Nina har tald kuer i 30 år
Gjennom ein sommarjobb for 30 år sidan, gjorde Nina Sæther eit pionérarbeid for å systematisere bevaringa av dei gamle norske storferasane. Saman med ei studievenninne la ho grunnlaget for dagens Kuregister – der slektskapsdata for rasane er samla.
I tre veker reiste dei 300 kilometer per dag og besøkte i snitt tre bønder dagleg. Felles for bøndene var at dei hadde kyr av gamal norsk rase som var kritisk trua. No skulle dei teljast.
La oss møte henne som har gjort det til eit livsverk å halde oversikt over dei trua husdyrrasane i Noreg.
‘Sånn er livet’
Nina Sæther er ikkje sikker på kor hennar livslange og gjennomgripande interesse for kyr kjem frå. Ho peikar på ulike grunnar i retning av ei forklaring. Radioprogrammet Sånn er livet er ein av dei:
- Det var i eit fjøs på Hadeland midt på 1980talet. Eg var 21 år og hadde ansvar for 40 kyr av rasen Norsk rødt fe (NRF). Radioen var alltid på. Så kom Sånn er livet med fleire utgåver om ein svenske som heitte Carl Gustav Hedling og som samla på kyr av gamle norske rasar. Tenk det! Ein svenske som var opptatt av telemarkfe, vestlandsk fjordfe og alle dei andre.
Ho hugsar at programleiar Olga Meyer etterlyste fleire dyr og ønskte kontakt med eigarar av slike. Det la den unge fjøshjelparen seg på minne. 35 år seinare sit inntrykket av programmet framleis spikra som noko avgjerande for retninga Nina sitt engasjement skulle ta.
Undervegs
Før Nina kom til Hadeland, var ho eit år på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Ho var på veg mot veterinærstudiet på den tida, og trengte nokre ekstra poeng etter vidaregåande skule. Da ho i 1986 kom inn både på veterinærstudiet og landbrukshøgskulen på Ås, valde ho Ås.
- Den gongen likte eg å seie at eg takka nei til veterinærhøgskulen, og valde Ås, sjølv om eg meinte Ås var for dei som ikkje kom inn på veterinærstudiet. Ho ler godt av dette i dag.
Langs vegen frå heimstaden på Nøtterøy til Ås hadde ho i eit pauseår etter 9. klasse praksis på Jarslberg hovedgård. Der budde ho på hybel, sto opp klokka fem, stelte dyr og mjølka kyr.
- Eg blomstra det året, reflekterer ho. Det var både inngang til vaksenlivet med å ta ansvar for meg sjølv, og det var formande for den fagpersonen eg er blitt.
I løpet av vidaregåande var ho avløysar på eit tungdrive og gamaldags småbruk med 12 NRF-kyr og ei purke. I ferien var ho sommarbudeie på ein støl i Seimsdalen i Sogn. Her var det handmjølking, ostekoking og lange dagar, med 40 mjølkegeiter og fire kyr.
Født sånn og blitt sånn
Nina Sæther er oppvaksen på eit småbruk med stor grønsakhage og dyr av mange slag. Bier, katt, hund, (lundehund, må vite, ein gamal norsk rase), jærhøner (også dei av norsk opphav), hest, kanin og gris.
- Eg kunne nok like gjerne blitt opptatt av planter, slik mor mi var. Av grønsaker for eksempel. Men for meg har ei gulrot alltid vore ei gulrot, og purre er purre. Så det har liksom ikkje fanga interessa mi, seier Nina.
- Kyr derimot . . . dei er så vakre. Og spesielt dei gamle rasane, mangfaldet mellom rasane, og mangfaldet dyra imellom. Fargespelet, om dei har horn eller ikkje, lynne og eigenskapar.
Om ikkje ho tok med seg planteinteressa til mora, så tok ho med seg ‘det alternative’ frå både mor og far. For dei var ikkje bønder nokon av dei, men ei flyvertinne som traff sin flykaptein-mann, og som kjøpte småbruk for å dyrke jorda og eit brennande økologisk engasjement.
- Så eg tenker eg er født sånn, med engasjementet, og at eg er blitt sånn fordi eg vaks opp i ein heim der økologisk jord og hagebruk stod høgt i kurs. Eg er blitt van med å ikkje følgje hovudvegen.
I dag bur ho sjølv på eit småbruk med mannen Lars og aulande liv overalt – bier, geiter, grisar, høner, gjess, hest, kattar og ein til to hundar. Stor grønsakhage har dei og.
Sommarjobben som vart permanent
Nina begynte å studere på Ås i 1986. To år seinare skulle ho ta fatt på hovudoppgåva som fekk tema og tittel: «Fem norske storferasar».
- Eg veit ikkje korleis eller kvifor det skjedde, men det viktige var at det skjedde. Min første rettleiar vart Nils Kolstad, og det var han som kopla meg på gamle husdyrrasar. Han var og den same som leia og la fram Kolstadutvalet sin rapport om Bevaring av genressurser hos norske husdyr i 1984.
Samarbeidet med Kolstad førte til kontakt med Elisabeth Koren som på den tida var i ferd med å etablere Landbruksmuseet på Ås. Museet hadde i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å leia bevaringsarbeidet for dei norske husdyrrasane.
Koren var historikar og levande opptatt av å redde dei originale norske kuene der situasjonen var prekær. Gjennom museet hadde ho eit kartotek med adresser til eigarar av storfe av gamle rasar. Kontaktane trong å bli sjekka ut og gjort opp status for.
- Oppgåva gjekk til studievenninna mi, Ellen Messel, og meg sommaren 1989. Vi oppsøkte bønder, etterspurde kyr, registrerte rase og talet på dyr, saman med slektsdata.
- Dette vart starten på den reisa som førte fram til etableringa av Kuregisteret, slektskapsdatabasen for dei gamle norske storferasane, seier Nina Sæther 30 år seinare.
Registeret ligg i dag hos NIBIO og blir følgd opp av Norsk genressurssenter som har ansvar for å overvake alle dei bevaringsverdige norske husdyrrasane.
Ein tidleg Mac Plus
Med telefonkiosk til kontor, adresser på papir og mykje data å registrere, melde behovet seg for eit eigna verktøy til føremålet. Dataalderen var framleis ung, men Steven Jobs hadde slått gjennom med sin personlege computer.
- Ein ny og veldig dyr Mac Plus vart både redninga og starten, ler Nina. Ho meiner maskina kosta 20 000 alt på den tida. Med andre ord eit stort beløp for ein student.
- Bror min hjalp til med programmeringa av det første sleksttreet for dei gamle rasane. Systemet er det same vi byggjer på i dag.
Nina fortel at målet med Kuregisteret har vore å etablere eit ‘lågterskel-system’ der bøndene på enkelt vis finn opplysningane dei treng for å drive godt avlsarbeid. Noko ho meiner dei har lukkast med, og får stadfesta av dei som brukar det at stemmer.
Redning klokka fem på tolv
Når Nina Sæther i dag ser tilbake på arbeidet ho la ned saman med bønder og andre eldsjeler for å redde dei norske storferasane, er ho stolt over kva dei fekk til:
- Det var ikkje opplagt at vi skulle lukkast med slikt bevaringsarbeid på den tida vi tok fatt, som på mange måtar var i tolvte time. NRF-kua var blitt ein suksess utover 1970-talet og hadde rulla som ein dampvegvals over norsk jordbruk og mjølkeproduksjon. Tilstanden var kritisk for dei gamle rasane.
- Dei hadde stått i så mykje desse bøndene som heldt fast ved kyr av gamle rasar. Dei hadde tolt så mykje motstand.
Nina blir stille medan tankane går tilbake til bønder som var glade for besøk, og takksame for at nokon var interesserte i dyra dei hadde sett si ære i å ta vare på.
Framgang til slutt
I næring og avlsarbeid var det på 1970- og 80-talet konsensus om primært å avle på avdrått. Om ein mista særpreg undervegs, vart ikkje det vurdert som tap – verken av identitet eller mangfald. Ho skildrar to leirar som såg ulikt på spørsmålet om kva avl innebar:
- Dei som valde å halde fast på dei gamle rasane, og avle for å halde på særtrekka ved rasen, vart på den tida sett på som bakstreverske. Dei som satsa på NRF var vinnarlaget, men eit vinnerlag som og har vist dei gamle rasane respekt på sin måte.
Ho viser til at Geno som er NRF sin avlsorganisasjon, har bidratt mykje i bevaringsarbeidet ved å sørge for tilgang til seminokser av dei gamle rasane.
- Sjølvsagt heldt eg med laget som ikkje følgde hovudvegen. Nokre vil kalle meg for kjerringa mot straumen, og det er eg stolt av.
- Eg har heile tida trudd at dei gamle rasene ville vinne fram til slutt og finne sin plass i norsk landbruk. No skjer det, kan genressursleiar Nina Sæther nøgd konstatere.
Dei bevaringsverdige gamle storferasane er i fin framgang (sjå nøkkeltal i rapport nedanfor). Folk etterspør kjøt frå desse dyra som aldri før, bønder satsar og restaurantar vil ha kjøtet inn i menyane. Mjølka er spesielt godt eigna for ysting, og gamle rasar er derfor ofte brukt til osteproduksjon og lokalmat.
Ein marknad har vakse fram for dyra som ei tid vart sett på som ikkje verdt verken å satse på eller ta vare på.
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Norsk genressurssenter
Nina Sæther leier i dag Norsk genressurssenter som ho har vore med å etablere. Senteret er ein del av NIBIO og har ansvar for å overvake og rapportere status for bevaringsverdig genmaterial for plantar, husdyr og skogtre.
Vekst for dei nasjonale kurasane
I 1990 var fem av dei seks gamle nasjonale kurasane kritisk trua. Knapt 30 år seinare er berre to av dei kritisk trua, og begge aukar jamt og trutt ved kvar måling. Dei to er vestlandsk raudkolle og dølafe som har 183 og 258 kyr kvar (2018).
Også i eit klimaperspektiv med til
dømes auka nedbør, kan dei gamle
rasane ha positive eigenskapar.
Dei er lette og nette, noko som gjer at
dei føter seg godt i terrenget, og gir
mindre trakkslitasje. Spesielt viktig
når det er vått. Dessutan fungerer
dei godt på utmarksbeite, er nøysame
og verdfulle landskapspleiarar.
Fakta
Ein bevaringsverdig husdyrrase - er ein rase som er rekna som nasjonal og med ein trua eller kritisk trua populasjonsstorleik. For storfe blir rasen rekna som trua når han har færre enn 3 000 kyr, og som kritisk trua når han har 300 kyr eller færre. Kjelde: Norsk genressurssenter
Kuregisteret – er ein slektskapsdatabase for alle dei bevaringsverdige norske storferasane; dølafe, sida trønderfe og nordlandsfe, telemarkfe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle og østlandsk rødkolle. Kjelde: Norsk genressurssenter.
Frå ordboka:
Avdrått – produkt, avkasting, vinning, særleg av husdyrhald
Kjelde: Språkrådet/UiB si ordbok
Populasjon – i fagmål: sum av alle individ eller observasjonar av eit visst slag
Kjelde: Språkrådet/UiB si ordbok
Seminokse – okse som leverer sæd til kunstig sædoverføring
Kjelde: Språkrådet/UiB si ordbok
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Rapporten gir oversikt over status for bevaringsverdige husdyr, skogtrær og kulturplanter. Sentrale begreper i genressursarbeidet for husdyr, planter og skogtrær er definert og forklart. For de bevaringsverdige husdyrrasene viser rapporten utviklingen over flere år for storfe, sau, kystgeit og hest og utviklingen av produksjonstilskuddsordningen for bevaringsverdige husdyrraser. Det er drøyt 30 arter av naturlig hjemmehørende skogtrær i Norge. Rapporten gir oversikt over hva vi har av informasjon om deres genetiske diversitet og bevaringsbehov samt bruk. Flere av disse artene finnes i ulike bevaringsområder spredd over hele landet. Bevaring av vegetativt formerte plantegenetiske ressurser skjer i feltgenbanker i såkalte klonarkiv. Rapporten viser hvor disse ligger i landet og hva som er bevart i slike klonarkiv. Rapporten viser også bruksomfanget av norsk plantemateriale, enten det er nyutviklede sorter i kommersiell bruk eller sorter som er hentet fra ulike genbanker.
Abstract
Vestlandsk fjordfe er en av de mest populære evaringsverdige storferasene1. Rasen har økt fra ca 50 kyr rundt 1990 til over 800 kyr i 2019. Det er stor etterspørsel etter informasjon om produksjon på denne rasen fra bønder, rådgivere og tilsynsmyndigheter. I en serie på tre NIBIO-POPer publiseres resultater fra et treårig studie om 1) Tilvekst, voksenvekt og slakteresultater, 2) Levendevekt og brystmål og 3) Holdvurdering gjennom året. Her er den andre.
Abstract
Vestlandsk fjordfe er en av de mest populære bevaringsverdige storferasene1. Rasen har økt fra ca 50 kyr rundt 1990 til over 800 kyr i 2019. Det er stor etterspørsel etter informasjon om produksjon på denne rasen fra bønder, rådgivere og tilsynsmyndigheter. I en serie på tre NIBIO-POPer publiseres resultater fra et treårig studie om 1) Tilvekst, voksenvekt og slakteresultater, 2) Levendevekt og brystmål og 3) Holdvurdering gjennom året. Her er den første.
Abstract
Vestlandsk fjordfe er en av de mest populære evaringsverdige storferasene1. Rasen har økt fra ca 50 kyr rundt 1990 til over 800 kyr i 2019. Det er stor etterspørsel etter informasjon om produksjon på denne rasen fra bønder, rådgivere og tilsynsmyndigheter. I en serie på tre NIBIO-POPer publiseres resultater fra et treårig studie om 1) Tilvekst, voksenvekt og slakteresultater, 2) Levendevekt og brystmål og 3) Holdvurdering gjennom året. Her er den tredje.
Authors
Nina SvartedalAbstract
Det er ikke registrert sammendrag
Authors
Nina SvartedalAbstract
Det er ikke registrert sammendrag