Hopp til hovedinnholdet

Samlar kunnskap om gamle tre

20210913_175435

PhD-student Eivind Handegard har vore på leiting i norske skogar for å finne ut så mykje som mogleg om gamle tre og artane som lever der. Foto: Eivind Handegard

 

PhD-student Eivind Handegard har vore på leiting i norske skogar for å finne ut så mykje som mogleg om gamle tre og artane som lever der. Slik kunnskap er viktig for å ta gode slutningar i skogsektoren i framtida.

Vi veit at gamle tre i skogen er ein viktig levestad for mange fuglar, insekt, lav og mose, og difor vesentleg for skogen sitt biologiske mangfald. Men det har vore relativt lite forsking på korleis samansetjinga av artar endrar seg når trea blir eldre. Kor mange fleire sjeldne artar finst i økosystema knyt til gamle tre? Og er det slik at vi faktisk veit kor dei eldste trea i Noreg veks? Dei treng nemleg ikkje vere dei høgste eller største. Nokre tre kan ha vakse sakte gjennom heile livslaupet eller vore undertrykt i skogen som små.

Slik informasjon er viktig, fordi den fortel oss kor mykje vi skal vektleggje skogens alder når vi bestemmer kva som kan hoggast og kva som skal vernast.

Dette er spørsmål som opptek Eivind Handegard. Han er PhD-student ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og NIBIO. Handegard har gamle tre som spesialfelt. I doktorgradsarbeidet sitt tek han for seg nokre av kunnskapshola knyt til gamal skog.

Handegard har mellom anna vore på «turne» i Søraust-Noreg for å finne kjenneteikn på eldre tre og metodar for å stadfeste alder. Han forskar og på korleis samansetjinga av artar endrar seg når trea blir eldre.

20220729_182521_cropped.jpg
PhD-student Eivind Handegard ser spesielt på forskjellige artar av mosar og lav på tre, dødved-soppar, bakkelevande planter i skogbotnen, og mosar og lav på stein i gamal skog. Foto: Eivind Handegard

Nytt i Noreg

– Kor lang tid tek det før ulike artar dukkar opp? Kor stor er forskjellen på yngre og eldre tre? Dette er nokre av spørsmåla eg prøver å finne svar på. Eg ser spesielt på forskjellige artar av mosar og lav på tre, dødved-soppar, bakkelevande planter i skogbotnen, og mosar og lav på stein, seier PhD-studenten, og legg til at dette forskingsområdet er litt nytt i norsk samanheng.

Handegard forklarar at ein på generell basis kan seie at det i gamal skog vil vere meir variasjon i biodiversitet fordi det som oftast er fleire gamle tre, tre av ulik størrelse, opningar og ikkje minst død ved. Død ved er eit svært viktig habitat for artar i skogen, frå insekt og sopp, til ulike typar lav. Ståande død ved blir til dømes heim for hullrugarar som hakkespettar og ugler.

Når ein skal forske på dette kan det vere ei utfordring å vite kor dei gamle trea er. Så og seie all skog i Noreg har blitt hogd ned på eit tidspunkt. Det gjer jobben meir komplisert, innrømmer Handegard.

– Før i tida hogde dei ikkje flater, men enkelttre. Då tok dei dei store trea først og det blei etter kvart hogd så hardt mange stadar at det ikkje sto mykje skog igjen. Når det seinare vaks til igjen, hogde dei der. Skogen som sto igjen var skral – det var berre att eit glise grønt dekke, fortel han.

Skogen blei likevel utnytta litt forskjellig, noko vart hogd hardare og noko mindre.

– Det betyr at skogen som blir regna som gamalskog er påverka i ulik grad. Når den gamle skogen som tidlegare har vore utnytta blir eldre, får den meir naturskogkvalitet, med mykje død ved, større variasjon i størrelse på tre og større variasjon i artssamansetninga på staden, seier Handegard. Han legg til at jordkvaliteten også spelar inn.

– Jorda som trea veks i er ulik frå stad til stad. Jorda kan påverke trea til å vekse raskare eller treigare, så størrelse er ikkje det same som alder. I tillegg kan hogst ha påverka utviklinga, så dette er samansett. Det fører til effektar som ikkje er openberre.

Når trea blir eldre veks dei litt treigare, og at dette er positivt for nokre artar som skal etablere seg fordi dei treng eit stabilt habitat. Det kan verke som at det er fleire lav som heng med på lasset då. Foto: Eivind Handegard
Når trea blir eldre veks dei litt treigare, og at dette er positivt for nokre artar som skal etablere seg fordi dei treng eit stabilt habitat. Det kan verke som at det er fleire lav som heng med på lasset då. Foto: Eivind Handegard

Fann 3-400 år gamle furutre og spesielle lav

Handegard har som ein del av doktorgradsarbeidet vore ute i felt for å finne alder på gamle tre. Han fann fleire område som var mindre påverka enn andre.

– Det er vanskeleg å seie sikkert om det kan ha blitt hogd for lenge sidan, for mose veks over og skjuler spor. Men eg fann til dømes 300-400 år gamle furutre i Nore og Uvdal. Eg har også funne svært gamle tre i Aurskog-Høland. Det hadde eg ikkje forventa, for dette er historisk viktige skogbruksområde. Eg fann mellom anna eit lite område der eit av grantrea var 300 år, fortel PhD-studenten.

Her fann han også mange forskjellige interessant artar som levde på trea. Han har hatt spesielt fokus på lav.

– Eg er ikkje ferdig med dette arbeidet, men dei fyste resultata frå furutre og grantre viser tydeleg fleire ulike typar lav på eldre tre enn på dei yngre.

Handegard forklarar at når trea blir eldre veks dei litt treigare, og at dette er positivt for nokre artar som skal etablere seg fordi dei treng eit stabilt habitat.

– Det kan verke som at det er fleire lav som heng med på lasset då. Med raskt veksande tre kan det vere vanskeleg for lav å feste seg. Ein annan ting er at barken på dei gamle trea er annleis og har andre eigenskapar. Den er grovare og held meir på fuktigheit. Gamle tre får også litt rare krokete greiner, og døde greiner. Ei død grein kan bli mikrohabitat for ulike artar, og trea som blir hole tiltrekk seg insekt og fuglar, kommentarar han.

Handegard såg til ein viss grad dei sama artane på yngre og eldre tre, men eit gamalt tre har fleire artar, påpeikar han

– Vi ser også fleire spesielle artar med spesifikke habitatskrav på gamle tre. Eit døme er trollsotbeger. Dette er eit lav som veks på daude kvistar langt nede på stammen på gamle grantre.

På spørsmål om vi treng dei ulike artane, svarar Handegard at ein i samfunnet tenkjer at alle artar har ein eigenverdi, og skal få eksistere.

– Dei er alle ein del av økosystemet. Hengelav er til dømes viktig for ulike typar edderkoppar, insekt og for fuglane som et dei. Dei har også ein rolle i næringssyklusen når dei fell ned på bakken og går tilbake inn i jorda. Nokre lav har jordforbetrande eigenskapar som igjen er viktig for det som veks i skogen. Slike ting tenkjer ikkje alle over, trur han.

Liggande dødved av gran i ein gammal granskog. Foto: Eivind Handgard
Liggande dødved av gran i ein gammal granskog. Foto: Eivind Handgard

Matnyttig forsking

Handegard fortel at han forventar å ha resultata frå forskinga klar sommaren 2024.

– Eg håper at dette vil vere matnyttig forsking. Det gjer oss kunnskap som konkret kan nyttast når vi skal vurdere kor viktig alderen på skogen er i ulike høve.

Handegard seier at det stadig blir meir internasjonalt fokus om vern av landområde. I dag er skognæringa innstilt med frivillig vern, og skogeigarar får kompensasjon frå staten om dei vernar skogen sin.

– Men det er klart at skognæringa ikkje vil ha veldig mykje vern, for det avgrensar jo omfanget av skogbrukaktiviteten. Mens naturvernarane vil ha meir vern. Det er poeng på begge sider, og omsyn ein må ta. Det er viktig med slik kunnskap for å kunne handtere disse avveginga i framtida, trur Handegard.

15.jpg

 

Naturskog

«Skogsmark med skogbestand framkome ved naturleg forynging av stadeige genmateriale, der menneskeleg påverknad har funne stad i så liten grad, for så lang tid tilbake, eller er utført på ein slik måte, at skogens naturlege struktur, samansetjing, og økologiske prosessar dominerer».

Lite påverka skog blir ofte rekna som bevaringsverdig, fordi det er viktige rekreasjonsområde, referanseområde for forståing av økologiske prosessar, og for å sikre at vi tar vare på artsmangfaldet.

Naturskog blir ofte brukt som motsats til "kulturskog", der dei økologiske prosessane i ulik grad er endra av skogbruk.

Fortolkinga av omgrepet "naturskog" varierer likevel sterkt både mellom ulike interessegrupper og ulike land.

Definisjonen ovanfor er generell i forma, og kan difor operasjonaliserast på ulikt vis. Med Landsskogtakseringa si relativt strenge definisjon kom dei til at det i 2018 var i underkant av 2 % naturskog i Noreg. Storaunet og Rolstad (2020) definerte naturskog som skog som var etablert før 1940 (fordi det var etter krigen at bestandsskogbruket i praksis blei etablert i Noreg) og som det ikkje har blitt hogge i etter det. Dei kom til at det på landsbasis var 30 % naturskog, men med lågare del i gran- og lauvskog jamført med furuskog, og lågare del på areal med gode jamført med dårlegare vekstforhold.

20220810_114654.jpg
Død ved er eit svært viktig habitat for artar i skogen, frå insekt og sopp, til ulike typar lav. Ståande død ved blir til dømes heim for hullrugarar som hakkespettar og ugler. Foto: Eivind Handegard

 

Gamal skog

Gamal skog er ikkje eit eintydig omgrep, men brukas gjerne for skog som er over 120-140 år. Eit omgrep som også nyttast er «biologisk gamal skog». Da tek ein omsyn til vekstforholda og kva slags treslag det er snakk om,  tilhøve som seier noko om kor gamal skogen gjerne kan bli frå naturens side. I Landsskogtakseringa i 2017 blei om lag 13 % av skogen karakterisert som ‘biologisk gamal skog’.

10 % av skogen skal vernast

I 2016 vedtok Stortinget at 10 % av skogen skal vernast. I naturvernsamanheng har interessa for naturskogen fått stor merksemd dei siste åra. Spørsmåla som har blitt stilt er kor mykje naturskog har vi eigentleg i Noreg - og er den i ferd med å forsvinne?

Målt i kubikkmasse tilvekst og tre, veks det opp meir skog enn det som blir hogd i Noreg. Nye prognosar for auka avverking, tettare plantingar, planting av furu, auka bruk av foredla plantemateriale og redusert omlaupstid, kan likevel leggje press på areala med naturskog. Spørsmålet er difor om kulturskogen som veks opp tilfredsstiller krava til livsmiljø som ein meiner mange artar på raudlista er avhengige av.

Bildetaking med eit hemisfærisk kamera, eit kamera med spesiell linse som brukas til å ta bilde av kronetaket. Basert på dette kan ein rekne ut andelen open himmel versus bladarealet og kan derfor brukast til å si noko om lysforholda. Dette biletet er tatt i ein kulturskog. Foto: Eivind Handegard
Bildetaking med eit hemisfærisk kamera, eit kamera med spesiell linse som brukas til å fotografera kronetaket. Basert på dette kan ein rekne ut andelen open himmel versus bladarealet og kan derfor brukast til å si noko om lysforholda. Dette biletet er tatt i ein kulturskog. Foto: Eivind Handegard

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.