefelt for grasarter. Betydninga av sortsutprøving i gras må flaggast høgt, understrekar Østrem. Foto: NIBIO
Liv Østrem syner fram prøvefelt for grasarter. Betydninga av sortsutprøving i gras må flaggast høgt, understrekar Østrem. Foto: Synnøve Rivedal

 

Liv Østrem

Liv Østrem vaks opp på gard i Etne i Sunnhordaland, mellom Haugesund og Odda. Etter avslutta biologistudium ved Norsk Landbrukshøgskule (NMBU) fekk ho ei stipendiatstilling i genetikk og sortsutvikling i gras ved Fureneset. I 1982 flytte ho og familien til Fjaler, og Fureneset blei arbeidsplassen hennar fram til ho gjekk av med pensjon i fjor.

Liv Østrem fortel at sjølv om forskarmiljøet på Fureneset alltid har vore lite, har ho hatt eit stort forskarnettverk både i inn- og utland, mellom anna på Island. Østrems erfaring er at plasseringa av forsøksstasjonen ute i distriktet gir store fordelar når det gjeld å få kontakt med næring, rådgivingsteneste og forvalting i regionen.

– Ein må treffe folk såpass ofte at ein blir kjent med dei. Vi skal snakke med folk for å få tilbakemelding på det me gjer, ikkje berre til dei, smiler Østrem.

Liv Østrem kryssing1_cropped.jpg
Liv Østrem jobber med kryssing av grassartar i drivhuset på Fureneset. Fram til år 2000 hadde NIBIO Fureneset ansvar for sortsutvikling av engvekstar tilpassa klimaet på Vestlandet. Foto: NIBIO
Klimaendringane fører med seg nye ugrasutfordringar. Ved NIBIO Fureneset har dei jobba med den aukande utfordringa med Lyssiv og Knoppsiv i eng og beite. Foto: NIBIO
Klimaendringane fører med seg nye ugrasutfordringar. Ved NIBIO Fureneset har dei jobba med den aukande utfordringa med lyssiv og knoppsiv i eng og beite. Foto: NIBIO
(Liv Østrem har mellom anna hatt mykje samarbeid med forskingsmiljø på Island. Her saman med Marit Jørgensen (t.v.) på Islandstur. Foto: NIBIO
Liv Østrem har mellom anna hatt samarbeid med forskingsmiljø på Island. Her saman med Marit Jørgensen (t.v.) på Islandstur. Foto: Synnøve Rivedal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.